Arktis nær smelte-rekord

I år var det nesten like lite is i Arktis som i rekordåret 2007, seier seniorforskar Lasse H. Pettersson ved Nansensenteret i Bergen. Smeltinga går endå raskare enn klimaforskarane hadde rekna med.

Smeltinga i 2007 var ekstrem, og overraska direktør Pål Prestrud ved Cicero senter for klimaforsking.

- At smelting er så å seia like ekstrem i år, viser at den kraftige trenden held fram. Smeltinga går raskare og er høgare enn klimamodellane har klart å fanga inn, seier Prestrud.

Nær rekorden

Ifølgje Nansensenteret var isutbreiinga i år nede på eit minimum rundt 10.-11. september, før isen igjen begynte å leggja på seg mot vinteren.

- Nansensenteret sine utrekningar viser at isutbreiinga i Arktis i år var nede i rundt 4 millionar kvadratkilometer. Dermed var nivået nær rekordåret 2007, då isutbreiinga var på rundt 3,8 millionar kvadratkilometer, seier seniorforskar Lasse H. Pettersson til Aftenbladet.

Han legg til at det i rekordåret i tillegg til klimaendringane var svært spesielle vêrforhold i Arktis: Vind og klårt vêr frå Stillehavet komprimerte og smelta isen.

Global oppvarming

Den langsiktige utviklinga er likevel krystallklar: Dei siste 30 åra er isdekket i Arktis blitt redusert med nær ein tredel. Årsaka er global oppvarming, som har varma nordområda og havet der endå meir enn resten av kloden.

- Dei siste åra har issmeltinga kvart år nærma seg rekorden frå 2007, seier Pettersson.

- Stadig meir av den tjukke fleirårsisen forsvinn, medan ein større del av isdekket blir tynnare eittårs-is. Dette betyr at isen vil smelta fortare neste år og igjen nærma seg eit minimum, sjølv om årets vinter blir kald.

Varmare hav

- Er Arktis nær det klimaforskar James Hansen kallar eit vippepunkt?

- Med mindre is får Arktis ei mørkare havoverflate, som absorberer meir varme enn den kvite isen gjer. Dette bidrar til varmare vatn, slik at det gjennom fleire år har smelta eit større område av isen i løpet av sommaren. Smeltinga kan variera noko naturleg år for år, men samtidig er trenden dei siste 30 åra ein betydeleg nedgang i isareal. Isutbreiinga er redusert med 9,4 prosent per tiår, seier Lasse Pettersson.

Dødsspiral?

Pål Prestrud seier enkelte forskarar meiner at sjansen er stor for at vippepunktet alt er nådd.

- Eit par forskarar ved National Snow and Ice Data Center (NSIDC) meiner Arktis er inne i ein dødsspiral. Det er ein del spekulasjonar, men me har i dag ikkje nok kunnskap om dette, understrekar Prestrud.

I tillegg til isutbreiinga er to andre faktorar viktige for den vidare utviklinga i Arktis: Alderssamansetjing på isen og kor tjukk isen er, legg han til.

- Før var rundt halvparten av isen gammal, og seigare og tjukkare enn nyis. Nå er det nesten ikkje slik is igjen. Me ser også at tjukna på isen har gått kraftig ned, slik at det totale isvolumet truleg er redusert med 20-25 prosent i løpet av 30 år, seier han.

Fagleg strid om rekord

Nansensenteret i Bergen meiner isutbreiinga i år var som i 2008, og amerikanske National Snow and Ice Data Center (NSIDC) seier isnivået i år er det nest lågaste etter 2007. Medan tyske forskarar har komme fram til at isutbreiinga på Nordpolen i år slo rekorden frå 2007, og at det er mindre is enn på 8000 år.

- Dette har med måten å berekna isarealet på. Me har gått ut frå dei same satelittdata frå NASA, men ut frå vår måte å rekna på (algoritme) har funne ut at isutbreiinga var den samme som i 2008, og dermed ikkje ekstremt låg som i 2007, seier Pettersson.

Bra med isfritt hav?

- Sett frå Stavanger, er det grunn til å jubla eller fortvila over issmeltinga i Arktis?

- Det er ei verdivurdering om det er bra at isen blir borte eller ikkje, seier Prestrud.

- For økosystemet og det globale klimasystemet, betyr eit isfritt Arktis trøbbel. Dyre- og plantearter vil bli borte og dersom isen forsvinn vil det påskynda den globale oppvarminga. For petroleumsutnytting og skipstrafikk kan det sjåast som positivt at isen forsvinn, seier direktøren, og legg ikkje skjul på at han personleg synest havisen med sitt dyre- og planteliv er verdifull.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli forhåndsmoderert

Relaterte bilder

Satelittbildet viser kor mykje av området rundt Nordpolen som var dekka av is 11. september.

Satelittbildet viser kor mykje av området rundt Nordpolen som var dekka av is 11. september. Foto: Nansensenteret

Meninger

På forsiden nå

Olje og gass

  • Statoil drukner i CV-er

    Bergen Group Rosenberg og leverandørindustrien forøvrig kniver om ingeniørene. I Statoil får de 200 CV-er i posten daglig og har så mange å velge i at de må holde den reneste Idol-audition.

Oljeservice

  • Meir opphogging i Vats

    AF Gruppen har fått kontrakt med Gassco om riving og opphogging av stigerøyrsplattforma B-11. Oppdeling og gjenvinning vil skje ved AF sin base på Raunes i Vats.

  • Skandalerigg får endelig grønt lys

    Scarabeo 8 skulle egentlig startet boringen på Goliat-feltet i Barentshavet i mai i fjor, men har hatt en lang og kronglete ferd frem mot dåpen som fant sted i påskeuken. Nå er riggen godkjent for innsats på norsk sokkel.

Ebilag

Energibilaget

Fornybar energi

Klima og miljø

  • Full klimakrangel i Bonn

    Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.

Alexander Kielland-ulykken

fuelfix_energi

barentsobserver_energi

calgaryherald_energi

nytimes_energi

jp_energi