Tidligpensjon er hovedkamp
Når sokkelarbeiderne møter oljeselskapene i tariffoppgjør, står kampen for tidligpensjon helt sentralt.
For å unngå fleire konfliktar med seismikkfartøy, vil fiskarane ha ein regel om minsteavstand mellom seismikkskip og fiskefartøy på 18 nautiske mil.
AV: thomas førde
- Umogeleg og utan fagleg grunnlag, seier Oljeindustriens Landsforening.
- 18 nautiske mil i alle retningar rundt eit fiskefartøy på havet vil kunne leggja band på eit areal på storleik med heile Sogn og Fjordane fylke.
Då vil innsamling av seismikk på norsk sokkel bli særs vanskeleg, seier informasjonssjef Tom Gederø i Oljeindustriens Landsforening (OLF).
Gederø peikar vidare på at ein fersk forskingsrapport viser at det i dag ikkje finst fagleg grunnlag for setja slik minsteavstand.
- 18 nautiske mil er jamvel for liten avstand, hevdar dagleg leiar i Sør Norges Trålerlag, Harald Østensjø.
- I Nordsjøen har det vore ein uskriven regel at avstanden mellom seismikkskip og fiskefartøy skal vera horisonten, eller så langt ein kan sjå. Det vil på klare dagar tyda mellom 40 og 50 nautiske mil, seier Østensjø.
Ei styringsgruppe sett saman av representantar frå Fiskeridirektoratet, Statens Forurensningstilsyn og Oljedirektoratet skal koma med si innstilling i denne striden i løpet av april månad.
Harald Østensjø i Trålerlaget seier at striden om minsteavstand har dukka opp fordi sokkelen er smalare og fiskeriaktiviteten enda større i nordlege farvatn i Lofoten og Vesterålen.
Under det årlege kontaktmøtet, som nyleg blei halde mellom fiskerinæringa Oljeindustrien (OLF), Fiskeridirektoratet og Oljedirektoratet vart temperaturen høg. Fiskeriorganisasjonane hevdar at den sterkt aukande aktiviteten med seismikkskyting langs heile kysten har ført til aukande konfliktnivå.
- Når så mange oljeselskap etterspør nye og oppdaterte seismiske data til leiting og vedlikehald av brønnane, er det blitt innleigd mange nye seismikkselskap og fartøy.
Langt frå alle er drilla i norsk regelverk og norsk tenking, seier Østensjø. Han viser til at på mange andre land sine soklar tar ein dessverre langt mindre omsyn til fiskarane. - Der blir fiskarane oftast skubba vekk når oljeindustrien rullar fram.
Slike haldningar kjem nå til syne også på norsk sokkel, seier Harald Østensjø.
Partane skal nå vera samde visse tiltak som skal betra stoda.
Dei fiskerikyndige representantane om bord i seismikkfartøy skal skulerast og bli sette i stand til lettare å kunne ta kontakt raskt med Oljedirektoratet og Fiskeridirektoratet når vanskar oppstår.
- Alle planar om seismikkskyting må meldast inn til Oljedirektoratet (OD), seier informasjonssjef Tom Gederø i Oljeindustriens Landsforening.
Han viser til at Oljedirektoratet skal henta inn fråsegn frå Fiskeridirektoratet og frå Havforskingsinstituttet før OD avgjer kor og når seismikk kan skytast, seier Gederø.
Han legg til at på grunn av god dialog skjer dei fleste seismikkinnsamlingar uproblematisk.
Men dei aktive fiskarar kan visa til mange døme på at spelereglar på havet ikkje blir følgde.
- Oljå har tura fram i alle år i Nordsjøen, medan fiskarane er blitt trengde bort, seier trålbåtskipper Aleksander Vedø om bord i Cetus frå Karmøy.
Vedø legg til at han gler seg til aukande oljeaktivitet i Nord Norge. - Dermed blir fokus også sterkare på konflikten mellom fiskeri og den skremmeeffekten seismikk har på fisken.
I Nord Norge har fiskarane jamvel fått utbetalt erstatningssummar, som me her sør berre kan drøyma om, seier Vedø.
Torkil Hopmark, fiskebåtskipper frå Smøla, seier at han har opplevd både i Nordsjøen og utanfor kysten av Trøndelag at seismikkfartøy kjem og overtek fiskefelta.
- Me har fått beskjed om å fjerna oss, sjølv om me har vore fleire båtar i lag på same feltet, alle med bruk i sjøen. Dei fiskerikyndige om bord i seismikkfartøya er ofte blitt overkøyrde, seier Hopmark.
Han er dessutan særs forundra over seismikkskyting blir tillate på tobisfelt som er freda frå tobisfiske.
Bruk: Seismiske undersøkingar blir gjort for å kunne kartleggja kor det kan vere olje og gass under havbotn og korleis olje- og gasskjelder utviklar seg medan dei er i produksjon.
Skremmer fisken: Det er uklart om innsamling av seismikk kan drepa eller gi varige skadar på fisk eller anna liv i havet. Men det er påvist at seismikk skremmer bort fisken. Diskusjonen dreiar seg m.a. om kor langt ut denne effekten gjer seg gjeldande.
2D-seismikk: Blir samla inn ved at luftkanonar skaper trykkbølger, som går gjennom undergrunnen. Dei reflekterte signala blir fanga opp ved hjelp av ein lang kabel som blir slept etter det seismiske fartøyet.
3D-seismikk: Blir samla inn ved hjelp av fleire kablar, som blir slept etter det seismiske fartøyet.
FOTO: Fredrik Refvem
Når sokkelarbeiderne møter oljeselskapene i tariffoppgjør, står kampen for tidligpensjon helt sentralt.
Bergen Group Rosenberg og leverandørindustrien forøvrig kniver om ingeniørene. I Statoil får de 200 CV-er i posten daglig og har så mange å velge i at de må holde den reneste Idol-audition.
AF Gruppen har fått kontrakt med Gassco om riving og opphogging av stigerøyrsplattforma B-11. Oppdeling og gjenvinning vil skje ved AF sin base på Raunes i Vats.
Scarabeo 8 skulle egentlig startet boringen på Goliat-feltet i Barentshavet i mai i fjor, men har hatt en lang og kronglete ferd frem mot dåpen som fant sted i påskeuken. Nå er riggen godkjent for innsats på norsk sokkel.
Det ble en mørk 17.mai-ettermiddag på deler av Tasta.
For ett år siden unngikk Norge kraftkrise takket være storstilt kraftimport.Første kvartal i år har vi eksportert nesten like mye.
Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.
Nordmannen Harald Dovland har fått hard kamp om vervet som leder for arbeidsgruppen som skal jobbe for å få på plass en ny og juridisk bindende klimaavtale innen 2015.
Hør de dramatiske historiene.
Kommentarer