Nor Lines-skip halde igjen i Oslo
Godsruteskipet «Cometa», tilhøyrande Stavanger-reiarlaget Nor Lines, blei før helga halde igjen eit døgn ved kai i Oslo av Sjøfartsdirektoratet. Årsaka var manglande system for styring av tryggleiken om bord.
AV: thomas førde
Ved fleire av Nor Lines sine godsrutebåtar skal ein etter utflagginga til Færøyane ha slite med å rekruttera mange nok kvalifiserte styrmenn og kapteinar.
MS «Cometa» kom sist veke frå Hirtshals via Fredrikstad til Oslo. Der blei den norske kapteinen om bord sjukmeldt og gjekk i land. Bakgrunnen for sjukmeldinga skal mellom anna vera at han dei siste dagane har hatt for mange og lange vakter på brua, ettersom skipet har mangel på navigatørar med sertifikat for å segla langs norskekysten utan los om bord.
Hamnestatkontroll
Torsdag gjekk Sjøfartsdirektoratet om bord i «Cometa» ved kai i Oslo for å gjennomføra hamnestatkontroll på det færøysk registrerte skipet.
- Etter inspeksjonen har Sjøfartsdirektoratet kome med to pålegg til reiarlaget, opplyser kommunikasjonsdirektør Eilif Fjon i direktoratet.
Han legg til at desse pålegga medfører at skipet måtte haldast tilbake inntil pålegga blei utbetra.
- Tilbakehald er den strengaste reaksjonsforma etter denne typen inspeksjon, seier Fjon. Han seier vidare at det eine pålegget er gitt fordi nøkkelpersonell om bord manglar kunnskap om bruk av tryggjingsutstyret.
Nye nøkkelpersonar
- Det andre pålegget kom fordi nøkkelpersonell om bord ikkje hadde gått gjennom rutinar for å bli kjent med skip og utstyr.
I tillegg gav Sjøfartsdirektoratet eit pålegg som måtte rettast før fart. Det mangla påteikning frå færøyske styresmakter i sertifikata til to av offiserane om bord.
Skipet fekk segla vidare fredag kveld.
Sjukmelding
- Kapteinen om bord blei sjukmeldt i Oslo, og me laut skaffa ein vikar frå eit av våre andre skip, seier administrerande direktør i Nor Lines, Toralf Ekrheim.
Han legg til at når ein kaptein er ny om bord tar det tid å gå gjennom tryggjingssystema.
- Er denne hendinga eit utslag av vanskar i reiarlaget med rekruttering etter utflagging?
- Dette er ei konkret hending med sjukmelding som av og til skjer og som må taklast, seier sjefen i Nor Lines.
Alle skip utflagga
Heile flåten av 11 godsruteskip i Nor Lines sin flåte er blitt flagga ut. Dei fleste skipa seglar nå under færøysk flagg.
Det har ført til at mange av dei norske sjøfolka om bord har gått i land. Men framleis seglar nær 25 norske kapteinar, styrmenn, nokre maskinsjefar og arbeidsleiarar på dekk med Nor Lines sine skip langs kysten.
Dei norske sjøfolka som er att i reiarlaget, har fått tilbod om å bli tilsette i det nye færøyske dotterselskapet til Nor Lines.
Men ingen av dei om lag 25 norske sjøfolka skal ha sagt ja til å halda fram om bord under færøysk flag. Nor Lines står difor framfor ei stor utfordring med å skaffa kvalifiserte folk til erstatning.
Frå Færøyane
Ifølgje dei norske sjøfolka om bord i Nor Lines sine skip som Aftenbladet har snakka med, er det vanskeleg å skaffa nok kvalifiserte navigatørar frå Færøyane.
Når ein seglar langs norskekysten treng styrmenn og kapteinar såkalla farledsbevis, ein slags kjentmannsprøve. Denne tar det tid å kvalifisera seg til. Utan farledsbevis må skipet ta los om bord. Det kostar dyrt for reiarlaget.
Dei norske sjøfolka om bord, som utgjer nøkkelpersonell på fleire av skipa i Nor Lines flåten har ei oppseiingstid på mellom tre og seks månader.
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.TYPE SELSKAP: Reiarlag som driv godsskip i rute langs Norskekysten og til og frå hamner i Nord Europa.
FLÅTE: 11 skip som er bygde i tidsrommet 1979-1986.
HAMNER: Nor Lines er innom 40 ulike hamner på sine ruter.
EIGAR: Stavangerske 100 prosent.
RESULTAT: 851 millionar kroner i driftsinntekter i 2009 og 26 millionar i resultat før skatt.
Meninger
På forsiden nå
Olje og gass
-
Tidligpensjon er hovedkamp
Når sokkelarbeiderne møter oljeselskapene i tariffoppgjør, står kampen for tidligpensjon helt sentralt.
-
Statoil drukner i CV-er
Bergen Group Rosenberg og leverandørindustrien forøvrig kniver om ingeniørene. I Statoil får de 200 CV-er i posten daglig og har så mange å velge i at de må holde den reneste Idol-audition.
Oljeservice
-
Meir opphogging i Vats
AF Gruppen har fått kontrakt med Gassco om riving og opphogging av stigerøyrsplattforma B-11. Oppdeling og gjenvinning vil skje ved AF sin base på Raunes i Vats.
-
Skandalerigg får endelig grønt lys
Scarabeo 8 skulle egentlig startet boringen på Goliat-feltet i Barentshavet i mai i fjor, men har hatt en lang og kronglete ferd frem mot dåpen som fant sted i påskeuken. Nå er riggen godkjent for innsats på norsk sokkel.
Fornybar energi
-
Strømløst på Tasta
Det ble en mørk 17.mai-ettermiddag på deler av Tasta.
-
Mye regn, billig strøm
For ett år siden unngikk Norge kraftkrise takket være storstilt kraftimport.Første kvartal i år har vi eksportert nesten like mye.
Klima og miljø
-
Full klimakrangel i Bonn
Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.
-
India gir Norge kamp om klimatoppverv
Nordmannen Harald Dovland har fått hard kamp om vervet som leder for arbeidsgruppen som skal jobbe for å få på plass en ny og juridisk bindende klimaavtale innen 2015.
Kommentarer