Tidligpensjon er hovedkamp
Når sokkelarbeiderne møter oljeselskapene i tariffoppgjør, står kampen for tidligpensjon helt sentralt.
FOTO: Scanpix
All isen i Arktis vil forsvinna når CO2-innhaldet i atmosfæren blir dobla i forhold til i dag, seier klimaforskar og direktør Ola M. Johannessen ved Nansensenteret i Bergen.
AV: turid furdal
Dette kan skje alt rundt hundreårsskiftet, dersom verda ikkje raskt får på plass avtalar om kraftige utsleppskutt, meiner forskar Ola M. Johannessen.
Han har nyleg lansert ein enkel statistisk modell som viser eit mønster for dei årlege variasjonane i isdekket.
– Minskinga av arktisk is er speilvendt av aukande CO2-innhald i lufta, seier klimaforskaren.
Johannessen meiner aukande CO2-konsentrasjon kan forklara 90 prosent av den årlege nedgangen i isdekket i nord.
Når modellen blir brukt på framtidige utslepp, finn forskaren at isen i Arktis vil smelta langt raskare fram mot 2050 enn det FN sitt klimapanel har klart å føresjå.
– Langt meir is forsvinn kvart år i Arktis enn det avanserte klimamodellar klarer å fanga opp, konstaterer Johannessen. Han legg til at IPCC-modellane ikkje stemmer med faktiske observasjonar av isen over dei siste 20 åra.
– Med «business-as-usual» når det gjeld klimagassutslepp, vil det vera blått hav året rundt i Arktis rundt år 2100.
Det vil skje dersom konsentrasjonen av CO2 i atmosfæren når 765 ppmv, seier Ola M. Johannessen til Aftenbladet. Ppmv er milliondelar per volumeining.
Han håpar konsentrasjonen ikkje vil nå dette høge nivået, og meiner forskinga viser kor nødvendig det er verkeleg gå inn for ein kraftig reduksjon så snart som mogleg.
Johannessen meiner utrekninga basert på den nye modellen, styrkar konklusjonane til FN sitt klimapanel om at den globale oppvarminga er menneskeskapt.
I dag ligg CO 2-nivået på rundt 385 ppmv, mot 280 ppmv før den industrielle revolusjonen. Kor raskt CO 2-innhaldet i atmosfæren vil auka i åra framover, er avhengig av kva avtale verdas nasjonar vil få til i København desember 2009.
I september 2007 nådde utbreiinga av Nordpolen eit rekordlågt nivå. I 2008 nådde ikkje Arktis same låge isnivå som året før.
Ikkje all reduksjon av sjøisen kan forklarast med auka CO 2-nivå. Naturlege variasjonar vil også i framtida føra til både auke og minking av isdekket i sesongar og tiårsperiodar, presiserer forskaren. Samtidig vil den meir langsiktige trenden vera minkande sjøisdekke.
Kor raskt sommarisen i Arktis vil smelta, kan ikkje Johannessen føresjå ut frå modellen. Men andre rapportar har konkludert med at sommarisen kan vera borte alt rundt 2050.
Med bakgrunn i sin innsats for klima- og polarforskinga, fekk Ola M. Johannessen torsdag 18. desember overrekt St. Olavs orden, riddar av første klasse.
I grunngjevinga er det lagt stor vekt på at Johannessen og hans kollegaer har gitt viktige bidrag til forståinga av kva polarområda har å seia for det globale klimaet.
Han har som grunnleggjar og leia, utvikla Nansensenteret til ein internasjonalt anerkjent forskingsinstitusjon. Han har medverka stort til at forskingsmiljøet i Bergen i dag framstår som eit kraftsentrum innanfor klima- og polarforsking, meiner ordensrådet.
FOTO: Turid Furdal
Når sokkelarbeiderne møter oljeselskapene i tariffoppgjør, står kampen for tidligpensjon helt sentralt.
Bergen Group Rosenberg og leverandørindustrien forøvrig kniver om ingeniørene. I Statoil får de 200 CV-er i posten daglig og har så mange å velge i at de må holde den reneste Idol-audition.
AF Gruppen har fått kontrakt med Gassco om riving og opphogging av stigerøyrsplattforma B-11. Oppdeling og gjenvinning vil skje ved AF sin base på Raunes i Vats.
Scarabeo 8 skulle egentlig startet boringen på Goliat-feltet i Barentshavet i mai i fjor, men har hatt en lang og kronglete ferd frem mot dåpen som fant sted i påskeuken. Nå er riggen godkjent for innsats på norsk sokkel.
Det ble en mørk 17.mai-ettermiddag på deler av Tasta.
For ett år siden unngikk Norge kraftkrise takket være storstilt kraftimport.Første kvartal i år har vi eksportert nesten like mye.
Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.
Nordmannen Harald Dovland har fått hard kamp om vervet som leder for arbeidsgruppen som skal jobbe for å få på plass en ny og juridisk bindende klimaavtale innen 2015.
Hør de dramatiske historiene.
Kommentarer