• Dei to nye hotellskipa får 100 fleire enkeltlugarar enn dette første hotellskipet "Edda Fides", som har 300 lugarar.
  • Hotellskipet "Edda Fides" knyter seg til ein fast installasjon med teleskopisk gangbru medan hotellgjestene har sitt daglege arbeid på installasjonen.

    FOTO: Østensjø Rederi

  • Edda Fides er det første spesialbygde hotellskipet for bruk i oljeindustrien til havs. Skipet konkurrerar med bustadriggar i kampen om oppdrag i oljå.

    FOTO: Thomas Førde

1600 nye senger til oljå

To nye hotellskip med 800 enkeltlugarar og i alt 1600 nye senger til bruk i oljeindustrien kan stå klare i 2015.

- Sjansen er der nå. Den vil me gripa, seier Adm. dir. Johan Rokstad i Østensjø Rederi. Han viser til gode røynsler med reiarlaget sitt første spesiaibygde hotellskip, "Edda Fides".

- Konseptet fungerar og me har fått god røynsle med denne type drift, seier Rokstad.

Til Spania

"Edda Fides", som var ferdig frå verftet Astillero HJ Barrerasi Vigo i Spania for om lag eit år sidan har vore sterkt etterspurt. I dei siste månadene har hotellskipet gjort teneste i samband med bygging av eit gasslager ved Middelhavet utanfor kysten av Spania.

Om bord i dette hotellskipet er forutan verkstadhall, lagerplass og stort dekksareal, hotell med 300 enkle lugarar. Ein teleskopisk gangveg knyter hotellskipet saman med rigg eller fast installasjon i havet, som hotellgjestene arbeider på.

Les også

Bustadskip til jobb i Middelhavet

Hotellskipet, "Edda Fides" som tilhøyrer Østensjø rederi i Haugesund bur seg på julefeiring i Spania.

To nye kontraktar

Edda Fides har nå fått to nye kontraktar som gir arbeid ut neste år. Dei nye kontraktane med opsjonar skal i følgje Rokstad i Østensjø Rederi ha ein samla verdi på 150 millionar amerikanske dollar, eller vel 800 millionar norske kroner.

Fordel skip

Dette gir meirsmak for Østensjø Rederi. - Me har store fordelar framfor hotellriggar, seier Johan Rokstad. Våre kapitalkostnader er mellom 80 og 100 millionar dollar lågare enn for nye bustadriggar. Dessutan er drifta av hotellskip enklare og meir fleksible, seier Rokstad.

Les også

Nytt hotellskip klart for oppdrag

Det nye hotellskipet Edda Fides, som Østensjø rederi har bygt i Spania, må trolig vente til juni før sitt første oppdrag.

Større skip

Dei to nye hotellskipa skal ha 400 enkle lugarar i kvart skip. Nybygga blir 25 meter lenger og fem meter breiare enn "Edda Fides" som måler 13o meter i lengde 27 i breidde. "Edda Fides" kosta om lag 850 millionar kroner å byggja. Dei to nye hotellskipa blir dyare, seier Rokstad.

Han legg til at spesifikasjonar og teikningar skal vera klar før ferien slik at me kan inngå kontrakt med verft som skal byggja, i Norge eller i utlandet, kort tid etter ferien, seier Johan Rokstad. Han legg til at det første nye hotellskipet skal vera klart til bruk tidleg i 2015.

200 tilsette om bord

Kvart hotellskip gir 200 nye arbeidsplassar. Mellom 25 og 30 prosent av dei tilsette om bord vil vera norske. - Det er i første rekke offiserar ansvarlege for drift av den maritime delen av skipet som blir norske medan dei fleste tilsette i hotelldrift og catering blir utanlandske, seier Johan Rokstad.

 

 

Les også

Siste fra Aenergi

fuelfix_energi

barentsobserver_energi

calgaryherald_energi

nytimes_energi

jp_energi