Annonse
Annonse
Annonse
Statkraft-direktør Haakon Alfstad (til venstre) og Ulf Tisell frå svenske Vattenfall satsar stort på utvikling av bølgjekraftverk. (Foto: Thomas Førde)

Havsatsing utanlands

Toget har alt gått ut frå stasjonen. Mange aktørar frå andre land har allereie kasta seg på. Konkurransen blir knallhard. Norske bedrifter må ikkje bli ståande igjen.
Publisert 12.08.2009 10:21 - Oppdatert 12.08.2009 10:21

Det seier direktør Haakon Alfstad i Statkraft.

Statkraft deltar saman med StatoilHydro i svære utbyggingsprogram mellom anna utanfor kysten av Storbritannia. I ein vindpark til havs, som skal opnast for kraftproduksjon i 2011, investerer dei to norske selskapa nå 10 milliardar kroner.

Les også:Milliardsatsing i vinden til havs

Medan Statkraft, som er 100 prosent eigd av staten, investerer milliardar i Storbritannia, skjer det førebels lite i norske farvatn. Dermed får norsk leverandørindustri dårleg med høve til å utvikla seg.


Lønnsamt i Storbritannia

- Me tar høg risiko og satsar i satsar i Storbritannia fordi britiske styresmakter har lagt rammevilkåra særs godt til rette, seier Alfstad.

Han legg til at i Storbritannia har det alt lenge vore på plass eit ryddig forvaltingsregime for tildeling av areal til sjøs. Dessutan blir det gitt så store subsidiar at vindkraftproduksjonen til havs blir lønnsam. Dertil får me god kompetanse til framtidig utbygging av havvindmøller i norske farvatn, seier Alfstad.

Under energikonferansen i Haugesund i går kom det fram at vindkraft kan få betalt med 2,50 kroner per kilowattime i Storbritannia.


Botnfaste og flytande

- Med eit effektivt forvaltingsregime og gode økonomiske rammevilkår på plass er potensialet stort for havvindmøller også i Norge. I første rekke har eg tru på bygging av botnfaste vindmøller på mellomstore havdjup, 40 til 60 meter, i søre del av Nordsjøen. Seinare også bygging av flytande møller, som til dømes Hywind, på djupare vatn, seier Alfstad.

Han legg til at for Statkraft som stor vasskraftprodusent vil det vera heilt ideelt å kunna supplera med vindkraft slik at produksjonsvolumet blir jamnt og føreseieleg for eksportmarknaden.


Knallhard konkurranse

Men statkraftdirektøren er ottefull for at rammevilkåra kjem for seint på plass her heime, slik at heimleg industri ikkje kjem i gang med produksjon for heimemarknaden og deretter til eksport.

- Mange verksemder i Tyskland, Danmark og Storbritannia har alt kome godt i gang som leverandørar til den sterkt veksande havmølleindustrien. Konkurransen er i ferd med å bli knallhard. Difor gjeld det om ikkje å bli ståande igjen når toget nå går seier Alfstad.


Del:

Mer

Les også

  • Statkraft vokser i britisk vind

    Om norsk vindkraft-utbygging går sakte, har Statkraft vind i turbinene i Storbritannia. Nå går det norske kraftselskapet i gang med sitt fjerde vindkraft-prosjekt på britisk sektor.

  • Milliardsatsing i vinden til havs

    Sju vestlandske kraftselskap, deriblant Haugaland Kraft, går saman i eit nytt selskap som vil satsa på utbygging av vindenergi til havs.

Annonse

Skriv din kommentar

Tittel *

KommentarMaks 2000 tegn

Fornavn *
Etternavn *
E-post *


Aftenbladet ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og eventuelt fjerne innlegg. Klikk her for å lese alle reglene for debatten.

Aftenbladet.no

Nok et nei til Hooters

Sjøhuset Nilsen & Wold klaget på skjenkeavslaget til den planlagte Hooters-restauranten. Men politikerne lar seg ikke rokke.
Lokalt: Les mer

- Brann har ikke en sjans!

Viking-direktør Bjarne Berntsen var ikke i tvil om utfallet av hjemmekampen mot Brann under Vikings kickoff i Stavanger Forum.
Lokalt: Se bildene

Forlenger sesongen
over Atlanteren

Det islandske flyselskapet Icelandair forlenger sesongen med flyginger fra Sola til Island, USA og Canada med to ekstra uker i høst.
Lokalt: Les mer

Annonse
Annonse

Siste Fornybar energi

  • Skal sikre fornybar energi til havs

    Den nye havenergiloven som Stortinget vedtar onsdag skal legge til rette for utvikling av fornybar energi til havs.

  • Skal kjempe om 900 milliarder kroner

    Et norsk elitelag i industri er under planlegging: Målet er å sikre norske bedrifter en andel av det britisk vindkrafteventyret verd 900 millioner kroner.

  • Møkk kan varme svømmebasseng

    Møkk fra 70 islandshester kan bli den nye varmekilden til svømmebassenget, idrettshallen og kulturhuset på Forsand. Dette er et av flere nye bioenergiprosjekter i Ryfylke.

  • Vil fjerne avgift på høyinnblandet biodrivstoff

    Opposisjonspartiene foreslår å fjerne autodieselavgiften på høyinnblandet biodrivstoff. De håper de skal få støtte fra Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti ved en eventuell omkamp om avgiften.

  • Her vil Lyse bygga vindmøller

    Fem vindmøller kan om eit par år vera på plass sentralt i den ytste delen av innseglinga til Stavanger. Dei 150 meter høge vindmøllene eit stykke vest for denne brua vil vera godt synlege frå store delar av boknafjordbassenget.

Kundesenter
Annonse

Sistesaker

Annonse
Annonse
Annonse
Annonse