Tidligpensjon er hovedkamp
Når sokkelarbeiderne møter oljeselskapene i tariffoppgjør, står kampen for tidligpensjon helt sentralt.
FOTO: Lars Idar Waage
Boringa av 54 hol til varmepumper er i gang på Ullandhaug. Saman med spillvarme frå datarom, vil varmepumpene få ned energibruken med 4,5 millionar kilowattimar for OD, Petroleumstilsynet, IRIS og Innovasjonspark Stavanger.
AV: turid furdal
4,5 millionar kWh er i praksis like mange kroner. Sagt på ein annan måte, tilsvarer det årsforbruket av straum for 225 husstandar.
Det er Ullandhaug Energi som står for utbygginga og som leverer varme og kjøling til bygga på området. Selskapet som er eigd av Ipark eiendom, Entra og IRIS investerer til saman 60 millionar kroner i vassboren varme og kjøling.
– Utgiftene blir omtrent dei same som kundane måtte ha betalt til eit energiselskap for tilsvarande mengde energi. Prosjektet tar samtidig vare på fornybar energi som elles ville gått til spille og bidrar til å spara energi, understrekar dagleg leiar og deleigar Jan Helge Strømnes i SMI energi & miljø AS.
Selskapet har ansvaret for prosjektleiing under utbygginga og står for den daglege drifta av energisentralen i underetasjen på kontorbygget på Ullandhaug. Ei utbygging som har gått i etappar sidan 2008
Når boringa av dei 54 energibrønnane nyleg har starta, er siste fase av utbygginga i gang. Energibrønnane er kopla til varmepumper som kan samanliknast med luft-til-luft varmepumpene mange av oss har heime, men desse er av typen vatn-til-vatn.
Inne i energibrønnane er det røyrledningar som utvekslar kulde eller varme med omgivnadane. Når det er behov for varme blir det henta varme i grunnen, og når det er behov for kjøling blir det henta kjøling i grunnen. Denne energien går gjennom varmepumpene og blir omdanna til varme og kjøling som blir distribuert via eit fjernevarmenett eller fjernkjølenett til dei ulike bygga på Ullandhaug, forklarer Strømnes..
– Dette er det største prosjektet vårt, seier han. Nettopp løysingar for å spara energi i industribedrifter og bygg er eit sentralt arbeidsområde for SMI energi & miljø.
Firmaet har det siste året dobla talet på rådgjevarar for å ta unna oppdrag. Frå nyttår blir staben totalt på 14 personar.
– Det er første gong me satsar så offensivt på ekspansjon, og første gong me ser at marknaden er så klar for å absorbera ny kompetanse, seier Strømnes og legg til at det er mangel på fagfolk, og ikkje marknaden som nå er taket.
Omsetninga har lege på rundt 10 millionar kroner sidan selskapet vart danna i 2008.
– I fjor omsette me for rundt 9 millionar kroner. Fortenesta var i 2008 på 1,1 millionar, men me har dei siste to åra hatt eit nullresultat blant anna på grunn av finanskrisa. Me reknar med eit underskot fordi me har bygd opp organisasjonen i år, men reknar med å gå i pluss frå 2012, seier Strømnes.
– Me omgjer fagre mål og løfter til armar og bein, til tiltak som monnar, legg seniorrådgjevar Hege Aasbø til. Sosialantropologen kom i 2008 til selskapet frå Grønn Hverdag der ho hadde jobba med miljø i åtte år. I Smi er ho omgitt av sivilingeniørar, ingeniørar og folk med teknisk bakgrunn.
– Me kombinerer det å levera lønsame løysingar med idealisme og entusiasme. Heile denne gjengen kunne glatt ha fått jobb i oljå, men me er glade for at me får driva med noko me synest er viktig, seier Aasbø engasjert.
Ho og Strømnes meiner folk er blitt meir bevisste om klimaproblemet. Tilsette som bedriftsleiarar ønskjer sjølv å bretta opp ermene og gjera noko. Samtidig er det ofte bra både for botnlinje og omdømme å gjera noko med energibruk og miljøutfordringar.
– Kor ser de trykket komma framover?
– Innan bygg og anlegg for miljø- og energiløysinga, innan leverandørindustrien til oljå, som opplever stadig strammare miljøkrav, innan industrien som får nye utsleppskrav og miljøbevisste kundar, og frå det offentlege som treng hjelp til klimaplanar eller energitiltak, seier Strømnes. Han legg til at bygningsmassen her i landet stadig aukar, samtidig som energibruken skal halverast.

Bergen Group Rosenberg og leverandørindustrien forøvrig kniver om ingeniørene. I Statoil får de 200 CV-er i posten daglig og har så mange å velge i at de må holde den reneste Idol-audition.
AF Gruppen har fått kontrakt med Gassco om riving og opphogging av stigerøyrsplattforma B-11. Oppdeling og gjenvinning vil skje ved AF sin base på Raunes i Vats.
Scarabeo 8 skulle egentlig startet boringen på Goliat-feltet i Barentshavet i mai i fjor, men har hatt en lang og kronglete ferd frem mot dåpen som fant sted i påskeuken. Nå er riggen godkjent for innsats på norsk sokkel.
Det ble en mørk 17.mai-ettermiddag på deler av Tasta.
For ett år siden unngikk Norge kraftkrise takket være storstilt kraftimport.Første kvartal i år har vi eksportert nesten like mye.
Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.
Nordmannen Harald Dovland har fått hard kamp om vervet som leder for arbeidsgruppen som skal jobbe for å få på plass en ny og juridisk bindende klimaavtale innen 2015.
Hør de dramatiske historiene.
Kommentarer