• FOTO: Thomas Førde

Norges største satsing utanlands

Norges største industri-satsing utanlands blir bygt på sand i ørken ved den Arabiske golfen.

Aldri før har eit norsk industriselskap satsa så tungt i eit anna land. Hydro saman med den lokale partnaren, Qatar Petroleum, byggjer verdas største aluminiumsverk, i eit byggjetrinn.

Hydros del av investeringa er halvparten, det vil seia 20 milliardar kroner. Men Hydro satsar ikkje berre pengar, men også eigne folk og prosjektstyring.

Les også: Bur på brakke i to år

Ormen Lange

– Me har valt og leia dette prosjektet sjølve, mellom anna på grunn av ferske og gode røynsler etter utbygginga av gassprosjektet Ormen Lange, seier konserndirektør i Hydro for nye utbyggingar, Tom Røtjer.

Han legg til at Hydro dessutan dreg nytte av ferske erfaringar etter bygginga av nytt aluminiumsverk på Sunndalsøra.

Nå er vel 100 nordmenn på plass i Qatar. Dei fleste er førebels opptekne med leiing og oppfølging av sjølve byggearbeidet der meir 15.000 anleggsarbeidarar frå 42 ulike land er engasjert.

Heile verda

Dessutan er organisasjonen, som skal starta og driva aluminiumsverket, under oppbygging leia av karmøybuen, Truls Gautesen.

I løpet av neste halvår vil 300 nordmenn vera på plass i ørkensanden i Qatar.

– Me tar så og seia hele verda i bruk til produksjon av delar og utstyr til dette nye aluminiumsverket, seier Tom Røtjer, som står på farten til å besøkja ein stor underleverandør i Kina som produserer overbygget til alle dei 710 elektrolysecellene i verdas største aluminiumsverk.

Utfordringar

Hydros prosjektdirektør i Qatar, Erik Smith har vore gjennom mange store utfordringar når det gjeld å halda oppe tempoet i byggearbeidet.

– Å skaffe erfarne arbeidsleiarar har vore ein bøyg. Dessutan har det vore periodevis mangel på materialar som sement og armeringsstål, seier Smith. Han legg til at i ørken er det underleg nok mangel på sand av rett kvalitet. Sanden har oftast for stort innhald av salt. Dessutan må all stein importerast, seier prosjektdirektøren, som legg til at framdrifta nå er berre eit lite hakk bak planen.

Lånefinansiering: Finansieringa av gigantutbygginga var på plass i grevens tid. Avtale om lån av 2,6 milliardar dollar blei underteikna berre tre til fire veker før opptakten til finanskrisa, fortel Qatalum-sjefen Truls Gautesen.

Han legg til at det ville ikkje vore mogeleg å inngå ein slik låneavtale i dag.

Men dersom ein låneavtale hadde blitt inngått i dag ville, etter det Aftenbladet erfarer, prosjektet ha blitt nær 1 milliard kroner dyrare sett over prosjektet si levetid.

Auke i byggelånsrenta aleine kunne ha auka kostnadene med 300-400 millionar kroner.

Gasspris

Hydro-leiinga vil ikkje ut med kva Qatalum må betala for gassen som blir nytta i gasskraftverket.

– Dette er ein forretningsavtale mellom to partar, som me ikkje kan offentleggjera, seier Truls Gautesen. Men etter det Aftenbladet erfarer ligg gassprisen på rundt 20 øre pre kubikkmeter, noko som er om lag ein tidel av den prisen norsk gass blir seld for i Europa.

Hydro har planar om eit neste byggetrinn i Qatar, som vil kunne dobla aluminiumsproduksjonen frå 585.000 tonn årleg til 1,2 millionar tonn. Men da må Qatalum kjøpa meir gass. Gasskraftverket må utvidast frå 1350 megawatt til 2000.

– Me treng gass til gunstig pris før me kan setja i gang neste byggjetrinn, seier konserndirektør Røtjer.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli forhåndsmoderert

KVA: Samarbeidsselskap (joint venture) mellom Norsk Hydro og !Qatar Petroleum der partane eig kvar sin halvpart.

INVESTERINGAR: Totalt 40 milliardar (5,6 mrd. dollar).

LÅNEFINANSIERING: 2,6 mrd dollar.

TOPPSJEF: Truls Gautesen.

NESTSJEF: Hassan Ali Al Rashid frå Qatar Petroleum.

ANLEGGSARBEIDARAR: 18.000 på topp i første kvartal neste år.

FERDIG TIL OPPSTART: Siste kvartal 2009.

PRODUKSJONSKAPASITET: 585.000 tonn aluminium (verdas største reist! i eit byggetrinn).

GASSKRAFTVERK: Effekt på 1350 Megawatt.

FRAMTIDSPLANAR: Dobling av kapasiteten i aluminiumsverket.

QATAR: 1,8 millionar innbyggarar, men berre knapt 300.000 er qatarar.! Resten er gjestearbeidarar, dei fleste kjem frå India.



Relaterte bilder

FOTO: Thomas Førde

Meninger

På forsiden nå

Olje og gass

  • Statoil drukner i CV-er

    Bergen Group Rosenberg og leverandørindustrien forøvrig kniver om ingeniørene. I Statoil får de 200 CV-er i posten daglig og har så mange å velge i at de må holde den reneste Idol-audition.

Oljeservice

  • Meir opphogging i Vats

    AF Gruppen har fått kontrakt med Gassco om riving og opphogging av stigerøyrsplattforma B-11. Oppdeling og gjenvinning vil skje ved AF sin base på Raunes i Vats.

  • Skandalerigg får endelig grønt lys

    Scarabeo 8 skulle egentlig startet boringen på Goliat-feltet i Barentshavet i mai i fjor, men har hatt en lang og kronglete ferd frem mot dåpen som fant sted i påskeuken. Nå er riggen godkjent for innsats på norsk sokkel.

Ebilag

Energibilaget

Fornybar energi

Klima og miljø

  • Full klimakrangel i Bonn

    Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.

Alexander Kielland-ulykken

fuelfix_energi

barentsobserver_energi

calgaryherald_energi

nytimes_energi

jp_energi