• FOTO: SCANPIX

Grønn boom er større enn gass og kol

Den globale pengesekken til fornybar energi var i fjor rundt ti gonger så stor som pengesekken til oljeinvesteringar på norsk sokkel.

For første gong i historia er verda sine investeringar i fornybar kraftproduksjon no større enn investeringane i kolkraft og gasskraft.

Energikonferanse i Trondheim

Dette blir tema når Enovakonferansen i dag startar i Trondheim; Det grønne gullet.

Private investorar og selskap blir her oppfordra til å gripa sjansen som ligg i dei nye, grøne marknadene.

- Målet er like aggressive aktørar innan fornybar-feltet som Statoil er på utvinning av nye oljefelt, seier dagleg leiar Anders Bjartnes i Norsk klimastiftelse. Han viser særskilt til Norge sin styrke innan vasskraft.

Tenk stort!

- Statkraft og andre aktørar med finansielle musklar må tenkja stort for å vera med der det skjer, seier Bjartnes. Han meiner det er viktig at norske investorar, politikarar og næringslivsleiarar får auga opp for kor stor den fornybare sektoren verkeleg er .

I 2011 steig investeringane i rein energi med 5 prosent i frå året før: Til 260 milliardar dollar. Det viser tal frå finansanalysebyrået Bloomberg. Dei grøne investeringane har vakse raskt og var i 2011 nær fem gonger så store som i 2004.

Ti gonger større

Den globale pengesekken til fornybar energi var i fjor rundt ti gonger så stor som pengesekken til oljeinvesteringar på norsk sokkel. SSB sitt anslag for norsk olje- og gassverksemd viser eit investeringsnivå på 152,6 milliardar norske kroner. Eller 26 milliardar dollar.

Men oljeindustrien er ikkje medrekna når Bloomberg slår fast at investeringane i miljøvenleg kraft for første gong er større enn investeringane i kolkraft og gasskraft.

- Tid for det grøne gullet

Tirsdag opnar olje- og energiminister Ola Borten Moe Enovakonferansen "Det grønne gullet" i Trondheim. Over 100 personar stod i går på venteliste for å få plass på konferansen, der direktørar frå konsern som Siemens og Elkem fortel om sine fornybar-satsingar.

- Gjennom to heile dagar håpar me å inspirera norske selskap og investorar til å sjå sjansane som ligg i det grøne gullet, seier administrerande direktør Nils Kristian Nakstad i Enova.

- På kva område meiner du norske selskap bør satsa om dei vil gå for grønt?

- Her er betydelege sjansar til verdiskaping ved å utnytta dei grøne kraftressursane som Norge har. Det kan skje gjennom auka produksjon av fornybar kraft eller ved teknologisk utvikling som kan gje ytterlegare utnytting av krafta her eller i utlandet. Det kan også vera at den norske sjansen skal vera å utvikla neste generasjon kraftkrevjande industri, som blir meir energieffektiv, seier Nakstad.

Ved nyttår vart den marknadsbaserte ordninga med elsertifikat innført for å stimulera til nye fornybar-utbyggingar i Norge. Dermed gjekk vindkraftstøtte ut av Enova sin portefølje.

- Kva blir Enova si rolle framover?.

- Me skal mellom anna introdusera og marknadsføra nye produksjonsteknologiar og sørgja for at dei blir konkurransedyktige. Slik kan dei komma inn under sertifikatmarknaden, seier Nakstad. Støtte til demonstrasjonsanlegg for vindkraft til havs, som fleire aktørar har etterlyst, kan vera eit av tiltaka.

Småkraft treng to ting

- Private og offentlege utbyggjarar står klar til å investera 30 milliardar kroner i småkraftanlegg dei neste åtte åra, seier dagleg leiar Henrik Glette i Småkraftforeninga.

- For å lukkast treng me to ting: Nett, inkludert kablar til utlandet, og ei kjappare konsesjonsbehandling i NVE. Med desse tinga på plass, er utbyggjarane klare til å investera i småkraftanlegg tilsvarande 7 TWh. Me ser positive signal på begge område, men her må me ha full stim, seier Glette.

Les også

Siste fra Aenergi