• FOTO: Thomas Førde

Havsatsing utanlands

Toget har alt gått ut frå stasjonen. Mange aktørar frå andre land har allereie kasta seg på. Konkurransen blir knallhard. Norske bedrifter må ikkje bli ståande igjen.

Det seier direktør Haakon Alfstad i Statkraft.

Statkraft deltar saman med StatoilHydro i svære utbyggingsprogram mellom anna utanfor kysten av Storbritannia. I ein vindpark til havs, som skal opnast for kraftproduksjon i 2011, investerer dei to norske selskapa nå 10 milliardar kroner.

Les også: Milliardsatsing i vinden til havs

Medan Statkraft, som er 100 prosent eigd av staten, investerer milliardar i Storbritannia, skjer det førebels lite i norske farvatn. Dermed får norsk leverandørindustri dårleg med høve til å utvikla seg.


Lønnsamt i Storbritannia

- Me tar høg risiko og satsar i satsar i Storbritannia fordi britiske styresmakter har lagt rammevilkåra særs godt til rette, seier Alfstad.

Han legg til at i Storbritannia har det alt lenge vore på plass eit ryddig forvaltingsregime for tildeling av areal til sjøs. Dessutan blir det gitt så store subsidiar at vindkraftproduksjonen til havs blir lønnsam. Dertil får me god kompetanse til framtidig utbygging av havvindmøller i norske farvatn, seier Alfstad.

Under energikonferansen i Haugesund i går kom det fram at vindkraft kan få betalt med 2,50 kroner per kilowattime i Storbritannia.


Botnfaste og flytande

- Med eit effektivt forvaltingsregime og gode økonomiske rammevilkår på plass er potensialet stort for havvindmøller også i Norge. I første rekke har eg tru på bygging av botnfaste vindmøller på mellomstore havdjup, 40 til 60 meter, i søre del av Nordsjøen. Seinare også bygging av flytande møller, som til dømes Hywind, på djupare vatn, seier Alfstad.

Han legg til at for Statkraft som stor vasskraftprodusent vil det vera heilt ideelt å kunna supplera med vindkraft slik at produksjonsvolumet blir jamnt og føreseieleg for eksportmarknaden.


Knallhard konkurranse

Men statkraftdirektøren er ottefull for at rammevilkåra kjem for seint på plass her heime, slik at heimleg industri ikkje kjem i gang med produksjon for heimemarknaden og deretter til eksport.

- Mange verksemder i Tyskland, Danmark og Storbritannia har alt kome godt i gang som leverandørar til den sterkt veksande havmølleindustrien. Konkurransen er i ferd med å bli knallhard. Difor gjeld det om ikkje å bli ståande igjen når toget nå går seier Alfstad.


Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli forhåndsmoderert

Olje og gass

Oljeservice

Fornybar energi

Klima og miljø

  • Full klimakrangel i Bonn

    Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.

Meninger

På forsiden nå

fuelfix_energi

barentsobserver_energi

calgaryherald_energi

nytimes_energi

jp_energi