-
FOTO: Thomas Førde
Prøvespising av aksjar
Næringsminister Trond Giske (Ap) er oppbrakt over dei ferske reknestykka frå Statistisk Sentralbyrå som viser at Oslo-folk har dobbelt så høg verdiskaping som folk elles i landet.
AV: thomas førde
- Det er underleg at høgt gasjerte og høgt kvalifiserte personar i Statistisk sentralbyrå brukar tida på å laga slike reknestykke. Desse utrekningane viser at finanskapitaltenkinga har spreidd seg utover heile landet.
I blant tenkjer eg at slike folk burde prøva å spisa aksjar og sjå kor lenge dei kunne leva av slikt aleine.
Det var næringsminister Trond Giske som kom med denne sarkasmen under sitt foredrag til Energikonferansen i Haugesund.
Til Aftenbladet seier Trond Giske at mange miljø har gått for langt i å verdsetja arbeidet med finanskapital høgare en arbeid med realkapitalen rundt i dei mange bedriftene her i landet.
- Dette fører til vanvittige resonnement, seier Giske.
- Det finst rett nok mange verdfulle og innovative miljø, berdifter og arbeidsplassar i hovudustaden. Men eit slike reknestykke som Statistisk sentralbyrå nyleg har laga med å verdsetja desse langt høgare enn verdiskapinga elles i landet reknar eg for nærast verdilause utgreiingar, seier Trond Giske.
Han peikar på at både trøndarar og vestlendingar finn slike resonnement og verdsetjingar som grovt urettferdige.
- I Oslo har mange av dei store selskapa sine hovudkontor. Men produksjonen i desse selskapa skjer jo rundt i distrikta. Det er utnytting av naturressursane kring i dette landet som opp gjennom historia og i nåtida har bygt verdiane i dette landet, seier næringsminister Trond Giske.
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Olje og gass
-
Kyllingstad puster Lyse i nakken
Ståle Kyllingstad kan snart være største eier i oljeselskapet Noreco.
-
7 av 10 føler mindre trygghet
7 av 10 offshorearbeidere i BP svarer at fjernstyringen av brønnene på Valhallfeltet har gjort dem mindre trygge på jobb.
Oljeservice
-
Stavanger-bedrift i-Tec vinner Gullkronen
Stavanger-bedriften i-Tec vant prisen for beste nye venture under Rystad Energys Gullkronen 2012.
-
Aker Solutions kjøper Sandnessjøen Engineering
Aker Solutions vokser videre i nord når selskapet nå kjøper Sandessjøen Engineering.
Fornybar energi
-
«Grønn kriger» fikk motvind
Han kaller seg «Green Warrior», Jon Bakke fra Norges Miljøforbund. Men i Sokndal møtte han liten forståelse for kampen mot vindturbiner.
-
Kommunale el-biler i sikte
Stavanger har lenge hatt som mål å bli den beste elbil-byen, men så langt har det vært få el-biler å skimte i kommunen.
Klima og miljø
-
Kommunale el-biler i sikte
Stavanger har lenge hatt som mål å bli den beste elbil-byen, men så langt har det vært få el-biler å skimte i kommunen.
-
Industrien vil ikkje betala
Me har betalt for CO2-utslepp i 20 år. Me har gjort alt me kan for å kutta utsleppa, seier industrien sjølv.
Kommentarer