• -Mindre is i Arktis gjer det meir sannsynleg at vintrane blir kalde framover, seier professor Tore Furevik.

    -Mindre is i Arktis gjer det meir sannsynleg at vintrane blir kalde framover, seier professor Tore Furevik.

    FOTO: Scanpix

Lite is i Arktis kan gi kald vinter

Mindre isutbreiing i Arktis og forsinka tilfrysing om hausten, vil føra til fleire kalde vintrar i Europa, USA og aust i Asia, meiner klimaforskarar.

English version: Little Arctic ice will mean cold winters

Den siste rekorden som var frå september 2007, var slått alt i slutten av august i år. Den dramatiske reduksjonen av sjøisen i nord skjer på grunn av menneskeskapt, global oppvarming som gir høgare temperaturar i Arktis.

Men samtidig påverkar den minkande isutbreiinga i nord klimaet lenger sør, slik at fleire vintrar vil bli kaldare i blant anna Norge og resten av Europa. Det meiner ei rekke klimaforskarar.

- Korleis heng dette saman?

Professor Tore Furevik, som er leiar av senter for klimadynamikk ved Bjerknessenteret i Bergen, forklarer:

- Mindre is i Arktis gjer det meir sannsynleg at vintrane blir kalde framover. Dei kalde vintrane som me såg i 2009 og 2010 ser til dømes ut til å vera kobla til mindre isutbreiing i Arktis.

Når det er lite is og mykje varmt sjøvatn i nord, skjer tilfrysinga av havisen seinare på hausten. Lufta over dei opne havområde vil vera mykje varmare enn der det er is, og det gir eit høgare lufttrykk i høgda. Dette vil igjen svekka jetstraumane som går frå vest til aust heile vegen rundt Arktis, og som gjer at det tar lengre tid å reisa med fly frå Europa til Amerika enn det tar å reisa andre vegen, seier Furevik.

Kald luft trenger ned

Jetstraumane dannar ein buffer mellom den kalde lufta i Arktis, som trass i oppvarminga enno er relativt kald, og varmare luftmassar lenger sør på den nordlege halvkulaI år sette Arktis ny minimumsrekord for isubreiing..

Les også

Forskere avlyser olje- og gassfesten i Arktis

Olje- og gass er billigere å utvinne andre steder. Derfor vil ikke Arktis få stor betydning som petroleumsprovins fram til 2050.

- Når det blir lite is i Arktis, fører dette til at jetstraumane blir svakare. Buffereffekten minkar, slik at meir luft vil trenga ned frå Arktis.

- Og då ligg Norge midt i løypa for kaldlufta?

- Ja, denne dynamikken kan gi kalde vintrar i Europa, deler av USA og i Kina. Typisk er kalde periodar i desember til januar, seier Furevik. Han seier mekanismen alt er godt etablert, og har vist seg fleire gonger sidan den siste rekorden for isutbreiing i Artis vart sett i 2007. Men det er likevel ingen automatikk i dette: Andre vêrmønster og forhold kan komma og leggja seg oppå, og motverka denne tendensen til kaldt vêr.

Vanskeleg å spå

- Kva med årets vinter – blir denne kald?

- Det er vanskeleg å spå, men med rekordlite is i Arktis er det meir sannsynleg at vinteren blir kald enn dersom isdekket hadde vore meir normalt.

- Dette kan gjerne virka litt merkeleg: At global oppvarming gir oss fleire kalde vintrar?

- Ja, men det skuldast altså at temperaturforskjellane blir mindre mellom nord og sør. For sjølv om det er blitt varmare i Arktis, er det likevel mykje kaldare enn her, seier Furevik. Han seier at mange forskingsresultat i nyare tid støttar opp om denne forklaringa, spesielt frå amerikanske forskarar, men også med bidrag frå Bjerknessenteret og nokre av senteret sine kinesiske samarbeidspartnarar.

- Kan like gjerne bli varmt

Forskar Rasmus Benestad ved Meteorologisk Institutt i Oslo, er ikkje like sikker som Furevik på at vintrane blir kaldare. Dette fordi vêrsystemet i polområdet er kaotisk. Det vil seia at det her skal veldig små endringar til for å gi heilt ulike utslag på vêret.

Les også

Arktis-isen den 9. september 2012. Årets issmelting er slutt. Satelittbildet viser årets bunnotering.

Arktis har nådd bunnen

Årets sommer har tæret hardt på Arktis-isen. Satelittbildet fra årets siste sommerdag 9. september viser at isen er 0,6 millioner kvadratkilometer mindre enn ved forrige bunnrekord i 2007.

Han meiner forskarane enno er litt i startgropa på å finna ut korleis isutbreiinga påverkar vêrsystema og temperaturane på våre breiddegrader.

- Temperaturen kan gå både opp og ned, og me har ikkje funne nokon klare og systematiske mønster enno, seier Benestad. Han understrekar at mange faktorar spelar inn på vintertemperaturen, og meiner det er dristig å trekka konklusjonane alt nå.

Les mer om Arktis:

Les også

Fakta

Kva: Ein jetstraum er ein rask, relativt smal luftstraum som ein finn i atmosfæren til enkelte planetar. Hovudjetstraumen ligg i toppen av troposfæren, nær tropopausen.

Kvar : Dei blir danna på grensa mellom to luftmassar med forskjellig temperatur, slik som over polarfronten der varm tropisk luft møter kald polar luft. Denne polarjetten er den kraftigaste jetstraumen, rundt 7-12 km over havet.

Bølgjande form : Hovudjetstraumen er ein vestleg vind (frå vest mot aust) på både nordlege og sørlege halvkule. Bana til jetstraumen har vanlegvis ei bølgjande form, og desse bølgjene forplantar seg austover med lågare fart enn sjølve vinden.

Kjelde: Wikipedia

Meninger

På forsiden nå

fuelfix_energi

barentsobserver_energi

calgaryherald_energi

nytimes_energi

jp_energi