• Statoil skal innan utgangen av 2012 ha klar ein studie om korleis oljeinstallasjonane på Utsirahøyden kan få kraft i kabel frå land. På ei distribusjonsplattform nær Johan Sverdrup-feltet skal likestraum som kjem i kabel frå land, omformast til vekselstraum som vil gå vidare til mottaksplattformene (illustrasjon frå Statoil)

    FOTO: Statoil

- Kraft til sokkelen gir ikkje kraftkrise

Johan Sverdrup-feltet og dei tre mindre oljefelta på Utsirahøyden treng like mykje elektrisitet som Stavanger by. Men Lyse avviser at kraft til felta i kabel frå land kan skapa høge straumprisar her i distriktet.

Ole Gabrielsen, Lyse
- Ny norsk og svensk fornybar energi og meir finsk atomkraft, vil gi nok straum både til elektrifisering av sokkelen, fleire elbilar, meir kraftintensiv industri og fleire utanlandskablar i åra framover, seier Lyse-direktør Ole Gabrielsen.

Olje- og energiminister Ola Borten Moe (Sp) har vore svært tydeleg sidan Statoil og Lundin gjorde gigantfunnet i Nordsjøen: Dei nye plattformene på Utsirahøyden bør drivast med straum frå land. Deler av miljørørsla går også inn for å bruka rein energi frå land framfor forureinande gassturbinar.

 

På initiativ frå departementet er Statoil i gang med å vurdera ei mogleg felles kraftløysing for felta på Utsirahøyden, 200 kilometer ut i Nordsjøen frå Rogaland. Tilknyting til straumnettet vil skje her i fylket.

Les også

- Kraft til sokkelen gir ikkje kraftkrise

Johan Sverdrup-feltet og dei tre mindre oljefelta på Utsirahøyden treng like mykje elektrisitet som Stavanger by. Men Lyse avviser at kraft til felta i kabel frå land kan skapa høge straumprisar her i distriktet.

 

Straumbehov som Stavanger

- Kan elektrifisering gi kraftrasjonering og høgare straumpris i Rogaland?

- Rogaland og tilgrensande område har betydelig meir produksjon enn forbruk. Nettkapasiteten er det opp til Statnett å vurdera, svarar konserndirektør for energi i Lyse, Ole Gabrielsen. Han seier det alt i dag er nok kraft i området til å forsyna Johan Sverdrup og dei andre felta på Utsirahøyden, medan Statnett har vurdert nettkapasiteten på Karmøy som tilstrekkeleg. Tilgangen på kraft vil berre auka i åra framover, ifølgje energiselskapet

Statoil anslår effektbehovet på Utsirahøyden til 250-300 MW. Det betyr at kraftbehovet på oljeplattformane blir omtrent som for Stavanger, der folk og bedrifter brukar 2,2 TWh (milliardar kilowattimar) i året.

- Oppbygginga av behovet skjer sprangvis frå 2015/16 etter kvart som dei ulike felta er produksjonsklare fram til 2020, seier Gabrielsen. I den same perioden vil det komma stadig meir energi inn på den nordiske kraftmarknaden.

Elsertifikat gir meir kraft

- Vår spådom er at me går mot eit kraftoverskot på mellom 20 og 40 TWh i åra framover, seier Lyse-direktøren. Den norske vasskraftproduksjonen ligg til samanlikning på rundt 120 TWh eit vanleg år.

- Det kommande kraftoverskotet skuldast tre ting: Ny finsk kjernekraft som kjem inn med nye 13 TWh på den nordiske marknaden i 2014. Elsertifikatordninga som gir 26,4 TWh ny fornybar energi i Norge og Sverige innan 2020, og mange tiltak som gjer at straumforbruket går ned.

- Kva med behov for straum til den kraftkrevjande industrien?

- Det er ikkje nokon motsetnad mellom elektrifisering av sokkelen og meir kraft til den kraftkrevjande industrien. Når det gjeld tilgang på kraft, er her plass til begge deler.

Gabrielsen får støtte frå politisk rådgjevar Kari Elisabeth Kaski i Zero:

Kari Elisabeth Kaski, Zero
- Det finnest førebels ingen konkrete planar om meir kraftkrevjande industri på Karmøy, men det er meir enn nok kraft i området, så me er ikkje bekymra. Om det skulle komma ei utvikling i den kraftkrevjande industrien rundt 2020, har me nå god tid til både å planleggja for elektrifisering, for industrien og for å byggja ut eventuelle nye kraftlinjer.

- For sokkelen som heilskap, er det viktig å sjå på det større bildet der me framover får mykje ny fornybar energi. Denne må erstatta fossil energi, slik at me reelt kuttar utslepp, seier Kaski. Zero vil også elektrifisera eksisterande olje- og gassinnstallasjonar med store utslepp og lang levetid. Til saman representerer dei eit kraftbehov på 5-8 TWh, og kan kutta norske CO2-utslepp med opp mot 7 millionar tonn.

Følg energiredaksjonen på Twitter.com/AenergiNO

 

Les også

Slik kan rein kraft kutta utslepp

Utsiraformasjonen: Energibehovet for oljeinstallasjonane blir mellom 1,75 og 2,4 TWh (milliardar kWh). Stavanger brukar i dag 2,2 TWh. Om krafta frå land er fornybar, blir utsleppa frå plattformene redusert med 1 tonn CO2 samanlikna med gassturbinar

Elektrifisering av eksisterande oljeinstallasjonar: Vil krevaj 5-8 TWh og kan kutta opp mot 7 millionar tonn CO2.

Kraftintensiv industri: Brukar i dag ca 29 TWh. Ein mogleg auke på 25 prosent vil tilsvara 7 TWh.

Elektrifisering av halve bilparken i Norge: Ville utgjera cirka 3,5 TWh/år og kutta utsleppa drastisk i transportsektoren.

Sør-Rogaland: Brukar til samanlikning 4, 8 TWh.

(Kjelder: Statoil, Lyse og Zero)

 

 

Meninger

På forsiden nå

fuelfix_energi

barentsobserver_energi

calgaryherald_energi

nytimes_energi

jp_energi