Blir framtidsbilen ein elbil? Dette meiner bransjen:

Informasjonsdirektør

Paul Hegna, Harald A. Møller (importerer Volkswagen, Audi, og Skoda)

–I eit perspektiv på 20 til 40 år vil elbilar, eventuelt brenselcellebilar, vera svært aktuelle. Dette fordi oljeressursane alt har passert toppen og oljeprisen vil stiga. Bransjen må derfor finna alternativ. I 2020 vil elbilane vera introduserte på marknaden, men vil likevel berre utgjera ein ganske liten del. Me reknar med at bilar med elmotor som hovuddrivkjelde vil utgjera 5–10 prosent av salet i Europa om 10 år. I Norge er avgiftsregimet veldig bra, så her kan bildet sjå litt annleis ut.



Informasjonssjef

Espen Olsen, Toyota Norge:

–Elbil kan bli framtidsbilen, men mange har også tru på at den ladbare hybridbilen vil ta ein stor del av marknaden framover. Kor stor del av marknaden el- og hybridbilane vil ta, kjem veldig an kva rammevilkår dei vil få. Norge har lagt godt til rette for elbilar og berre Monaco har fleire elbilar per innbyggjar enn Norge.

Hydrogenbilar ligg nok litt lenger fram. Utfordringa her er både pris og manglande infrastruktur.



Pressetalsmann

Tore Løvig, Volvo Norge:

–Ja, det er vel ikkje tvil om at alle større bilprodusentar har klare eller utviklar program for elbilar og plugin-hybridar. Volvo vil i første omgang ha ein rein elbil, C30, i produksjon frå veke 10–11. I tillegg utviklar me ei stasjonsvogn V70 med diesel-hybridløysing som vil komma for sal neste år. Truleg vil salet av elbilar skyta stadig meir fart framover, parallelt med batteriutviklinga. Det er lett å henga seg på estimat som spår at maksimalt 10 prosent av dei selde bilane i 2020 blir elbilar eller elhybridbilar. Samtidig kan det brått skje store gjennombrot i teknologiutviklinga som endrar bildet og gjer elbilen endå meir interessant.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli forhåndsmoderert

Relaterte bilder

Paul Hegna

Espen Olsen

Meninger

På forsiden nå

Olje og gass

  • Statoil drukner i CV-er

    Bergen Group Rosenberg og leverandørindustrien forøvrig kniver om ingeniørene. I Statoil får de 200 CV-er i posten daglig og har så mange å velge i at de må holde den reneste Idol-audition.

Oljeservice

  • Meir opphogging i Vats

    AF Gruppen har fått kontrakt med Gassco om riving og opphogging av stigerøyrsplattforma B-11. Oppdeling og gjenvinning vil skje ved AF sin base på Raunes i Vats.

  • Skandalerigg får endelig grønt lys

    Scarabeo 8 skulle egentlig startet boringen på Goliat-feltet i Barentshavet i mai i fjor, men har hatt en lang og kronglete ferd frem mot dåpen som fant sted i påskeuken. Nå er riggen godkjent for innsats på norsk sokkel.

Ebilag

Energibilaget

Fornybar energi

Klima og miljø

  • Full klimakrangel i Bonn

    Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.

Alexander Kielland-ulykken

fuelfix_energi

barentsobserver_energi

calgaryherald_energi

nytimes_energi

jp_energi