• Teknologisenteret sett frå toppen av det 65 meter høge tårnet til Aker Clean Carbon. Testansvarleg Vibeke Andersen frå Aker seier anlegget er det største selskapet har bygd. Dei er også klare for å levera teknologi til eit større, fullskala anlegg.

    FOTO: Helge Hansen, Gassnova

  • TCM-sjef Tore Amundsen viser fram "det første konkrete, handfaste resultatet av regjeringa si CO2-fangst." Teknologisenteret til 6 milliardar kroner er så godt som klart.

    FOTO: Helge Hansen, Gassnova

  • Testansvarleg Vibeke Andersen frå Aker Clean Carbon ser framtil å begynna testing av selskapet sin amin-teknologi i vår.

    FOTO: Helge Hansen, Gassnova

  • Bygg, tårn, røyr og kablar i verdas største testsenter for CO2-fangst dekker eit område som er like stort som 9-10 fotballbanar. I bakgrunnen Dong sitt kraftvarmeverk som utløyste satsinga på CO2-reinsing på Mongstad.

    FOTO: Helge Hansen, Gassnova

  • Dei testansvarlege Vibeke Andersen frå Aker Clean Carbon og Michael Koch frå Alstom, smiler. Dei er like fullt arge konkurrentar i kampen om å få "landa på månen" med Jens Stoltenberg. Det vil seia: levera teknologi til det planlagde fullskalaanlegget.

    FOTO: Helge Hansen, Gassnova

  • Alstom sitt anlegg i forkant, i ferd med å bli malt under presenningar. Aker Clean Carbon sitt anlegg rett bak med det høge betongtårnet.

    FOTO: Helge Hansen, Gassnova

  • Administrerande direktør Bjørn-Erik Haugan i Gassnova, TCM-direktør Tore Amundsen og Sverre Overå frå Statoil samarbeider om det unike testsenteret som skal klargjera grunnen for store fangstanlegg for CO2. Desse kan gi store utsleppskutt rundt i verda.

    FOTO: Helge Hansen, Gassnova

  • CO2 Teknologisenter Mongstad (TCM) er verdas største og mest unike senter for demonstrasjon og forbetring av teknologiar for CO2-fangst. Mange har besøkt anlegget alt før opninga 7. mai. Torsdag var det norsk presse sin tur.

    FOTO: Helge Hansen, Gassnova

«Heile verda» vil sjå nytt testsenter

Interessa for verda sitt største demonstrasjonsanlegg for CO2-fangst på Mongstad er overveldande, frå Japan i aust til USA i vest. 3000 besøkande før opninga overgår sjølv det teknologisk banebrytande Ormen Lange-prosjektet.

Det seier Vegar Stokset som er kommunikasjonssjef ved teknologisenteret på Mongstad (TCM).

- Teknologisenteret er det første synlege og handfaste resultatet av regjeringa si klimasatsing, seier administrerande direktør Tore Amundsen i TCM.  Senteret utgjer eit av to løp i den såkalla månelandinga til Jens Stoltenberg. Det andre løpet er eit planlagt fullskala anlegg for CO2-fangst frå varmekraftverket som kan stå klart i 2020.

Fullskala-anlegg?

Etter at det i går vart kjent at Statoil slit med økonomien for oljeraffineriet på Mongstad, er det stilt spørsmål ved om fullskala-anlegget vil bli noko av. Drifta av raffineriet og gasskraftverket heng tett saman.

Statoil sin pressetalsmann Morten Eek ser ikkje grunn til å endra noko i planane om CO2-reinsing på Mongstad. Han trur ikkje at problema for raffineriet vil få konsekvensar for teknologisenteret eller det planlagde fullskala anlegget for CO2-fangst.

- Arbeidet med fullskalaanlegget held fram til det blir gjort ei investeringavgjerd i 2016. Me vil då sjå nærare på kva driftsformer som vil inngå, seier han.

Stort område

La det ikkje vera nokon tvil: Også teknologisenteret, eller testsenteret, er stort. Området tilsvarer 9-10 fotballbanar. Det er strekt 45 mil med kablar, og kilometervis med røyr på opptil 1,2 meter i diameter, snor seg rundt på området.

Eit 65 meter høgt betongtårn med Kværner-flagg i toppen tronar over området, som ligg tett i tett med det kriseramma raffineriet og kraftvarmeverket på Mongstad som for tida går for halv maskin.

Teknologisenteret har kosta 6 milliardar kroner og er nå 95 prosent ferdig.

Aker og Alstom

Her skal to leverandørar av reinseteknologi, norske Aker Clean Carbon og franske Alstom i vel eit år testa ut og vidareutvikla sine teknologiar. Dei skal skilja ut CO2 frå eksosgassen både frå gasskraftverket og frå raffineriet på Mongstad.

Side om side på anlegget, men kontrollromma til konkurrentane som ligg på kvar si side av TCM sitt kontrollrom, har ekstra lydtette vegger.

Enno er det berre utstyret som blir testa, men Aker skal i gang med testing av sin amin-teknologi i det høge betongtårnet i løpet av våren. Alstom startar testinga av sin nedkjølt amoniakk-teknologi til sommaren i sitt anlegg, som er lågare og meir kompakt.

Alstom og Aker Clean Carbon konkurrerer med  Mitsubushi, Siemens og Huaneng-Ceri om å få levera teknologi for det langt større fullskala-anlegget på Mongstad.

Opning i mai

Jens Stoltenberg skal stå for opninga av testsenteret TCM 7. mai, der ei rekke prominente namn står på gjestelista. Blant dei er EU sin energikommisær Günther Oettinger og sjefen for Det internasjonale energibyrået, Maria van der Hoeven.

Sistnemnde har alt besøkt teknologisenteret på Mongstad då ho var minister i Nederland. Blant dei andre 3000 som har besøkt anlegget er energiministrar frå USA, Abu Dhabi og Sør-Afrika og delegasjonar frå Japan, Australia og ei rekke europeiske land.

- Det første besøket var frå Sør-Korea. Dei kom alt før bygginga var i gang, og me såvidt hadde begynt å sprenga stein, seier Stokset.

Trått for teknologiutvikling 

FN sitt klimapanel har rekna ut at det på verdsbasis må byggast 3500 fullskala CO2-fangstanlegg innan år 2050 for å hindra at gjennomsnittstemperaturen på kloden blir meir enn to grader varmare.

Målet er at 20 prosent av utsleppskutta globalt skal skje ved hjelp av karbonfangst-teknologi i 2050. Så langt går bygginga av anlegg trått, blant anna på grunn av finanskrisa og låg pris for å sleppa ut CO2.

– I dag finnest det ingen fullskala anlegg for CO2-fangst i verda, seier administrerande direktør Bjørn-Erik Haugan i Gassnova.

– To anlegg er under bygging: Eit i Canada og eit i USA. Dei blir bygde for å bruka CO2-en til å forbetra oljeutvinning i reservoar, som fører til betre prosjektøkonomi. Mange svært ambisiøse planar for CO2-fangst har stranda. Berre det siste halvåret er 3-4 prosjekt blitt stoppa. Desto viktigare er det me gjer i Norge, seier Haugan til Aftenbladet.

Følg Aenergi.no på Twitter.com/AenergiNO

News in English? Click here!

Les også

Siste fra Aenergi

CO2-fangst

CCS: Karbonfangst og lagring (CO2-fangst). Kan skje på ulike måtar. For kolkraftverk, gasskraftverk og industri-utslepp. På Mongstad er planen å reinsa eksosgass frå varmekraftverket.

Månelandinga: Bilde lansert av Jens Stoltenberg for å beskriva teknologiutviklinga og satsinga som må til for å få til CO2-reinsing. Meint som eit norsk bidrag til å løysa klimakrisa. To anlegg er planlagt på Mongstad: Eit fullskala og eit testsenter i mindre skala

Teknologisenteret (TCM): Her skal norske Aker Clean Carbon og franske Alstom testa ut kvar sin teknologi: Aminteknologi og nedkjølt amoniakk.

CCM eller fullskalaanlegget: Tidlegare utsett fleire gonger. Investeringsavgjerd planlagt innan 2016 og eit fullskala anlegg for CO2-fangst skal etter planen stå klar i 2020. Fem selskap konkurrerer om å få levera teknologi til anlegget.

3500: Så mange fullskala anlegg har FN sitt klimapanel rekna ut må til på verdsbasis innan år 2050 for å hindra at gjennomsnittstemperaturen på kloden blir meir enn to grader varmare.

20 prosent av utsleppskutta globalt skal skje ved hjelp av CCS-teknologi i 2050. Så langt går bygginga av anlegg trått, blant anna på grunn av finanskrisa og låg pris for å sleppa ut CO2.

2 svakheiter: Dei tilgjengelege teknologiane er 1) kostbare og 2) «et opp» energien. Men det er forskjell på kor mykje dei et opp.

Relaterte bilder

CO<sub>2 </sub>Teknologisenter Mongstad (TCM) er verdens største og mest unike senter for demonstrasjon og forbedring av teknologier for CO<sub>2</sub>-fangst. 7. mai 2012 åpnet Jens Stoltenberg senteret.

CO2 Teknologisenter Mongstad (TCM) er verdas største og mest unike senter for demonstrasjon og forbetring av teknologiar for CO2-fangst. Mange har besøkt anlegget alt før opninga 7. mai. Torsdag var det norsk presse sin tur. FOTO: Helge Hansen, Gassnova

Meninger

På forsiden nå