• Teknologisenteret sett frå toppen av det 65 meter høge tårnet til Aker Clean Carbon. Testansvarleg Vibeke Andersen frå Aker seier anlegget er det største selskapet har bygd. Dei er også klare for å levera teknologi til eit større, fullskala anlegg. FOTO: Helge Hansen, Gassnova

«Heile verda» vil sjå nytt testsenter

Interessa for verda sitt største demonstrasjonsanlegg for CO2-fangst på Mongstad er overveldande, frå Japan i aust til USA i vest. 3000 besøkande før opninga overgår sjølv det teknologisk banebrytande Ormen Lange-prosjektet.