Julegaven ble til 13 millioner barnehageplasser
De første 40 årene har Ekofisk-feltet produsert olje for 1791 milliarder kroner. Dette tilsvarer rundt 13 millioner barnehageplasser.
Ein fersk rapport anslår staten si støtte til norsk olje- og gassproduksjon til 25,5 milliardar kroner. Det betyr at oljesubsidiane er dobbelt store som landbrukssubsidiane.
AV: turid furdal
Prislappen for norsk landbruk ligg nemleg på 13,3 milliardar kroner i statsbudsjettet. I tillegg kjem støtte i form av tollvern, som gjer det mogleg å halda matprisane høgare i Norge enn i andre land.
- Verdien av denne støtta blir av OECD berekna til mellom 7 og 9 milliardar kroner i året, opplyser seniorrådgjevar Anders Huus i Norges Bondelag.
Men sjølv medrekna denne skjermingsstøtta, blir landbruket slått av oljesektoren når det gjeld subsidiar.
I Norge er gunstige avskrivingsreglar for investeringar og refusjon av leitekostnader dei to ordningane som gir oljeselskapa mest i kroner og øre. Det viser rapporten frå Det internasjonale instituttet for bærekraftig utvikling (IISD).
Til saman har dei funne ni ulike subsidieordningar. Seks av desse gav til saman statleg støtte på 25,5 milliardar kroner til olje- og gassindustrien i Norge i 2009.
Instituttet jobbar med å kartleggja statlege subsidier til olje og gass over heile verda, gjennom Global Subsidies Initiative (GSI).
Tidlegare har instituttet tatt for seg subsidiane til fossil energiproduksjon i Indonesia og Canada.
Dei norske subsidiane utgjer rundt 13 prosent av olje- og gassindustrien sine totale inntekter, ifølgje den ferske rapporten.
Ei av dei aller gunstigaste formene for støtte er ei ny skatteordning som kom i 2004. Denne gjer det mogleg også for leiteselskap utan produksjon å trekkja frå leiteutgifter på skatten.
- Er subsidiane til norsk olje- og gassverksemd god bruk av offentlege midlar?
- Ja. Kostnaden ved den nye skatteordninga er liten samanlikna med gevinsten som samfunnet får igjen, seier informasjonssjef Roger Pedersen i Oljeindustriens Landsforening (OLF).
- Eg ville ha brukt ordet frådrag, ikkje subsidier. Dette er god butikk for staten som ønskjer å auka leiteaktiviteten på sokkelen. Staten ønskjer meir mangfald med fleire aktørar på sokkelen, noko som har komme sidan 2005, legg Pedersen til. Dette året vart det ferdigstilt 13 leitebrønnar på norsk sokkel. Eit tal som var komme opp i 65 i 2009.
- Med fleire leitebrønnar, aukar funna, seier Roger Pedersen. Han viser til at ressurstilveksten i 2010 blir anslått til 2,5 milliardar fat. Med ein oljepris på rundt 650 kroner fatet tilsvarer det ein salsverdi på 1625 milliardar kroner.
Den britiske oljeanalytikaren Philip Lambert tilskriver mykje av suksessen på norsk sokkel de siste åra til auka konkurranse og fleire oljeselskap på sokkelen.
– Denne skatteletta har kosta staten 18 milliardar dollar, men på berre sju år har den hatt ei inntening som følgje av dette på 48 milliardar dollar, sa Lambert under Oljeindustripolitisk seminar i Sandefjord i januar.
Rapporten ser også på konsekvensane dersom subsidiane til fossilindustrien skulle bli fjerna.
- Fjerning av investeringsfrådrag verdt 20,8 milliardar kroner i 2009 og leiterefusjon verd 4,0 milliardar vil kunna redusera staten sine skatteinntekter frå petroleumsverksemda med 8,1 prosent og redusera sysselsettinga innan olje-, gass- og forsyningssekten med 0,5 prosent. Fjerning av desse subsidiane ville også hatt ein positiv innverknad på dei nasjonale klimagassutsleppa: Dei vil gå ned 1,5 prosent prosent, skriv IISD i ei pressemelding.
Rapporten tar utgangspunkt i den internasjonalt anerkjente definisjonen av subsidier frå WTO (World Trade Organization).
Følg oss på Twitter.com/AenergiNO
Det er analysebyrået Econ Pöyry som har laga denne første detaljerte oversikta over olje- og gassubsidiane i Norge, for bærekraft-instituttet IISD. Nokre av dei i alt ni formene for subsidier dei trekkjer fram er:
* Skattefrådrag for leitekostnader.
* Investeringsfrådrag.
* Tilskot til forsking og utvikling
* Oljedirektoratet står for seismiske undersøkingar
* Det statleg eigde Gassco står for infrastruktur og fasilitetar.
* Særskilt skattebehandling av Snøhvit-feltet
De første 40 årene har Ekofisk-feltet produsert olje for 1791 milliarder kroner. Dette tilsvarer rundt 13 millioner barnehageplasser.
98 personer ble sendt i livbåtene da gassalarmen gikk på Heimdal-plattformen i Nordsjøen.
Verdas største dykkarskip «Skandi Arctic» gjer klart for å sveisa saman på havbotn den største eksportgassrøyret som nokon gong er bygt.
Det tar 2700 timer i året å komme gjennom skattereglene i Brasil. I Norge tar det 87 timer.
Karmøy sa ja, Haugesund protesterte, og til slutt sette miljøvernministeren punktum for striden: Solvind får setja opp to vindmøller på Storøy, heilt nord på Karmøy.
Fra 1. juni får du som 85.000 andre, en helt ny strømavtale hvis du er kunde hos Lyse. Framover skal du betale innkjøpspris for strømmen pluss et fast påslag på 45 kroner i måneden.
Den norske diplomaten Harald Dovland er valgt til leder for FNs klimasekretariat, og skal lede arbeidet med en ny klimaavtale fram mot 2015.
På den siste dagen av et to ukers klimamøte i Bonn, er partene ennå ikke enige om hvem som skal lede forhandlingene fram mot en ny internasjonal klimaavtale. Harald Dovland er de rike landenes kandidat og blir trolig valgt.
Hør de dramatiske historiene.
Kommentarer