Tidligpensjon er hovedkamp
Når sokkelarbeiderne møter oljeselskapene i tariffoppgjør, står kampen for tidligpensjon helt sentralt.
FOTO: Thomas Førde
Oljesubsidiane er dobbelt store som landbrukssubsidiane. Ein fersk rapport anslår staten si støtte til norsk olje- og gassproduksjon til 25,5 milliardar kroner.
AV: turid furdal
Prislappen for norsk landbruk ligg nemleg på 13,3 milliardar kroner i statsbudsjettet. I tillegg kjem støtte i form av tollvern, som gjer det mogleg å halda matprisane høgare i Norge enn i andre land.
- Verdien av denne støtta blir av OECD berekna til mellom 7 og 9 milliardar kroner i året, opplyser seniorrådgjevar Anders Huus i Norges Bondelag.
Men sjølv medrekna denne skjermingsstøtta, blir landbruket slått av oljesektoren når det gjeld subsidiar.
I Norge er gunstige avskrivingsreglar for investeringar og refusjon av leitekostnader dei to ordningane som gir oljeselskapa mest i kroner og øre. Det viser rapporten frå Det internasjonale instituttet for bærekraftig utvikling (IISD).
Til saman har dei funne ni ulike subsidieordningar. Seks av desse gav til saman statleg støtte på 25,5 milliardar kroner til olje- og gassindustrien i Norge i 2009.
Instituttet jobbar med å kartleggja statlege subsidier til olje og gass over heile verda, gjennom Global Subsidies Initiative (GSI).
Tidlegare har instituttet tatt for seg subsidiane til fossil energiproduksjon i Indonesia og Canada.
Dei norske subsidiane utgjer rundt 13 prosent av olje- og gassindustrien sine totale inntekter, ifølgje den ferske rapporten.
Ei av dei aller gunstigaste formene for støtte er ei ny skatteordning som kom i 2004. Denne gjer det mogleg også for leiteselskap utan produksjon å trekkja frå leiteutgifter på skatten.
- Er subsidiane til norsk olje- og gassverksemd god bruk av offentlege midlar?
- Ja. Kostnaden ved den nye skatteordninga er liten samanlikna med gevinsten som samfunnet får igjen, seier informasjonssjef Roger Pedersen i Oljeindustriens Landsforening (OLF).
- Eg ville ha brukt ordet frådrag, ikkje subsidier. Dette er god butikk for staten som ønskjer å auka leiteaktiviteten på sokkelen. Staten ønskjer meir mangfald med fleire aktørar på sokkelen, noko som har komme sidan 2005, legg Pedersen til. Dette året vart det ferdigstilt 13 leitebrønnar på norsk sokkel. Eit tal som var komme opp i 65 i 2009.
- Med fleire leitebrønnar, aukar funna, seier Roger Pedersen. Han viser til at ressurstilveksten i 2010 blir anslått til 2,5 milliardar fat. Med ein oljepris på rundt 650 kroner fatet tilsvarer det ein salsverdi på 1625 milliardar kroner.
Den britiske oljeanalytikaren Philip Lambert tilskriver mykje av suksessen på norsk sokkel de siste åra til auka konkurranse og fleire oljeselskap på sokkelen.
– Denne skatteletta har kosta staten 18 milliardar dollar, men på berre sju år har den hatt ei inntening som følgje av dette på 48 milliardar dollar, sa Lambert under Oljeindustripolitisk seminar i Sandefjord i januar.
Rapporten ser også på konsekvensane dersom subsidiane til fossilindustrien skulle bli fjerna.
- Fjerning av investeringsfrådrag verdt 20,8 milliardar kroner i 2009 og leiterefusjon verd 4,0 milliardar vil kunna redusera staten sine skatteinntekter frå petroleumsverksemda med 8,1 prosent og redusera sysselsettinga innan olje-, gass- og forsyningssekten med 0,5 prosent. Fjerning av desse subsidiane ville også hatt ein positiv innverknad på dei nasjonale klimagassutsleppa: Dei vil gå ned 1,5 prosent prosent, skriv IISD i ei pressemelding.
Rapporten tar utgangspunkt i den internasjonalt anerkjente definisjonen av subsidier frå WTO (World Trade Organization).
Oversikt: Det er analysebyrået Econ Pöyry som har laga denne første detaljerte oversikta over olje- og gassubsidiane i Norge, for bærekraft-instituttet IISD. Nokre av dei i alt ni formene for subsidiar dei trekkjer fram er:
* Skattefrådrag for leitekostnader.
* Investeringsfrådrag.
* Tilskot til forsking og utvikling
* Oljedirektoratet står for seismiske undersøkingar
* Det statleg eigde Gassco står for infrastruktur og fasilitetar.
* Særskilt skattebehandling av Snøhvit-feltet
Når sokkelarbeiderne møter oljeselskapene i tariffoppgjør, står kampen for tidligpensjon helt sentralt.
Bergen Group Rosenberg og leverandørindustrien forøvrig kniver om ingeniørene. I Statoil får de 200 CV-er i posten daglig og har så mange å velge i at de må holde den reneste Idol-audition.
AF Gruppen har fått kontrakt med Gassco om riving og opphogging av stigerøyrsplattforma B-11. Oppdeling og gjenvinning vil skje ved AF sin base på Raunes i Vats.
Scarabeo 8 skulle egentlig startet boringen på Goliat-feltet i Barentshavet i mai i fjor, men har hatt en lang og kronglete ferd frem mot dåpen som fant sted i påskeuken. Nå er riggen godkjent for innsats på norsk sokkel.
Det ble en mørk 17.mai-ettermiddag på deler av Tasta.
For ett år siden unngikk Norge kraftkrise takket være storstilt kraftimport.Første kvartal i år har vi eksportert nesten like mye.
Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.
Nordmannen Harald Dovland har fått hard kamp om vervet som leder for arbeidsgruppen som skal jobbe for å få på plass en ny og juridisk bindende klimaavtale innen 2015.
Hør de dramatiske historiene.
Kommentarer