Krever klart svar fra regjeringen om drivstoffkvalitet
WWF og Greenpeace krever klarhet i regjeringens posisjon om EUs drivstoffdirektiv. Hensikten med reglene er mer miljøvennlig drivstoff.
– Norge som storeksportør av olje og gass, har etisk plikt til å gå i front i utviklinga av teknologi som kan løysa CO2-problemet.
AV: thomas førde
Det er tidlegare olje- og energiminister og nå styreleiar i Gassnova, Einar Steensnæs, som seier dette. I sommar blei han av energiminister Ola Borten Moe spurt om han ville ta på seg styreleiarvervet i statlege Gassnova.
Det er Gassnova som skal koordinera Stoltenbergs ambisiøse månelandingsprogram. (Les: utvikling og bygging av CO2-fangstanlegg i fulll skala på Mongstad)
Til neste år har Gassnova fått tildelt tre statlege milliardar kroner til å førebu «måneferda og landinga». Meir eller mindre kvalifiserte spådommar tyder på at sluttrekninga vil lyda på åtte gonger så mange milliardar kroner før eit fullskala CO2-fangstanlegg er kome i drift på Mongstad.
– Kunne ikkje denne uhorvelege pengemengda blitt nytta på ein meir fornuftig måte og likevel til beste for miljø og klima?
– Ingen veit i dag kva eit CO2-fangst- og lageringsanlegg vil kosta. Men det blir store beløp. Sjølv om det skulle kosta 30 milliardar kroner utgjer det likevel berre ein prosent av Norges pensjonsfond utland, kapitalen som er spart opp etter norsk olje- og gasseksport.
Sjølv petroleumsnæringa, slepp me billeg unna finanskrisa. Skal ein kunne nå målet om å stabilisera temperturauken med to grader og dermed hindra klimakollaps, må løysingar for fangst og lagring av klimagassen karbondioksid stå for 20 prosent av tiltaka, seier Steensnæs.
– Direktøren for klimateknologisk forsking ved Sintef, Nils Røkke hevdar at CO2-fangstteknologien er der, men politisk vilje manglar. Kvifor er det blitt så mange utsetjingar på Mongstad?
– Dette er risikofylt og uprøvd teknologi i full skala. Sjansen ligg der for at ein ikkje når fram i første forsøk. Dertil har uvisse rundt aminteknologiens helsefare og finanskrisa internasjonalt bidratt til utsetjingar. Når store investeringar skal gjerast må ein gjera det ein kan for å opptre så kostnadseffektivt og energieffektivt som råd er. Difor startar Gassnova eit treårig program frå 2012 til 2015 med prekvalifisering av selskap og deira teknologi. I 2016 skal Gassnova kunne konkludera og presentera eit vedtaksgrunnlag for regjeringa slik at eit fullskala CO2-anlegg kan stå klart på Mongstad i 2020.
– Til å vera med i tevlinga inviterer me både norske og utanlandske selskap. Gjennom konkurransen vil me finnan fram til det aller beste. Den investeringa me gjer i CO2-fangstteknologi i dag kan gi grunnlag for eksportinntekter og arbeidsplassar i framtida, seier Steensnæs
– Men Aker og Aker Solutions er pessimistar med tanke på framveksten av ein marknad for utstyr innan CO2-fangst. Kva skjer med testsenteret på Mongstad om Aker Clean Carbon trekkjer seg?
– Aker Celan Carbon har gjort det klart at dei står ved avtalen om deltaking i testsenteret på Mongstad og at dei vil bli med i tevlinga om bygging av fullskalaanlegget.
– Bellona-Hauge hevdar at Statoil har for sterk påverknad på kva regjeringa gjer i denne saka og at resultatet blir utsetjingar?
– Statoil er profesjonell aktør som utviklar store investerings og utviklingsprosjekt etter vanlege beslutningsmodellar. Eg har hatt møte med Statoil-sjef Helge Lund om fullskala-prosjektet på Mongstad og eg har stor tillit til Statoils vilje og rolle i dette, seier styreleiaren.
Gassnova: Statens organ for koordinering av innsats og pengebruk innen utvikling av CO2-fangst- og lagringsteknikk. Gassnova eier75,12 prosent av testsenteret på Mongstad.
Testsenteret: (TCM) Skal åpnes på Mongstad våren 2012 etter en investering på over fem mrd. kroner. Aker Clean Carbon og Alstom skal prøve ut sine løsninger for CO2-fangst her.
Fullskala Mongstad: Investerings- og byggevedtak om et CO2-fangstanlegg i fullskala på Mongstad skal regjeringen gjøre i 2016. Anlegget kan stå klart i 2020.
Utsettelser: Kårstø skulle bli renset for CO2-utslipp i 2009, lovet Stoltenbergs første rødgrønne regjering. Mongstad skulle få tilsvarende anlegg i 2014, ifølge avtale mellom Statoil og staten.
WWF og Greenpeace krever klarhet i regjeringens posisjon om EUs drivstoffdirektiv. Hensikten med reglene er mer miljøvennlig drivstoff.
Natur og Ungdom-leder Silje Lundberg har søkt på en stilling som kommunikasjonsrådgiver i Statoil. Hun håper å «bidra til et mer åpent og sannhetsbasert informasjonsarbeid». Statoil takker for søknaden.
Solstad har vore eit flaggskip mellom reiarlaga i bruken av norske sjøfolk. Nå varslar Solstad utflaging av seks offshorefartøy.
Et positivt sistekvartal med et driftsresultat som bikket milliarden skapte begeistring for Aker Solutions. Aksjen steg rundt 15 prosent da børsen åpnet fredag.
Norge eksporterte 4,2 terawattimer strøm i fjorårets siste kvartal. Det tilsvarer omtrent halve Oslos årlige strømforbruk.
Kostnadssprekk og forsinkingar gjer at Statkraft nå set ned verdien av havvindparken Sheringham Shoal med 338 millionar kroner. Partnaren Statoil har ikkje gjort den same vurderinga av prosjektet, som har ein prislapp på 10 milliardar kroner.
Venstre tar til orde for et bredt forlik på Stortinget om avgiftsfritak og andre fordeler for biler med nullutslipp. Partiet mener det er for stor uforutsigbarhet for produsenter og brukere.
Natur og Ungdom-leder Silje Lundberg har søkt på en stilling som kommunikasjonsrådgiver i Statoil. Hun håper å «bidra til et mer åpent og sannhetsbasert informasjonsarbeid». Statoil takker for søknaden.
Hør de dramatiske historiene.
Kommentarer