• Interessa for kol aukar i Europa og USA som no bygg og planlegg over hundre nye kolkraftverk. Her frå Gelsenkirchen i Tyskland.

Byggeboom for kol i Europa

Europa og USA følgjer etter Kina og bygger kolkraftverk som aldri før. Årsaka er den høge oljeprisen. Den største bremseklossen er ikkje klimaprotestar, men mangel på dampturbinar.

Høg olje- og gasspris og ønsket om sikker energiforsyning har gitt ein ny vår for den skitne kolkrafta.

USA planlegg 90 kolkraftverk

USA byggjer 28 kolfyrte kolkraftverk og planlegg 66 til, melder nyheitsbyrået Reuters.

I Europa skal Tyskland ha 16 nye kraftverk klare i 2012 og Italia skiftar over til kol frå olje. I utviklingsland er auken i talet på kolkraftverk enorm.

Ifølgje Reuters, opplever Europa og USA tre års ventetid på dampturbinar som følgje av enorm etterspørsel og ei forseinking på 12-18 månader mellom ordre og levering i Kina.

Fleire legg seg i «klima-camp»

Framtida for kol synest å vera sikra, men kva med klimaet på kloden?

Kent, 9. august 2008: Rundt 1000 demonstrantar prøver å storma kolkraftverket på Kingsnorth, søraust i England. Berre nokre få lukkast med å ta seg inn på området. Dei aller fleste blir stoppa av store politistyrkar.

I nær ei veke har demonstrantane gjennom ein klima-camp markert motstanden mot E. ON sine planar om å byggja eit nytt kolfyrt kraftverk.

Storbritannia bygg nytt for fyste gong på 20 år

I alt seks konvensjonelle kolkraftverk, med samla utslepp tilsvarande Norge sine årlege CO 2-utslepp, er planlagde i Storbritannia. Dei kan bli dei første nye kolkraftverka i landet på over 20 år.

Nyleg frikjende ein britisk jury 6 britiske Greenpeace-aktivistar som oktober i fjor tok seg opp i den 200 meter høge pipa til kolkraftverket i Kingsnorth. Dommen er venta å styrka anti-kolrørsla, skriv The Guardian.

Aktivistane som prøvde å stoppa drifta og malte ordet "GORDON" nedover pipa, forsvarte dette i retten med at dei prøvde å hindra at klimaendringar gjorde endå større skade på eigedomar rundt om i verda.

Fossilt fyord

Meldinga frå klimaforskarane er klar: Klimautsleppa må ned med 85 prosent innan 2050 for å unngå dei mest dramatiske konsekvensane av global oppvarming.

To femtedeler av dei menneskeskapte klimagassutsleppa stammar frå kraftproduksjon, for det meste frå kol.

Ein av verdas leiande klimaforskarar, professor James Hansen, sa under Kingsnorth-rettssaka. at menneskeheita er i alvorleg fare: «Nokon må stå fram og seia at det må bli slutt, dra ei linje i sanden og seia: Ingen fleire kolfyrte kraftverk.»

Blant alle fossile fy-ord, er «kol» det verste. CO 2-utsleppa frå eit kolkraftverk er omtrent dobbelt så store som frå eit tilsvarande gasskraftverk.

I tillegg er det eit stort problem at verda sine kolreservar vil vara i fleire hundre år, seier klimaforskar Helge Drange ved Nansensenter og Bjerknessenteret for klimaforskning.

– Verda kan brenna alt me har av olje og gass utan katastrofale følgjer for klimaet, men dette gjeld ikkje klimagassutsleppa frå kol, seier Drange til Aftenbladet.

Sikker forsyning

– Kvar veke, eller kvar tiande dag, opnar eit nytt kolkraftverk i Kina, seier Helge Drange. Dei blir bygde med gammaldags teknologi og skal stå i mange år.

– Mange av verdas kolreservar finst i land som både er interesserte og villige til å ta dei i bruk. Det gjeld i den fattige delen av verda, men kanskje også USA, seier forskar Asbjørn Torvanger ved Cicero senter for klimaforskning.

– Rask økonomisk vekst i Kina og ei rekkje andre utviklingsland krev meir energi. Kolet er nasjonal energikjelde som gjer at dei slepp å importera dyrt eller vera usikre på forsyninga, seier Torvanger. Ukraina har til dømes skifta over til kol etter at Russland stengte gassforsyninga då dei for eit par år sidan ikkje vart einige om prisen.

Kanskje byggjer også energiselskapa fordi dei forventar at det i framtida vil bli vanskelegare å få sleppa ut CO2. Sjølv om dei byggjer ut nå, kan det vere aktuelt å ettermontera anlegg for CO2 dersom det blir strammare regulering av utsleppa, meiner han.

Dom bremsar USA

Halvparten av all elektrisitet i USA blir i dag produsert frå kol. Utbygginga held fram. Men ein høgsterettsdom frå april 2007 kan setja ein stoppar for planlegginga av 50-tals nye kolkraftverk, ifølgje Helge Drange.

– Høgsterettsdommen gjeld klimagassutslepp frå bilar, men blir vidareført til utslepp frå kolkraftverk. Argumentasjonen går på at klimagassutslepp fører til klimaendringar som igjen påverkar individet sitt ve og vel. Det blir litt tilsvarande som for tobakksrøyking, seier Drange.

New York Times skriv at Kansas har sagt nei til bygging av eit stort kolkraftverk, utelukkande på grunn av utsleppa av klimadrivande gassar. Drange meiner ganske mange kolkraftprosjekt vil bli avviste framover, på same grunnlag.

Vattenfall vil bli først

Medan Jens Stoltenberg førebur månelanding ved Mongstad og Kårstø, opna svenske Vattenfall for få veker sidan eit pilotanlegg for reinsing av kol i Tyskland.

Pilotanlegget på 30 MW vil bli det første som testar ut både fangst og lagring av CO. Anlegget ligg ved det gigantiske kolkraftverket Schwarze Pumpe, som er på 1600 MW. Vattenfall skal ifølgje Aftenposten bruka 2 milliardar danske kroner på å bli først i verda på å fanga og lagra klimagassar frå kolkraftverk. Eit dansk kolkraftverk ved Aalborg skal vera nesten heilt utsleppsfritt i 2013.

CO 2-fangst som kriseløysing: CO 2-fangst og lagring av CO 2 i grunnen må til om verda skal klara å løysa klimakrisa, meiner både Bellona og Norges Naturvernforbund.

– Kanskje er CO 2-fangst og lagring ein del av svaret på klimaproblemet, modererer forskar Asbjørn Torvanger ved Cicero.

– Dersom alle nye kolkraftverk får anlegg for CO 2-fangst og lagring frå 2015, vil det redusera dei globale utsleppa med i underkant av 20 prosent i 2030, fordi utbygging tek tid, seier han.

Bellona har på si side rekna ut at utsleppa i verda kan reduserast med ein tredel i 2050 dersom teknologien blir tatt i bruk over heile verda i 2020. I Europa kan utsleppa halverast, viser studien frå rådgjevar Aage Stangeland i Bellona.

EU forplikta seg i mars 2007 til å byggja 10-12 prosjekt for å demonstrera CO 2-handtering innan 2015. Bellona er med i Den Europeiske teknologiplattformen for CO2-handtering.

Men CO 2-fangst og lagring blir berre ei mellombels kriseløysing, understrekar Stangeland i Bellona.

– Den endelege løysinga på klimakrisa er fornybar energi og energieffektivisering, seier han.

Treng røyr og lagring

Følgjande ting må på plass for at CO 2-reinsing kan bli tatt i bruk i stor skala, ifølgje Stangeland: Teknologien må utviklast for å få prisen ned. Utbygging av infrastruktur, som røyr og lagringsplassar. Nye lovar og reglar, for til dømes å få lov til å lagra CO2 Allmenn kunnskap om lagring i grunnen, og aksept for bruk av store beløp til formålet. Finansiering. Industrien må også bidra, i tillegg til det offentlege, meiner Stangeland.

Skal 15 milliardar euro hentast til demonstrasjonsanlegg frå det europeiske kvotesystemet?

7. oktober gav miljøkomiteen i EU-parlamentet støtte til ein omdiskutert plan for å finansiera EU sine tolv planlagde demonstrasjonsprosjekt for fangst og lagring av CO2, såkalt CCS. Vedtaket kom etter at komiteen først hadde sagt nei til en mer utvatna versjon av planen, skriv NTB.

Planen går ut på å øyremerke rundt 500 millioner kvotar fra EUs kvotehandelssystem i perioden 2013-2020 til CCS-prosjekta. Med dagens kvotepris vil dette dreia seg om rundt 15 milliarder euro, om lag 125 milliarder kroner. Så langt har ikkje EU klart å koma opp med noko løysing for korleis demoprosjekta skal finansierast. Vedtaket vart derfor hylla av CCS-tilhengarar som eit stort gjennombrot for teknologien.

Men framleis må EU sine medlemsland overbevisast og eit vedtak i ministerrådet sikrast, for at planen skal bli gjennomført. 22. oktober skal EU sine medlemsland samla seg om eit mandat for å diskutera saka med EU-parlamentet og EU-kommisjonen.

Kvoteprisen må opp

Asbjørn Torvanger trur at utbygging av storskala anlegg for CO2-handtering på kolkraftverk i beste fall kan komma skikkeleg i gang i 2015.

– Ein strammare klimapolitikk for å pressa opp kvoteprisen, er det aller viktigaste for å få til CO2-reinsing i stor skala, meiner Torvanger.

Ein fersk rapport frå konsulentselskapet McKinsey slår fast at CO2-handtering etter kvart vil bli lønsamt. Ifølgje Financial Times meiner McKinsey at det innan 2030 vil kosta rundt 30 til 45 euro for kvart tonn CO2 som blir reinsa vekk frå nye kullkraftverk. Kvoteprisen for CO2 vil då kunna komma til å liggje på rundt 30-48 euro per tonn.

–Forby kolkraft

Leiar Lars Haltbrekken i Norges Naturvernforbund krev eit forbod mot bygging av nye kolkraftverk utan CO2-handtering.

– Forbodet må først komma i OECD-området frå 2015, medan ein frå 2020 kan tenkja på eit internasjonalt forbod, meiner Haltbrekken. Ein viktig føresetnad for at også land som Kina og India kan komma med, er at rike land bidreg med teknologioverføring.

Reins 10 kolkraft i Kina:

Dei 5,8 milliardane regjeringa gir til bevaring av regnskog er eit viktig bidrag for å redusera globale klimagassutslipp før 2015, synest Haltbrekken.

– Neste skritt burde vera å ta ansvaret for reinsing av utsleppa frå 10 kolkraftverk i Kina gjennom å få overført teknologi i samarbeid med kinesiske styresmakter. Reinsing av 10 kinesiske kolkraftverk ville redusera klimagassutsleppa med om lag like mykje CO 2 som Norge slepper ut på eitt år: 55 millionar tonn.

Norsk kolkraft

Her i landet finst det i dag eitt kolkraftverk: Longyearbyen Energiverk som gir lys og varme til folk på Svalbard.

To større kolkraftverk er under planlegging, begge med CO2-handtering. Ifølgje Arne Olsen i NVE har dei fått inn førehandsmelding frå Haugaland Kraft og frå interessentar på Husnes.

På Husnes ønskjer teknologiselskapet Sargas og aluminiumsprodusenten Søral å byggja eit kolkraftverk til 4,5 milliardar kroner, saman med Tinfos og Eramet Norge. I førehandsmeldinga går det fram at kolkraftverket vil produsera 2,7 millionar tonn CO 2, der 98 prosent skal kunna fangast inn. I tillegg skal kraftverket kunna brenna biomasse, og kanskje også kunna fanga

CO 2 frå aluminiumsverket i same anlegg.

Delt miljøsyn

Bellona er positive til det planlagde kolkraftverket på Husnes. Dei meiner prosjektet kan spela ei viktig rolle i utviklinga av nødvendig teknologi for CO 2-handtering.

Norges Naturvernforbund går på si side mot planane om norske kolkraftverk.

– Dette blir heilt meiningslaust, sjølv med CO 2-handtering. Det er betre at Norge brukar sine ressursar til å reinsa kolkraft i andre deler av verda, seier leiar Lars Haltbrekken i Norges Naturvernforbund til Aftenbladet.

Rekorduttak på Svalbard

Kol frå Svalbard driv fleire kolkraftverk på kontinentet. Produksjonen i dei norske kolgruvene på Svalbard var i fjor rekordhøg: Det vart tatt ut 4,1 millionar tonn kol. Nesten dobbelt så mykje som året før.

– Legg ned gruvedrifta på Svalbard, utfordrar Lars Haltbrekken i Naturvernforbundet.

– Både av omsyn til den sårbare Svalbard-naturen og klimaomsyn. Norge vil flott klara å oppretthalda suvereniteten på Svalbard utan å produsera skite brennstoff, hevdar han.

Følgjande land er sterkt avhengige av kol for å produsera elektrisitet. Oversikta viser kor stor prosentdel som kjem frå kol:

  • Polen: 93 %
  • Sør-Afrika: 93 %
  • Australia: 80 %
  • Kina: 78 %
  • Israel: 71 %
  • Kasakhstan: 70 %
  • India: 69%
  • Marokko: 69%
  • Tsjekkia: 59 %
  • Hellas: 58 %
  • USA: 50 %
  • Tyskland: 47 %
  • (Kjelde: World Coal Institute)


(Kjelder: Store Norske si årsberetning og regnskap 2007, World Coal Institute)

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli forhåndsmoderert

FØRST UT: Kinesarane var dei første som begynte å brenna kol rundt år 300 f.Kr.

TRENG ENERGI: I Kina stod kol for 69 prosent av den kommersielle energibruken i 2004. Bruken av kol i Kina vart nær dobla frå år 2000 til 2004. Auken gjekk først og fremst til å laga elektrisitet og varme i kraftverk.

UTSLEPP: Kolfyrte kraftverk står for 47 prosent av Kina sine CO 2-utslepp.

FORBRUK: Kina har dobbelt så stort kolforbruk som USA (2006-tal)

Relaterte bilder

Jens Stoltenberg vil reinse kolkraftutslepp med norsk fangstteknologi. FOTO: Scanpix

Olje og gass

Oljeservice

  • Meir opphogging i Vats

    AF Gruppen har fått kontrakt med Gassco om riving og opphogging av stigerøyrsplattforma B-11. Oppdeling og gjenvinning vil skje ved AF sin base på Raunes i Vats.

  • Skandalerigg får endelig grønt lys

    Scarabeo 8 skulle egentlig startet boringen på Goliat-feltet i Barentshavet i mai i fjor, men har hatt en lang og kronglete ferd frem mot dåpen som fant sted i påskeuken. Nå er riggen godkjent for innsats på norsk sokkel.

Fornybar energi

  • 60 kraftselskap kan bli til 3

    60 sørnorske kraftselskaper må tredoble investeringene for å fase inn masse ny fornybar energi innen 2020. Thema Consulting Group mener selskapene må slå seg sammen for å spare penger.

Klima og miljø

Meninger

På forsiden nå

Alexander Kielland-ulykken

Ebilag

Energibilaget

fuelfix_energi

barentsobserver_energi

calgaryherald_energi

nytimes_energi

jp_energi