Milliardsatsing i vinden til havs

Sju vestlandske kraftselskap, deriblant Haugaland Kraft, går saman i eit nytt selskap som vil satsa på utbygging av vindenergi til havs.

Det mest konkrete prosjektet for det nye selskapet, som blir stifta torsdag, blir videreutvikling av planane om bygging av 78 botnfaste vindmøller til havs få kilometer utanfor Harøy i Sandøy kommune i Møre og Romsdal.

Blir planane realiserte, vil dei nye havvindmøllene kunne produsera 1 TWh (terrawattimer) årleg. Dette er nok straum til å forsyna 49 000 hushald. Investeringstrongen er på mellom fire og fem milliardar kroner.

Ormen Lange

- Trongen for ny kraft er stor i Møre og Romsdal. Krafta fra eit utbygd Havsul 1 kan gå direkte til Ormen Lange-anlegget som produserar gass for eksport til England, seier Håkon Sandvik, dagleg leiar i Vestavind Kraft.

Vestavind Kraft er eigd av sju kraftselskap på Vestlandet, deriblant Haugaland Kraft, Sunnhordland Kraft og BKK (Bergenhalvøen kommunale kraftselskap) i Bergen.

Vestavind har til nå utvikla vindkraftprosjektet på sjø og land. Men det nye selskapet, som blir skipa torsdag, skal, ifølgje Sandvik bli, dei sju kraftselskapa sitt selskap for satsing på vindenergi til havs.

Manglar konsesjon

Vestavind Kraft kjøpte 1. juli Havsul 1- prosjektet frå selskapet Havgul. Havsul 1 fekk konsesjon frå Norges Vassdrags- og Energidirektorat. Men denne avgjerda er seinare blitt anka. Anken ligg nå til handsaming i departementet.

- Me har eit visst håp om at anken kan bli ferdighandsama før stortingsvalet, seier Håkon Sandvik i Vestavind Kraft.

Vestavind Kraft eig frå før delar av prosjektet Havsul 2, som heller ikkje har fått konsesjon.

På grunt vatn

Havgul, som har utvikla vindmølleprosjekta Havsul 1, 2 og 4 utanfor Møre-kysten, er framleis medeigar i Havsul 2.

Begge prosjekta inneheld planar om botnfaste og store vindmøller. Kvar vindmølle vil få ein effekt på 4,5 megawatt. Navet i vindmølla skal vera 95 meter over havet og rotordiameteren blir på heile 120 meter.

- Dette er større møller enn dei som hittil er bygde til havs i Danmark, Tyskland og Storbritannia, seier Harald Dirdal, dagleg leiar i Havgul.

Han legg til at møllene skal byggjast på grunt vatn.

Finansiering

-I Havsul 1-prosjektet er havdjupet mellom fire og 35 meter og mellom seks og 11 kilometer fra land, seier dagleg leiar i Havgul.

Men investeringane blir store.

- Her blir trong for offentleg medverknad på finansieringssida, seier dagleg leiar i Vestavind Kraft Håkon Sandvik.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli forhåndsmoderert

Olje og gass

Oljeservice

Fornybar energi

Klima og miljø

  • Full klimakrangel i Bonn

    Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.

Meninger

På forsiden nå

fuelfix_energi

barentsobserver_energi

calgaryherald_energi

nytimes_energi

jp_energi