• Administrerande direktør Jan Skogseth i Aibel AS og styreformann Khamis Juma Buamim i Drydocks World signerte kontrakten i Dubai 12. januar.

    FOTO: Steinar Lohne/Aibel

Vind-kontrakt til Dubai

Aibel gir Drydocks World i Dubai jobben med å byggja leverandørselskapet si første vindplattform. Plattforma skal om eit par år leverast til Aibel i Haugesund for vidare utrusting med kablar og utstyr.

Leverandørselskapet til olje- og gassindustrien fekk sommaren 2011 sin første kontrakt innan havvind. Aibel sin kontrakt med ABB er verd 1,7 milliardar kroner.

Når det gjeld kontraktsverdien for avtalen med Drydock World, vil Aibel av konkurranseomsyn ikkje å gå ut med kontraktsverdien, opplyser kommunikasjonsdirektør Bjørg Sandal.

Vindplattforma Dolwin Beta, tidlegare kalt Dolwin 2, skal stå i eit stort vindparkområde ved Helgoland på tysk sektor i Nordsjøen. Plattforma blir like stor som ein fotballbane og blir ikkje så ulik ein vanleg oljeplattform å sjå til.

Skal omforma straum

- Jobben plattforma skal gjera er å omforma vekselstraum frå vindmøllene til likestraum, før straumen blir sendt til land i sjøkablar. På denne måten unngår ein for stort straumtap på vegen inn til land, seier Sandal til Aftenbladet.

Administrerande direktør Jan Skogseth seier i ei pressemelding at Aibel har brukt mykje tid på å finna rett underleverandør.

- Drydocks World er eit anerkjent selskap. Eg er sikker på at dei kan levere i tråd med våre strenge krav til kvalitet, helse, miljø og tryggleik, seier Skogseth.

- Dolwin Beta er ei stor plattform, og Drydocks World sitt verft i Dubai er stort nok til å handtera storleiken, forklarer Skogseth. Plattforma er vel 90 meter lang og 70 meter brei.

Plattforma er utvikla gjennom eit samarbeid mellom Aibel og ABB. ABB har overordnaprosjektansvar og leverer konverteringsutstyr og kablar. Aibel har ansvaret for design og bygging.

Neste stopp: Haugesund

Bygginga i Dubai startar i juli. På det meste vil 1800 personar arbeida med plattforma som skal leverast til Norge i desember 2013.

I Haugesund skal plattforma utrustast med konverteringsutstyr, før ho blir slept ut til Dolwin-feltet sommaren 2014.

Aibel har i dag 100 personar som jobbar med vindkraft i Haugesund og denne staben skal etter kvart utvidast til 150. I alt jobbar 2000 personar for selskapet i Haugesund.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli forhåndsmoderert

Meninger

På forsiden nå

Olje og gass

  • Statoil drukner i CV-er

    Bergen Group Rosenberg og leverandørindustrien forøvrig kniver om ingeniørene. I Statoil får de 200 CV-er i posten daglig og har så mange å velge i at de må holde den reneste Idol-audition.

Oljeservice

  • Meir opphogging i Vats

    AF Gruppen har fått kontrakt med Gassco om riving og opphogging av stigerøyrsplattforma B-11. Oppdeling og gjenvinning vil skje ved AF sin base på Raunes i Vats.

  • Skandalerigg får endelig grønt lys

    Scarabeo 8 skulle egentlig startet boringen på Goliat-feltet i Barentshavet i mai i fjor, men har hatt en lang og kronglete ferd frem mot dåpen som fant sted i påskeuken. Nå er riggen godkjent for innsats på norsk sokkel.

Ebilag

Energibilaget

Fornybar energi

Klima og miljø

  • Full klimakrangel i Bonn

    Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.

Alexander Kielland-ulykken

fuelfix_energi

barentsobserver_energi

calgaryherald_energi

nytimes_energi

jp_energi