Annonse
Annonse
Annonse

Kommentar:

Nå kan me elska Amerika

Kan Amerika igjen bli fyrtårnet for fridom, framgang og progressiv politikk?
Tom Hetland
sjefredaktør
Publisert 07.11.2008 10:06 - Oppdatert 07.11.2008 10:06


Eg høyrer til den første generasjonen som aldri kunne få seg til å elska Amerika.

Sidan Cleng Peerson drog over med «Restauration» i 1825, drøymde me om Amerika. Slektene våre er fulle av utvandrarar. I 1905 passerte min eigen morfar immigrasjonskontrollen på Ellis Island på veg til Iowa. Han var av dei som kom tilbake, aldri så lite rikare enn då han drog. Men andre blei verande og heldt ved like trua på Amerika som det forjetta landet.

Barack Obama som frihetsgudinnen.
Far reiste aldri, sjølv om han talde på knappane. Men han likte aldri når nokon snakka stygt om Amerika. Amerika stod for det gode. Amerika var den trygge, sterke storebroren som stod fast mot nazistar og kommunistar. Amerika skulle du vera takksam mot, og ikkje rakka ned på.

Samtidig var eg på mange måtar meir amerikanisert enn både far og morfar, sjølv om den gamle kunne slengja ut eit og anna «bullshit» når han syntest det vart for mykje tullprat. Men eg var del av ein generasjon som hadde Amerika rundt seg kvar einaste dag - i Norge. Eg voks opp med lyden av Elvis, Chubby Checker og Jim Reeves frå radioen, med Donald-blad, Wrigley's Spearmint Gum, klassiske cola-flasker og Festus på fjernsyn.

Seinare kom Bob Dylan og varsla om at ei ny tid var i emning. På Woodstock-festivalen ropte Richie Havens på fridom, mens Jimi Hendrix sleit tarmane ut av The Star-Spangled Banner. Jack Nicholson gjorde opprør mot The Big Nurse, Tommie Smith og John Carlos stod med svart knyttneve på pallen i Mexico, Carl Bernstein og Bob Woodward velta Nixon.

Å ja, det var nok av amerikanske heltar. Og det var så mange amerikanske kvardagsmenneske som det var lett å bli glad i, det oppdaga me når me først kom oss dit.

Men dei høyrde liksom alltid til «det andre Amerika». For det første, det offisielle Amerika var Vietnam, det var kuppet i Chile og det var Watergate. Seinare vart det Iran-Contras-skandalen, Irak og Guantanamo. Det Amerika som bestemte, var altfor ofte arrogant, hyklarsk, grådig og uvitande.

Ja visst, det fanst unntak. Jimmy Carter var ein stor idealist, men ein udugeleg politikar. Bill Clinton var ein likandes kar som forvalta dei gode tidene - men gjorde han eigentleg noko meir enn det?

Og så fanst det eit mørkt, forskrudd Amerika som tok livet av sine beste. Eg gløymer ikkje då lærar Heggdal kom inn til oss i garderoben på Høyland ungdomsskole ein junidag i 1968 og fortalde at nå hadde dei skote Robert Kennedy. Slik dei hadde gjort med Martin Luther King to månader før. Og med John, eventyrpresidenten.

Nei, det var vanskeleg å elska Amerika, både for oss og for mange av dei som eingong hadde gjort det. «Vi som elsket Amerika,» skreiv Jens Bjørneboe. «Vi drømte om Amerika, men ikke lenger nå,» song Odd Børretzen.

Heilt til Barack Obama stod på talarstolen i Chicago natt til onsdag.

Og eg tenkte - kva er det med dette landet, som gong på gong klarer å få fram store leiarar når det trengst som mest? Som kan virka så håplaust skakkjørt, men som likevel klarer å læra av sine feil? Som kan vera djupt splitta, men som likevel maktar å byggja bruer? Som er så fullt av frykt, brutalitet og ekstremisme, men som til sjuande og sist vel side for demokratiet, humanismen og den sunne fornuften?

Eg såg på jublande ungdommar og svarte menn med tårevåte kinn, og eg kjende sjølv at augene vart fuktige. Og eg høyrde Obama seia at styrken til Amerika ikkje ligg i militærmakt eller pengar, men i krafta i våre ideal. Etter åtte år med Bush var det ei nesten surrealistisk oppleving. Det var definitivt ikkje ei natt for kynisme og kjølig analyse.

Dagen derpå seier alle kommentatorar at Obama er nøydd til å skuffa mange av dei som har stemt på han. Han har ikkje pengar til å oppfylla alle lovnadene sine i desse finanskrise-tider.

Nei, sjølvsagt har han ikkje det. Ingen politikarar kan halda alt det dei lovar, og gi folk alt det dei ønskjer seg. Det er ikkje det som vil avgjera om Barack Obama blir ein stor president. Det er om han maktar, som Roosevelt i 1930-åra, å gi eit kriseramma USA ein ny start, og ikkje minst: om han klarer å gjenreisa amerikansk moralsk leiarskap i verda. Gudane skal vita at det trengst - i verdsøkonomien, i kampen for klimaet og mot fattigdom, krig og urett. USA er ikkje lenger allmektig. Men ennå er det slik at Amerika må vera med når dei tunge løfta skal tas.

Det har ikkje mangla på skadefryd over det bratte nedturen til USA under Bush. Men eg vil påstå at det som ofte kjem til uttrykk som anti-amerikanisme, er eit overflatefenomen. Det er mange av oss, enten me bur i Norge, i Frankrike, i Russland eller i Kenya, som inst inne alltid har ønskt at Amerika igjen skal bli det fyrtårnet for fridom, framgang og progressiv politikk som det eingong var for millionar av menneske rundt om i verda.

For me vil jo så gjerne elska Amerika. Kanskje er eg naiv, men aldri i mitt liv trur eg at me har ein betre grunn enn nå.

Del:

Mer

Annonse

Diskuter denne saken

2 antall innlegg
2
innlegg

Obama

Innsendt av gretha monlezun, 10.11.2008 17:01:34

It is nice to hear that people will now starting to like USA again. It is so nice to have a new young man with alot of energi to run our country again. I also love Norway where I was born and grew up and I just wish we could all agree that all the people in the world have to strive for the best they can.

G

Svar på innlegg · Nytt innlegg

Men når kan me elska Norge?

Innsendt av Ole Johnny Kristiansen, 07.11.2008 20:23:25

Kåss går det an å elska norge, med Åge hareide som landslagssjef??

Nei, Tom For Norge!!

tomfornorge.com

Svar på innlegg · Nytt innlegg

Skriv din kommentar

Tittel *

KommentarMaks 2000 tegn

Fornavn *
Etternavn *
E-post *


Aftenbladet ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og eventuelt fjerne innlegg. Klikk her for å lese alle reglene for debatten.

Aftenbladet.no

- Lyses feilmeldings-
telefon på grensa til svindel

Arnfinn Nilsen betalte 87 kroner for å sitte i kø hos Lyses feilmeldingstelefon. Etter 17 minutter var kontantkortet tomt, og han hadde fremdeles ikke fått noen hjelp.
Lokalt: Les mer 32

Trange dager for asylsøkerne

Boforhold

Bør mer gjøres for å sikre asylsøkere gode boforhold?

Ja
Nei

190 asylsøkere i Stavanger er plassert i leiligheter. De skal være nøkterne, men forsvarlige, sier Hero. Men ikke alle beboerne føler seg trygge i sine små krypinn.
Lokalt: Se TV Aftenbladet

Nok snø til Sesilåmi

Det er ingen grunn til å bekymre seg: Statsmeteorologene har endret mening og varsler langt mindre regn enn tidligere i uken.
Sirdal og Agder: Les mer

Norwegian vil ikke dekke tapet

Norwegian sier saken får «personalmessige konsekvenser» for mannen bak skranken, men vil ikke betale ekstrautgiftene til Figgjo IL.
Lokalt: Les mer 9

Annonse
Annonse
Annonse

Siste Debatt

  • Huitfeldt bør ta tenkepause

    Hvis Norge i det hele tatt har et nasjonalt leksikon i framtiden, kommer det til å stå under oppslagordet Huitfeldt, Anniken at hun var den første kulturminister som mente at kunnskap var noe markedet fikk levere, eller la være.

  • I hemmelighet skal nettet strupes

    Sjelden har hemmeligholdet fått seg en kraftigere smell enn da EU-parlamentet onsdag med 663 mot 13 stemmer vedtok å tvinge EU-kommisjonen ut i åpent lende.

Kundesenter

Siste saker fra Aftenbladet.no

Skatt

Fornavn:

Etternavn:

Formuetoppene: Stavanger · Sandnes · Eigersund · Haugesund · Karmøy · Bjerkreim · Bokn · Finnøy · Forsand · Gjesdal · · Hjelmeland · Klepp · Rennesøy · Kvitsøy · Lund · Randaberg · Sauda · Sokndal · Sola · Strand · Suldal · Time · Utsira
Inntektstoppene: Stavanger · Sandnes · Eigersund · Haugesund · Karmøy · Bjerkreim · Bokn · Finnøy · Forsand · Gjesdal · · Hjelmeland · Klepp · Rennesøy · Kvitsøy · Lund · Randaberg · Sauda · Sokndal · Sola · Strand · Suldal · Time · Utsira
Skattetoppene: Stavanger · Sandnes · Eigersund · Haugesund · Karmøy · Bjerkreim · Bokn · Finnøy · Forsand · Gjesdal · · Hjelmeland · Klepp · Rennesøy · Kvitsøy · Lund · Randaberg · Sauda · Sokndal · Sola · Strand · Suldal · Time · Utsira
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse