• Kjell Inge Kvamen, driftsleiar ved Raunes Fiskefarm, viste hausten 2010 Gulating lagmannsrett rundt på anlegget i Vats. Bak Kvamen frå venstre står lagdommarane Bjørn Lillebergen, Fredrik Staff og Gunnar Torvund.

    FOTO: Thomas Førde

AF Decom møter nytt millionkrav

Fiskefarmen i Vats har tapt millionar etter langvarig strid med naboverksemda AF. Nå vil Raunes Fiskefarm prøva saka for ein ny lagmannsrett.

Rauens Fiskefarm tapte så det song i Gulating Lagmannsrett i fjor og blei etterpå avvist i Høgsterett. Nå vil den vesle oppdrettsverksemda prøva saka for Agder lagmannsrett.

- Gulating lagmannsrett er ikkje blitt presentert for ein viktig del av faktagrunnlaget, seier styreleiar i Raunes Fiskefarm, Frode Bjelland. Han viser til at motparten, oljeopphoggingsbedrifta AF Decom, har nå fått høve til å kommentera Fiskefarmen sitt krav om ny rettssak. Deretter blir det opp til Agder lagmannsrett å ta stilling til om det skal opnast for nye rettsforhandlingar.

Faktagrunnlaget oversett

Raunes Fiskefarm vil ha prøvd på ny faktagrunnlaget og avtaleverket rundt naboskapet til opphoggingsbedrifta AF Decom.

- Raunes Fiskefarm var på plass i Vats med sitt anlegg for oppdrett av matfisk og klekking av torskeyngel før AF Decom ønskte det same industriarealet, seier Frode Bjelland. Han legg til at då Vindafjord kommune gjorde avtale med AF Decom om industritomt for hogging av oljeskrap, blei det lagt inn som ein føresetnad at Raunes Fiskefarm måtte flytta.

- Denne avtalen blei ikkje gjort kjent for Raunes Fiskefarm, seier Bjelland.

Han viser til at i lagmannsrettens dom blei det lagt til grunn at Raunes Fiskefarm flytta frivillig. - Dessutan flytta fiskefarmen berre eit kort stykke unna den nye store naboen AF Decom fordi dei ikkje blei informert om AF Decom sine omfattande vekstplanar for framtida, seier Frode Bjelland.

AF avviser

AF Decom sin direktør for Offshore verksemda, Bengt Hildisch, seier at AF avviser alle påstandar og krav frå Raunes Fiskefarm.

Hausten 2009 gjekk første runde av rettssaka i Karmsund tingrett i Haugesund. Der fekk Raunes Fiskefarm langt på veg medhald i sine krav. Dommen lydde på at AF skulle betala fiskefarmen nær 40 millionar kroner i erstatning. Men dommen blei anka til Gulating lagmannsrett der Fiskefarmen tapte og fekk berre ei erstatning på snautt seks millionar kroner.

Store tap

- Dette er er langt mindre enn kostnadene våre i samband med rettssaka, seier styreleiar Frode Bjelland. Han viser til at sakskostnadene som fiskefarmen ble dømt til å betala pluss eigne prosessutgifter er komne opp i ti millionar kroner.

- Det svir hardt for små bedrifter å gi seg i kast med lange og krevjande rettsprosessar, seier Bjelland, som legg til at Fiskefarmen dessutan fekk øydelagt ein heil årsproduksjon av torskeyngel på grunn av steinstøv frå AF Decom sine undervassprengingar.

- Steinstøvet kom inn i oppdrettskara gjennom sjøvassinntaket, seier Bjelland.

Etter driftstans i to år ved Raunes Fiskefarm er drifta komen i gong att. Dagleg leiar Sigmund Låte seier at ein nå har starta opp med produksjon av kveiteyngel i kar på land.

- Me vågar ikkje risken med å ha fisk i sjøen. Det blir for mykje gambling og fare for omdømmetap ettersom naboen vår, AF Decom stadig utvidar verksemda og varslar om auka utslepp til luft og sjø av mellom anna lågradioaktivt avfall, seier Låte.

Følg energiredaksjonen på Twitter.com/Aenergino

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli forhåndsmoderert

Meninger

På forsiden nå

Olje og gass

  • Statoil drukner i CV-er

    Bergen Group Rosenberg og leverandørindustrien forøvrig kniver om ingeniørene. I Statoil får de 200 CV-er i posten daglig og har så mange å velge i at de må holde den reneste Idol-audition.

Oljeservice

  • Meir opphogging i Vats

    AF Gruppen har fått kontrakt med Gassco om riving og opphogging av stigerøyrsplattforma B-11. Oppdeling og gjenvinning vil skje ved AF sin base på Raunes i Vats.

  • Skandalerigg får endelig grønt lys

    Scarabeo 8 skulle egentlig startet boringen på Goliat-feltet i Barentshavet i mai i fjor, men har hatt en lang og kronglete ferd frem mot dåpen som fant sted i påskeuken. Nå er riggen godkjent for innsats på norsk sokkel.

Ebilag

Energibilaget

Fornybar energi

Klima og miljø

  • Full klimakrangel i Bonn

    Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.

Alexander Kielland-ulykken

fuelfix_energi

barentsobserver_energi

calgaryherald_energi

nytimes_energi

jp_energi