-
FOTO: Pål Christensen
Jærbu vil ha vindkraft
Når energiminister Terje Riis-Johansen (Sp) i dag kjem på årsmøtet i Rogaland Sp, vil Geir Pollestad (Sp) gje sin tidlegare sjef eit klart råd om å seia ja til dei påklaga vindkraftanlegga i Bjerkreim og Hå.
AV: margunn ueland
–Eg er ikkje av dei som får vondt i auga av å sjå ei vindmølle. Og eg meiner generelt at motstanden mot vindmøller har teke heilt av. Mykje av motstanden går på det estetiske. Og når det gjeld estetikk, er det stort sett folk i Bjerkreim som skal sjå på desse møllene. Då bør deira syn vega tungt, mens andre sitt syn bør vega mindre tungt. Eg trur det blir flott når vindkraftverka kjem i drift. Eit synleg teikn på at her bur eit folk som ikkje let verdiane blåsa forbi, seier stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) til Aftenbladet.
God kontakt
Energiministeren har lytta til råd frå jærbuen før: Pollestad var statssekretær hos Riis-Johansen eit år (frå 20.06.2008 til 30.09.2009) før han hamna på Stortinget i fjor haust.
Det er regjeringa ved olje- og energiministeren som nå skal avgjera om det blir utbygging, etter at fylkesmannen har påklaga konsesjonane som NVE har gitt til vindkraftanlegga Moi-/Laksesvelafjellet og Gravdal i Bjerkreim og til Skinansfjellet i Hå.
Terskelen
–I Rogaland sin vindkraftplan er desse tre områda definerte som Nei-område. Då handlar det ikkje bare om det visuelle og estetiske, men om også naturvern/biologisk mangfald, friluftsliv og så vidare. Tel ikkje det med for deg?
–NVE har gjort ei tilsvarande vurdering, og eg har stor tillit til at også NVE gjer gode vurderingar. Her er det spørsmål om kor ein legg terskelen. Eg meiner vindkraftplanen til Rogaland legg terskelen for lågt. Og så saknar eg eit element som kanskje er det viktigaste, og det er økonomien i prosjekta, svarar Pollestad og tek til orde for at fylkeskommunen må revidera vindkraftplanen sin.: –Dei må sjå på om Ja- og Nei-områda i dag er dei rette ut frå kva som er aktuelt og realistisk å byggja ut dersom ein også skal leggja vekt på økonomiske faktorar, utdjupar han.
Antiplan
På fjorårets årsmøte i Rogaland Sp, kalla Pollestad vindkraftplanen for ein plan mot vindkraft. Det står han ved:
–Dette er en plan som for alle praktiske formål seier at Rogaland ikkje skal vera eit kraftsentrum for vindkraft i Norge. Det er synd.
På papiret
–Korleis kan du seia det når det i Ja-områda i planen er eit potensial for vindkraftutbygging på 3 TWh, altså like mykje som det nasjonale målet var då planen vart vedteken i 2007?
–Der er det eit spørsmål om Ja-områda på papiret er så interessante at dei vil bli realiserte.
Resultat
–Er det nå slik at regjeringa har så dårlege resultat på fornybar energi at dei må godkjenne det meste sjøl om naturvern- og friluftsinteresser protesterer på det sterkaste?
–Nei. For utfordringane når det gjeld vindkraft, er ikkje talet på konsesjonar, men å få realisert dei konsesjonane som alt er gitt, svarer Pollestad og rettar så eit skyts mot natur- og miljøvernarar:
Provoserande
–Vindmøller = miljøvenleg energi. Noko av det som provoserer meg mest, er miljøorganisasjonar (ikkje Zero og Natur og Ungdom) som er: For vindkraft, men mot vindmøller. For vasskraft, men mot røyrgater og demningar. For bioenergi, men mot skogsvegar. Og sjølvsagt også mot kraftlinjer. Europa treng meir fornybar energi. Me har ressursane og skal sjølvsagt ta desse i bruk. Det er god miljøpolitikk, god næringspolitikk og god distriktspolitikk.
Avvist
–Staten sin representant i Rogaland, fylkesmann Harald Thune har påklaga konsesjonane. Kor tungt bør det vega når regjeringa skal fatta si avgjerd?
–Vindparken på Lista fekk konsesjon sjøl om både fylkesmannen i Vest-Agder og Vest-Agder fylkeskommune var steilt i mot. Der støtta Terje (Riis-Johansen) NVE, minner Pollestad om.
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Olje og gass
-
Britene støtter Olje-Ola
Den britiske energiministeren Charles Hendry støtter energiminister Ola Borten Moe i kampen mot EUs forslag om en felles lov for sikkerhet offshore.
-
Tidligpensjon er hovedkamp
Når sokkelarbeiderne møter oljeselskapene i tariffoppgjør, står kampen for tidligpensjon helt sentralt.
Oljeservice
-
Statoil gir borekontrakter verdt 30 milliarder
På Statoils arbeidsliste står boring av brønner, plugging av gamle brønner, brønnoverhaling og vedlikehold på 18 plattformer. De som får jobben er KCA Deutag, Odfjell Drilling og Archer.
-
Meir opphogging i Vats
AF Gruppen har fått kontrakt med Gassco om riving og opphogging av stigerøyrsplattforma B-11. Oppdeling og gjenvinning vil skje ved AF sin base på Raunes i Vats.
Fornybar energi
-
Lyse endrer strømavtalen din
Fra 1. juni får du som 85.000 andre, en helt ny strømavtale hvis du er kunde hos Lyse. Framover skal du betale innkjøpspris for strømmen pluss et fast påslag på 45 kroner i måneden.
-
Strømløst på Tasta
Det ble en mørk 17.mai-ettermiddag på deler av Tasta.
Klima og miljø
-
Full klimakrangel i Bonn
Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.
-
India gir Norge kamp om klimatoppverv
Nordmannen Harald Dovland har fått hard kamp om vervet som leder for arbeidsgruppen som skal jobbe for å få på plass en ny og juridisk bindende klimaavtale innen 2015.
Kommentarer