• Avgiftene for diesel burde vera høgare enn for bensin fordi CO2-utsleppa per liter er 12 prosent høgare enn for bensin, påpeikar OECD i ei fersk evaluering av norsk miljøpolitikk.

- Diesel og bensin er for billeg

Høgare drivstoffavgifter, spesielt på diesel, og fleire bomringar på norske vegar. Dette er medisinen OECD føreskriv for at Norge skal klara kutta i eigne klimagassutslepp.

Transportsektoren står nemleg for ein tredel av klimagassutsleppa her i landet. Dermed tronar sektoren øvst på lista over utsleppsverstingar, og er verre enn olje- og gasssektoren.

- Tøffe kutt

OECD tilrår nå tøffare klimakutt, skriv Aftenposten. Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling legg i dag (torsdag) fram sin miljørapport om Norge.

Kutta som Norge må gå inn for i klimapolitikken, vil bli tøffe, upopulære og kostbare, meiner OECD.

OECD viser til at norske drivstoffavgifter faktisk har gått ned dei siste åra, justert for inflasjon. Organisasjonen ønskjer høgare drivstoffavgifter, og då spesielt på diesel.

3 av 4 nye bilar går på diesel i Norge.

Høgare utslepp frå diesel

"Det finnes ingen miljømessig begrunnelse for hvorfor avgiftene på diesel er lavere enn på bensin. Det burde faktisk vært stikk motsatt siden utslippene av CO2 pr. liter er 12 prosent høyere enn for bensin," skriv OECD. 

Norge har heller ikkje eit spesielt høgt avgiftsnivå samanlikna med EU-land som Nederland, Franrike og Italia.

Fleire bomringar

OECD vil også ha bomringar i heile det norske vegnettet for å få ned bilbruken. Fleire bomstasjonar kan gje årlege inntekter på  60 milliardar kroner. Pengare som dels bør går til å gjera kollektivtransporten billegare og betre.

Subsidiene som i dag blir gitt til elbiler og hydrogenbiler bør også reduserast, meiner organisasjonen. Tiltaka kostar så mykje at pengene vil gjera meir nytte om dei blir brukt på andre klimatiltak.

Solheim positiv

Miljøvernminister Erik Solheim seier til Aftenposten at å auka kostnaden for bilbruk i Norge, er ein god veg å gå for å nå klimamålet som er vedtatt av alle stortingsparti med unntak av Frp. Til hausten skal regjeringa leggja fram klimameldinga som vil visa kva klimatiltak Norge skal gjera på heimebane.

To tredeler på heimebane

Fram til 2020 skal Norge kutta dei globale utsleppa av klimagasser tilsvarande 30 prosent av Norge sine utslepp i 1990. Innanlands kutt skal utgjera to tredeler av dei totale utsleppskutta. Det betyr ein reduksjon på 15-17 millionar tonn CO i forhold til kva utsleppa elles ville ha vore i 2020.

30-40 prosent kutt

Norge har overfor FN meldt inn mål om å redusera klimagassutsleppa med 30-40 prosent innan 2020 samanlikna med 1990-nivå. Samtidig signaliserer landet ein klar vilje til å gå til 40 prosent når det ligg føre ein global klimaavtale der alle store utsleppsland deltar.

I spisssen globalt

Norge blir i den ferske OECD-rapporten også trekt fram som som eit foregangsland på fleire område:  Blant anna for redusert luftforureining og svært god vasskvalitet, og for den nye naturmangfoldlova. For klima er Norge i spissen globalt, men slit med kutt på heimebane.

OECD gjer sine evalueringar av norsk mijløpolitikk med visse mellomrom. Sist rapport om Norge kom i 2001.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli forhåndsmoderert

Relaterte bilder

FOTO: Scanpix

Olje og gass

Oljeservice

  • Meir opphogging i Vats

    AF Gruppen har fått kontrakt med Gassco om riving og opphogging av stigerøyrsplattforma B-11. Oppdeling og gjenvinning vil skje ved AF sin base på Raunes i Vats.

  • Skandalerigg får endelig grønt lys

    Scarabeo 8 skulle egentlig startet boringen på Goliat-feltet i Barentshavet i mai i fjor, men har hatt en lang og kronglete ferd frem mot dåpen som fant sted i påskeuken. Nå er riggen godkjent for innsats på norsk sokkel.

Fornybar energi

  • 60 kraftselskap kan bli til 3

    60 sørnorske kraftselskaper må tredoble investeringene for å fase inn masse ny fornybar energi innen 2020. Thema Consulting Group mener selskapene må slå seg sammen for å spare penger.

Klima og miljø

Meninger

På forsiden nå

Alexander Kielland-ulykken

Ebilag

Energibilaget

fuelfix_energi

barentsobserver_energi

calgaryherald_energi

nytimes_energi

jp_energi