• En mann fra Masai-stammen holder en plakat mens han deltar i en demonstrasjon utenfor møtelokalene i Durban der klimatoppmøtet finner sted.

    FOTO: REUTERS/Siphiwe Sibeko

Kina gjer meir enn USA

Klimaverstingane Kina og USA strittar begge imot ein bindande global klimaavtale. Samtidig er ein viktig forskjell mellom dei to kva dei faktisk gjer for å kutta utsleppa.

- Frykta er at USA og Kina går saman i ein koalisjon av «dei som ikkje vil noko særleg». Men Kina sine nasjonale klimatiltak gir litt grunn til optimisme, seier klimarådgjevar Bård Lahn i Naturvernforbundet. Han kom til Durban i går, på opningsdagen for årets internasjonale klimatoppmøte.

Til saman står dei to største utsleppsnasjonane for 40 prosent av verda sine klimagassutslepp: Kina med 22 prosent og USA med 18 prosent.

Landa som har forplikta seg til kutt i Kyoto-avtalen representerer til samanlikning 30 prosent av verda sine CO2-utslepp. Dei av landa som er klare for å gå vidare med avtalen står berre for 15 prosent av klimautsleppa.

- USA gjer minimalt

- Felles for Kina og USA er at dei har låge ambisjonar i forhandlingane og ønskjer mest mogleg nasjonal kontroll, seier Lahn.

Han meiner ein ny, bindande klimaavtale er urealistisk, så lenge den amerikanske presidenten er låst av det republikanske fleirtalet i Kongressen.

- Kina har skjønt at USA ikkje kjem til å gjera noko. Heile verda har gitt opp USA fram til neste presidentperiode, seier Lahn.

USA har lova å kutta utsleppa sine med 17 prosent innan 2020, i forhold til 2005-nivå, og med 80 prosent innan 2050.

- Men så langt har USA knapt nok gjort noko på heimebane, slår Lahn fast.

Lysglimt i aust

Kina vil kutta utsleppa ved å gjera produksjonen meir energieffektiv. Målet er å redusera klimaintensiteten med 40-45 prosent per produserte eining i BNP (brutto nasjonalprodukt) innan 2020.

- Kina sine klimamål kunne godt ha vore meir ambisiøse, men landet er alt i full gang med å nå måla sine, sektor for sektor. Dette er eit paradoks som gir litt grunn til optimisme, seier Lahn. Andre lyspunkt er land som Indonesia og Mexico sine tiltak for å kutta utslepp.

Kuttar 2 milliardar tonn

- Omfanget og ambisjonane for Kina si klimasatsing er eineståande. Dei vil redusera utsleppa med 2 milliardar tonn i forhold til kva dei elles ville ha sleppt ut i 2020, seier forskingsdirektør Knut H. Alfsen ved Cicero senter for klimaforskning. Han er også rådgjevar for den kinesiske regjeringa innan miljø og utvikling.

2 milliardar tonn er meir enn Storbritannia sine utslepp i dag. Men sidan den økonomiske veksten held fram i Kina, vil ikkje dei totale klimautsleppa gå ned.

Grøn satsing - og kolkraft

- Kina satsar ikkje primært av klimaårsaker. Andre grunnar er at dei ikkje vil bli avhengige av import av energi frå andre land; fordi dei vil redusera lokal forureining og fordi dei vil modernisera industrien sin. Kina skaper ein ny lågkarbon-industri som produserer vindmøller, solceller og batteri til elbilar.

Samtidig opnar fire nye kinesiske kolkraftverk kvar veke. 

- Det er den mørke sida av dette lysglimtet. Sjølv det Kina gjer, er ikkje nok. For å nå målet om å avgrensa den globale oppvarminga til to grader, må utsleppa betydeleg ned også i Kina, seier Alfsen.

Utsleppsveksten må snu

- Reelle utsleppskutt er det store, vanskelege spørsmålet som verkeleg hastar, men som i for liten grad er på dagsorden under klimatoppmøta. Kven som skal gjera noko, kor mykje, og når, seier Lahn i Naturvernforbundet.

- FN sitt klimapanel seier at toppen må vera nådd, og at utsleppa må gå nedover alt om 3-4 år for å nå togradersmålet, legg Bård Lahn til.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli forhåndsmoderert

Veien til Durban

Kyoto-avtalen: Vedtatt i desember 1997 i Kyoto, Japan.

Avtalen innebærer at 37 industrialiserte lands utslipp av klimagasser skal reduseres med 5,2 prosent i forhold til 1990-nivå i perioden 2008–2012.

Forhandlinger: På Bali-konferansen i desember 2007 oppnådde de 190 medlemslandene i FNs klimakonvensjon (UNFCCC) enighet om å begynne forhandlinger om en ny avtale for perioden etter 2012, når forpliktelsene i Kyoto-avtalen opphører.

Forsinket: Etter planen skulle forhandlingene være fullført på FNs klimakonferanse i København i desember 2009. Konferansen i København førte ikke fram til enighet, og forhandlingene ble forlenget med ett år, fram til toppmøtet i Cancún i Mexico i desember 2010.

Videreføring: Heller ikke på konferansen i Cancún ble det enighet om en videreføring av Kyoto-avtalen, og forhandlingene fortsetter nå på klimatoppmøtet i Durban som starter på mandag.

Det er bred enighet internasjonalt om at heller ikke møtet i Durban neste uke vil føre til en videreføring av Kyoto-avtalen.

Klimatoppmøte

Pessimismen rår i starten av FN sitt 17. klimatoppmøte i Durban, Sør-Afrika. Denne og neste veke skal forhandlarar og ministrar frå 192 land diskutera tiltak mot global oppvarming.

To viktige stridstema blir vidareføring av Kyoto-protokollen om utsleppskutt i rike land og finansiering av det såkalla grøne fondet, som skal brukast til klimatiltak i fattige land.

Fattige land står mot rike land, og vil vidareføra Kyoto-avtalen. Japan, Russland og Canada hoppar av Kyoto-sporet, fordi dei meiner andre store utsleppsland må med. Kina som slepper ut mest CO2 i verda, nektar å gjera noko før USA tar ansvar.

Meninger

På forsiden nå

Olje og gass

  • Statoil drukner i CV-er

    Bergen Group Rosenberg og leverandørindustrien forøvrig kniver om ingeniørene. I Statoil får de 200 CV-er i posten daglig og har så mange å velge i at de må holde den reneste Idol-audition.

Oljeservice

  • Meir opphogging i Vats

    AF Gruppen har fått kontrakt med Gassco om riving og opphogging av stigerøyrsplattforma B-11. Oppdeling og gjenvinning vil skje ved AF sin base på Raunes i Vats.

  • Skandalerigg får endelig grønt lys

    Scarabeo 8 skulle egentlig startet boringen på Goliat-feltet i Barentshavet i mai i fjor, men har hatt en lang og kronglete ferd frem mot dåpen som fant sted i påskeuken. Nå er riggen godkjent for innsats på norsk sokkel.

Ebilag

Energibilaget

Fornybar energi

Klima og miljø

  • Full klimakrangel i Bonn

    Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.

Alexander Kielland-ulykken

fuelfix_energi

barentsobserver_energi

calgaryherald_energi

nytimes_energi

jp_energi