• "Stril Polar" er spesialbygt for arbeid i kaldt klima.

    FOTO: Simon Møkster Shipping

Møkster vant med «Stril Polar»

Stavanger-reiarlaget, Simon Møkster Shipping, er blitt tildelt kontraktar for to av sine skip. Kontrakten vil vara i nær tre år.

Det er med forsyningsskipet "Stril Polar" og berdekspasfartøyet "Ranger" at Møkster har sikra seg nye oppgåver på norsk sokkel.

Kontraktsmotpart denne gongen er oljeselskapet Wintershall, som gjennom Transocean Artic Consortium samarbeider med oljeselskapa Lundin og VNG.

15 brønnar

- Den fast avtalte kontraktsperioden omfattar boring av 10 brønnar. Men kontraktane kan forlengjast til å omfatta fem brønnar i tillegg.

Til saman kan dermed oppdraget koma til å vara i nær tre år for desse to fartøya, heiter det i ei melding frå Møkster.

Dei to fartøya "Stril Polar" og "Ranger" skal stå til teneste når riggen "Transocean Artic", startar boringa rundt 15. juni i år. Operasjonsområdet blir Nordsjøen og i Barentshavet.

Utrusta for Barentshavet

"Stril Polar", som i dag utfører arbeid for Det Norske og Noreco i Barentshavet, er eit allsidig utrusta fartøy og spesialutrusta for operasjon i kaldt klima.

I tillegg til å vera bygt som forsyningsskip er "Stril Polar" også utrusta for oljevernberedskap, for standby/redning og brannsløkking.

Følg Aenergi.no på Twitter.com/AenergiNO

News in English? Click here!

Les også

Siste fra Aenergi

Meninger

På forsiden nå

fuelfix_energi

barentsobserver_energi

calgaryherald_energi

nytimes_energi

jp_energi