Tidligpensjon er hovedkamp
Når sokkelarbeiderne møter oljeselskapene i tariffoppgjør, står kampen for tidligpensjon helt sentralt.
FOTO: Thomas Førde
Gudrun-plattforma blir truleg den siste frå verftet i Haugesund. Konkurransen tvingar oss til å byggja heile dekk i Thailand til framtidige installasjonar.
AV: thomas førde
Det er viseadministrerande direktør i Aibel Erling Matland, som seier dette. Han viser til at dekket og utstyrsmodulane til Gudrun-feltet blir nå bygt med to av i alt tre delar ved Aibel sitt verft i Thailand. Samtidig blir ein tredel av Gudrun-dekket produsert ved Aibel sitt verft i Haugesund. Gudrun-plattforma skal samanstilllast, utprøvast og gjerast ferdig i Haugesund før utsleping til feltet i 2013.
Dermed kan ein stor og verdfull æra innan norsk verftsindustri vera over.
Matland viser til dei store endringane i konkurransesituasjonen for norske offshoreverft.
- Då Statoil avgjorde kven som skulle byggja Valemon-plattforma, ein installasjon som liknar på Gudrun, blei heile kontrakten gitt til eit koreansk verft. Neste gong må me leggja inn i tilbodet føresetnad om bygging utanlands. Ellers vil me ikkje kunne vinna oppdrag, seier Matland. Han legg til at også det meste av ingeniørarbeidet i samband med nybygg vil skje i utlandet i framtida.
- Aibel treng rask auke i talet på ingeniørar. Det kan på kort sikt skje gjennom samarbeid med utanlandske selskap. I Norge er marknaden for ingeniørar nærast støvsugd, seier viseadm. i Aibel som har rekruttert nær 1000 nye ingeniørar det siste året.
- Har de løyst utfordringane med å byggja i utlandet og samtidig oppfylla norsk sokkel sine krav til kvalitet?
- I Thailand har me hatt verft sidan 1998. Me har skolert dei tilsette til å jobba etter norsk sokkel sine krav (Norsok). Når det gjeld dei nytilsette ingeniørane våre i Singapore har me til dømes nå 70 av dei til opplæring i Haugesund. Fleire vil koma etter kvart, seier Matland.
Han legg til at skilnaden i byggjekostnadar mellom Thailand og Norge er stor. - Sjølv om kostnadane med transport av den ferdige dekkskonstruksjonen frå Asia til Norge blir tatt med, kan skilnaden vera nær 30 prosent, seier Erling Matland
I eit foredrag i Haugesund i går, der mange av representantane frå Rogalandsbenken på Stortinget var tilstades, peika Matland på at investeringsnivået på norsk sokkel vil halda seg jamt høg i ti år framover.
- Skilnaden frå tidlegare år er at nivået er historisk høgt og samtidig stabilt for mange år framover.
- Berre i år blir det truleg starta opp minst fire ulike utbyggingsprosjekt (Dagny, Draupne, Luna og Hild), som alle kunne vera aktuelle for Aibel å ta del i. Kapasiteten hos norske ingeniørar i denne bransjen er på to millionar timar, medan kundane våre treng 16 millionar timeverk.
Men sjølv om det blir lite bygging av store nye installasjonar ved norske verft i framtida, kjem Aibel til å auka talet på tilsette, både av ingeniørar og av operatørar. I Haugesund blir det i løpet av mars totalt 2000 Aibel-tilsette. I Stavanger kan det bli 1250 i løpet av året.
- Kva skal alle desse jobba med framover?
- Vedlikehald og ombyggingsoppdrag ved eksisterande plattformer. Dette fører med seg produksjon av mange, men mindre nye modular. Slike modular lønnar det seg ikkje å frakta langvegs. Matland viser også til Aibel si satsing på bygging av plattformer til offshorevindkraft.
- I Haugesund har Aibel nær 100 ingeniørar som jobbar med offshore vindkraftanlegg til tysk farvatn.
Følg oss på Twitter.com/AenergiNO
Tilsette: 5000. Av desse jobbar 2000 i Haugesund og nær 1000 i Stavanger
Verft: Haugesund og Laem Chabang i Thailand
Gudrun: Plattform av stål som skal stå på botn på Gudrun-feltet. Aibel byggjer dekket som er verdt 2,8 mrd. kroner. To tredelar av dekket blir bygd i Thailand, resten i Haugesund.
Når sokkelarbeiderne møter oljeselskapene i tariffoppgjør, står kampen for tidligpensjon helt sentralt.
Bergen Group Rosenberg og leverandørindustrien forøvrig kniver om ingeniørene. I Statoil får de 200 CV-er i posten daglig og har så mange å velge i at de må holde den reneste Idol-audition.
AF Gruppen har fått kontrakt med Gassco om riving og opphogging av stigerøyrsplattforma B-11. Oppdeling og gjenvinning vil skje ved AF sin base på Raunes i Vats.
Scarabeo 8 skulle egentlig startet boringen på Goliat-feltet i Barentshavet i mai i fjor, men har hatt en lang og kronglete ferd frem mot dåpen som fant sted i påskeuken. Nå er riggen godkjent for innsats på norsk sokkel.
Det ble en mørk 17.mai-ettermiddag på deler av Tasta.
For ett år siden unngikk Norge kraftkrise takket være storstilt kraftimport.Første kvartal i år har vi eksportert nesten like mye.
Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.
Nordmannen Harald Dovland har fått hard kamp om vervet som leder for arbeidsgruppen som skal jobbe for å få på plass en ny og juridisk bindende klimaavtale innen 2015.
Hør de dramatiske historiene.
Kommentarer