• Nuka Arctica har eit instrument ombord for å måla CO2 ved havoverflata. Båten går i linjefart mellom Aalborg og Grønland. Målingane frå Havforskningsinstituttet er nå samordna med målingar frå heile verda i ein databank. FOTO: Royal Arctic Line

Klimaforskarar lettar på sløret

Klimaforskarar opnar nå opp for at klimaskeptikarar og andre kan sjå dei i korta. CO2-målingar frå dei siste 40 åra er samla i ein unik databank som er tilgjengeleg både for forskarar og folk flest.