• Ferske lærlinger hos Statoil på Kårstø for snart tre år sidan; Truls Vågan (nærmast) som helst ville jobba offshore, mens Stine Aase helst vil vera på land og etterkvart bli ingeniør.

    FOTO: Thomas Førde

  • Sarah Tollevik (lengst bak), Kristine Frugaard Pedersen og Andreas Børsheim var blant dei få som i 2010 fekk læreplass hos Statoil på Kårstø.

    FOTO: Thomas Førde

2200 unge vil læra i Statoil

Aldri før har så mange unge søkt læreplass i Statoil. 2191 søkte, men berre 158 av desse blir heldige og får tilbod om plass.

Talet på søkjarar til læreplassar i Statoil har auka årleg i det siste. For to år sidan søkte 1954 ungdommar på læreplass i landets største bedrift medan søkartalet i fjor var 2122.

Samtidig har Statoil krympa talet på læreplassar. For to år sidan fekk 181 unge læreplass i Statoil. I fjor kunne selskapet tilby 177 læreplassar, medan talet i år er krympa til 158 plassar.

Færre offshore

Det er i første rekke talet på læreplassar offshore på norsk sokkel, som har gått ned i høve til fjor.

19 færre unge får draumen oppfylt ved å starta læretida si på sokkelen denne hausten. Statoil tilbyr i år 44 lærlingar plass offshore. Mange som søkte seg til læreplass offshore vil dermed bli.

På land derimot har Statoil auka talet på læreplassar innan kontorfag. I dette faget kan Statoil tilby læreplass til 13 av i alt 74 søkarar.

Flest vil datafag

Men den læreplassen som er aller mest populær i Statoil er den eine plassen for opplæring av dataelektronikar på Kårstø.

- Her har det meldt seg 71 søkarar til denne eine plassen, opplyser Jenny Kristin Svendsbøe.

Ho er oppfølgingsansvarleg for lærlingane på Kårstø. Ho legg til at den første lærlingen i dette faget i Statoil, Andreas Børsheim, blei tatt inn for to år sidan. Han skal nå ta fagbrevet i dataelektronikk.

25 læreplassar på Kårstø

Kårstø er ein av dei største lærestadene innan Statoil. Til gassprosessanlegga på Kårstø skal det i år takast inn 25 nye lærlingar.

Det største enkeltfaget på Kårstø er kjemi og prosessfag med inntak av 12 nye lærlingar. Resten spreier seg over fag som kontorfag (2 lærlingar), laboratoriefag (1), industrimekanikar ( 3), logistikk (1), automasjon (3) , elektrikar (1) og sveis (1 ny lærlingar hausten 2012).

Rogaland og Hordaland

Søkarane kjem frå heile landet til dei 158 ledige læreplassane i Statoil. Frå lengst i nord har 86 unge sendt inn søknad frå Finnmark fylke.

Men Hordaland og Rogaland er framleis dei to største rekrutteringsfylka til læreplassane i Statoil. I år har 468 unge frå Hordaland søkt og 356 frå Rogaland.

Avgjerande fråver

- I alt har 2118 ungdommar i Rogaland meldt behov for læreplassar i år, opplyser Torbjørn Håmsø, fagleiar i Rogaland fylkeskommune.

Han seier vidare at det er ennå for tidleg på året til å kunne slå fast kor mange av søkarane som får læreplass.

- Men i høve til dei tilbakemeldingar me har fått frå næringslivet så langt, vil dei aller fleste kunne rekna med læreplass. Dei som har høgt frå vær og dårlege karakterar frå ungdomsskulen vil ha størst vanskar med å få tilbod om plass, seier Håmsø.

Han legg til at ved 20 registrerte fråværsdagar siste året i ungdomsskulen kan dei unge risikera at dører kan bli lukka på arbeidsmarknaden.

Elektrikar mest pop

Søknadane til læreplassar i Rogaland fordeler som på meir enn 100 ulike fag. Mest populære fag er oljefag.

- Men her er det berre dei som har gått på særskilte linjer på vidaregåande, som til dømes brønnteknikk ved Stavanger Offshore Tekniske skole, som kan søkja. (59 elevar i år). Difor er det flest søkarar til elektrikarfaget (204) og til helsearbeidarfaget (171), seier Torbjørn Håmsø, fagleiar i Rogaland fylkeskommune.

Følg Aenergi.no på Twitter.com/AenergiNO

Check out our new News in English

Les også

Fakta

Søkartal: 2010: 1954 søkjarar, 2011: 2122 søkte og i 2012 søkte 2191 læreplass i Statoil.

Læreplassar: 2010: 181 plassar, 2011: 177 plassar og i 2012: 158 læreplassar.

Siste nytt

Siste 100 saker