• FOTO: Thomas Førde

50 karmøybuar må trø til i 50 heite varmegrader

Utetemperaturen kan stiga til rundt 50 grader i Qatar på denne tida av året. Ekspertar frå Karmøy må førebu seg til meir arbeidstid i heten.

I går melde Hydro at det nye aluminiumsverket i Qatar, Qatalum, der Hydro eig halvparten, skal startast opp for andre gong. Full drift ved aluminiumsverket vil først kunne skje i slutten av mars neste år. Men dei første cellene skal setjast i drift frå midten av september månad.

Nær to tredelar av dei i alt 704 elektrolysecellene i metallverket var sette i drift då brått tilførsla av straum frå gasskraftverket fall ut 9.august i år.

Metallet størkna

I følgje ei pressemelding frå Hydro skal ein jordfeil vera årsaka. Samtidig fall reserveløysinga med straum frå det offentlege nettet i Qatar også ut.

Nå skal er feilen avdekka og tiltak sette i verk slik at det ikkje skal skje igjen, hevdar Hydro-leiinga.

Straumstansen varte i om lag fem timar. Det var nok til at det flytande metallet i elektrolysecellene størkna. Dermed måtte ein til å meisla ut innhaldet i botn av cellene. Anodane måtte og fjernast i alle dei 444 cellene som var sette i gong.

Frå Hydro Karmøy

Frå Hydro sitt aluminiumsverk på Karmøy har om lag 50 av dei tilsette vore i Qatar det siste året i samband med bygging og starten av drifta.

–Med ny og forseinka oppstart vil truleg mange av desse få tilbod om å forlenga opphaldet i Qatar, seier leiaren i Alnor Kjemiske Fagforeining, Sten Roar Martinsen.

–Dersom det ikkje høver for alle å takka ja til eit slikt tilbod kan det bli aktuelt i gi tilbodet til andre tilsette hos Hydro på Karmøy, seier Martinsen.

Tap

Kor mykje Hydro taper på straumstansen i Qatar seier pressemeldinga frå konsernet ingenting om. Men det blir i pressemeldinga peika på at Hydro så langt har greidd å oppfylla sine leveringskontraktar for metall langt på veg gjennom forsyning frå andre kjelder i konsernet.

Informasjonssjef Halvor Molland, seier til Aftenbladet at det likevel ikkje blir aktuelt å starta opp att mellombels nedstengde metallverk i konsernet for å kunne oppfylla leveringskontraktar i månadene framover.

Det heiter i pressemeldinga frå Hydro at selskapet har ei robust forsikring som skal dekka delar av skade og tap.

Kursen opp

–Kursen på Hydro-aksjar gjekk litt opp i går, seier finansanalytikar Anne Gjøen i Handelsbanken. Men ho legg til at oppgangen var liten.

–Det har nok samanheng med at Hydro har informert lite om dei økonomiske og finansielle konsekvensane av straumstansen. Men det er lite truleg at forsikringa dekker heile tapet. Låge kraftprisar i Qatar skulle gi Hydro gode fortenestemarginar på metall levert frå dette nye verket. Marginane vil krympa kraftig dersom Hydro må kjøpa metall frå konkurrentar til stigande marknadsprisar for å oppfylle sine leveringskontraktar, seier Anne Gjøen.

Aluminiumsproduksjon i Qatar støyter på store utfordringar. Arbeidskraft må rekrutterast frå store delar av verda (40 ulike land).

Utetemperaturen stig til rundt 50 grader på denne tida av året, inne i fabrikkhallane er den høgare. Elektronisk og hydraulisk utstyr fungerer dårlegare i slike høge temperaturar, hevdar fagfolk.

Andre seier at ein byggjer på røynsler frå annan industri i Midt-Austen for å løysa tekniske utfordringar.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Olje og gass

Oljeservice

Fornybar energi

Klima og miljø

Meninger

På forsiden nå

Alexander Kielland-ulykken

Oljeservice

Energibilaget