Hå-ordføraren rasar etter biopark-avslag
Hå-ordførar Terje Mjåtveit brukar sterke ord om regjeringa sitt nei til å støtta Hå Biopark. – Vanvittig. Eg er utruleg skuffa og forarga.
AV: reidun gudmestad
Mjåtveit er svært skuffa over at regjeringa no vrakar det som er kalla jærsk «månelanding», Ivar og Lyse sine planar for landets største biogass- og gjødselfabrikk i Hå.
LES OGSÅ: Regjeringen parkerer Jærens «månelanding»
Politikk
– Og dette er det Senterpartiet som frontar. At det er dei som kjører dette løpet er eg også svært skuffa over. Dette er politikk på høgt plan. Her har me lagt opp til eit løp, og bønder har satsa framtida på dette. Som ordførar i landets største husdyrkommune kan eg ikkje berre sitja stille og sjå på dette.
– Kva gjer du no?
– Me må prøva å tenkja andre måtar. Eg veit ikkje enno. Dette må me drøfta.
– Har du hatt kontakt med regjeringa?
– Nei, ikkje enno. Eg fekk nettopp vita det.
To tunger
Mjåtveit opplever at regjeringa talar med to tunger.
– Unge bønder vert oppfordra til å satsa. I festtalar er det snakk om biogass og om miljøvennleg jordbruk. Og så får me dette etterpå. I praksis er dette ein beskjed om at me har for mykje her på Jæren og at me får greia oss sjølv.
Starta mindre
– Hadde du venta at det skulle gå å få dette til?
– Ja, eg hadde forventa at me i alle fall kunne fått til noko. Me kunne begynt litt meir forsiktig. Me kunne til dømes ha starta med høns og broilerar og mink og så kunne anlegget vore bygt ut seinare.
– Her kjem me til å mobilisera. Me må seia kva me meiner. Dette var ein særdeles dårleg julegåve frå regjeringa.
Mjåtveit lurer på kva dei unge bøndene tenkjer.
– Mange av dei har nok med å halda banken frå livet, og så får dei dette på toppen. Dei har meir enn nok å tenkja på frå før.
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Relaterte bilder
– Vanvittig. Eg er utruleg skuffa og forarga, sier Hå-ordførar Terje Mjåtveit. FOTO: Hans Petter Jacobsen
Olje og gass
-
Olje-Ola og Statoil-Lund blir tegneserie
Når oljebyens største avis, Stavanger Aftenblad, begynner med egenprodusert tegneserie, måtte det selvfølgelig handle om Olje-Ola og vennene hans.
-
Krever klart svar fra regjeringen om drivstoffkvalitet
WWF og Greenpeace krever klarhet i regjeringens posisjon om EUs drivstoffdirektiv. Hensikten med reglene er mer miljøvennlig drivstoff.
Oljeservice
-
Sjøfolk mister jobben hos Solstad
Solstad har vore eit flaggskip mellom reiarlaga i bruken av norske sjøfolk. Nå varslar Solstad utflaging av seks offshorefartøy.
-
Knalltall sendte Aker Solutions til topps
Et positivt sistekvartal med et driftsresultat som bikket milliarden skapte begeistring for Aker Solutions. Aksjen steg rundt 15 prosent da børsen åpnet fredag.
Fornybar energi
-
Billigere strøm - høy eksport
Norge eksporterte 4,2 terawattimer strøm i fjorårets siste kvartal. Det tilsvarer omtrent halve Oslos årlige strømforbruk.
-
Motvind for Statoil sin havvindpark
Kostnadssprekk og forsinkingar gjer at Statkraft nå set ned verdien av havvindparken Sheringham Shoal med 338 millionar kroner. Partnaren Statoil har ikkje gjort den same vurderinga av prosjektet, som har ein prislapp på 10 milliardar kroner.
Klima og miljø
-
Venstre ønsker forutsigbarhet for elbiler
Venstre tar til orde for et bredt forlik på Stortinget om avgiftsfritak og andre fordeler for biler med nullutslipp. Partiet mener det er for stor uforutsigbarhet for produsenter og brukere.
-
Miljøtopp søker på Statoil-stilling
Natur og Ungdom-leder Silje Lundberg har søkt på en stilling som kommunikasjonsrådgiver i Statoil. Hun håper å «bidra til et mer åpent og sannhetsbasert informasjonsarbeid». Statoil takker for søknaden.
Kommentarer