• I Storbritannia blir det meste av norsk gass selt i den kortsiktige spotmarknaden der prisane kan svinga mellom sesongane. Bildet er tatt ved mottaksanlegget for norsk gass i Easington.

    FOTO: Thomas Førde

Eksportrekord for gass

I 2012 blei det sett ny rekord med eksport av 107,6 milliardar kubikkmeter gass frå Norge til Europa. Verdien av denne eksporten er om lag 250 milliardar kroner, tilsvarande ein firdel av statsbudsjettet.

Gasseksporten gjennom røyr blei dermed 13,4 milliardar kubikkmeter større en i 2011, viser ferske tal frå Gassco.

Gassen vart eksportert gjennom røyr frå norsk sokkel til mottaksterminalar i Tyskland, Belgia, Frankrike og Storbritannia. Vel ein firdel av den samla røyrgasseksporten går via anlegget på Kårstø.

- Den nye rekorden i levering av gass har samanheng med stabilt høg produksjon på gassfelta på norsk sokkel. Dertil har etterspurnaden vore høg etter norsk gass. Dette stadfestar at norsk gass er ettertrakta som aldri før, seier Brian Bjordal, administrerande direktør i Gassco.

Enorme mengder energi

Det er enorme energimengder som norsk sokkel i 20102 har sendt til Europa. Heile den eksporterte gassemengda tilsvarar ei energimengd ti gonger større enn heile den norske vasskraftproduksjonen. Det vil seia meir enn ti gonger som mykje energi som alle norske hushald og all norsk industri forbrukar gjennom eit år.

250 milliardar kroner

Verdien av norsk gasseksport i kroner og øre er også sterkt aukande. Marknadsanalytikar Lill Sandvik i Bayerngas Norge viser til at norsk gass til Europa blir prisa på to ulike måtar. For om lag halve eksportmengda blir prisen fastsett i langvarige kontraktar der gasspris er knytt til oljeprisen. I høve desse kontraktane var gjennomsnittleg gasspris i fjor på om lag kr. 2,50 per kubikkmeter.

Resten av gassen blir selt i den meir kortsiktige spotmarknaden der prisen var gjennomsnittleg i fjor kr. 2,10 per kubikkmeter. Dermed blir verdien av norsk eksport av gass gjennom røyr frå Norge i fjor på nær 250 milliardar kroner, seier Sandvik.

Flytande gassar

I tillegg har Norge eksportert dei flytande gassane som propan, butan, nafta, etan og kondensat med skip frå Kårstø og Kollsnes. Gassco skriv i ei melding at leveransane av flytande våtgass (NGL) og kondensat frå prosessanleggene på Kårstø og Kollsnes (via Vestprosess) for 2012 var 7 960 847 tonn, mot 7 993 309 tonn i 2011.

I følgje Statistisk sentralbyrå (SSB) eksporterte Norge frå januar til og med november i 2012 propan og butan for 20, 4 milliardar kroner. Plussar ein på eksport for om lag to milliardar i desember blir samla eksportverdi av propan og butan på 22,4 milliardar kroner.

I tillegg kjem verdien av eksportert nafta, kondensat og etan.

LNG frå Finnmark

Dertil eksporterer Norge flytande nedfrosen naturgass (LNG) med tankskip frå anlegget på Melkøya i Finnmark. Dette volumet brukar årleg vera mellom fire og fem milliardar kubikkmeter og kan dermed ha ein verdi på rundt åtte milliardar kroner.

Råolje

Verdien av samla norsk gasseksport har dermed truleg krype over 280 milliardar kroner i 2012 og nærmar seg verdien av råoljeeksporten.

I følge SSB var verdien av norsk råoljeeksport for dei første 11 månadene i 2012 på 287 milliardar kroner.

Innanlands

Gasscos oversikt viser at i 2012 er 1,4 milliardar kubikkmeter naturgass er levert til innanlands forbruk, mot 1,6 milliardar kubikkmeter i 2011.

Det heiter vidare i pressemeldinga frå Gassco at selskapet har som mål å drive det integrerte transportsystemet for norsk gass med høgast mogeleg regularitet.

- I 2012 er det oppnådd ein gjennomsnittleg regularitet for transportsystemet på 99,69 prosent, mot 99,17 prosent i 2011, skriv Gassco.

 

Les også

Siste fra Aenergi