Subsea 7 overtar halvt skip

Det nyaste og dyraste konstruksjonsskipet til Solstad Offshore "Normand Oceanic" blir delt i to på eigarsida når Subsea7 nå overtar halvparten.

- Når ein av våre største kundar ønskjer ei slik løysing, kunne me greit koma fram til ein god avtale om sal av 50 prosent samtidig som kontrakten for bruken av skipet blir forlengja frå tre til fem år, seier viseadministrerande direktør i Solstad Offshore, Sven Stakkestad.

Les også

Solstad sitt største og dyraste konstruksjonsskip,

Solstads flaggskip til Subsea7

Reiarlaget Solstad sitt dyraste og mest avanserte skip, "Normand Oceanic" har fått langsiktig kontrakt med Subsea 7.

Moonpool

"Normand Oceanic" kosta omlag 1250 millionar kroner å byggja. Skipet, som ble bygt i ferdig i mars i fjor ved verftet til STX OSV i Brattvaag på Sunnmøre, er det hittil mest kostbare og velutsyrte skipet i Solstad sin flåte. Skipet er utsyrt med fjernstyrte undervassrobotar (ROV'ar), stort hol i botn midtskips (moonpool) kor ein kan senka ned og løfta opp tunge verktøy og utstyr til bruk på havbotn saman med store kranar (400 og 100 tonns løftekapasitet) og lugarplass til 140 personar.

Frigjer 200 millionar kroner

Subsea 7 kjøper sin halvpart av skipet til kostpris. Solstad Offshore får dermed frigjort 200 millionar kroner, som selskapet hadde lagt inn i skipet som eigenkapital. Resten av finansieringa av "Normand Oceanic" er lånte pengar.

Følg Aenergi.no på Twitter.com/AenergiNO

News in English? Click here!

Les også

Meninger

På forsiden nå

fuelfix_energi

barentsobserver_energi

calgaryherald_energi

nytimes_energi

jp_energi