-
Einar Strømsvåg leier utbygginga av vindparken Sheringham Shoal som skal ha 88 vindmøller i full drift på seinsommaren. 28 vindmøller er oppe til nå. -
Statkraft og Statoil investerer i vindparken Sheringham Shoal utanfor kysten av England.FOTO: Fredrik Refvem
Motvind for Statoil sin havvindpark
Kostnadssprekk og forsinkingar gjer at Statkraft nå set ned verdien av havvindparken Sheringham Shoal med 338 millionar kroner. Partnaren Statoil har ikkje gjort den same vurderinga av prosjektet, som har ein prislapp på 10 milliardar kroner.
AV: turid furdal
- Me opplever framleis at me har eit godt samarbeid med Statoil i prosjektet, der me bidrar med kvar vår type spisskompetanse. Det er samarbeidet med vêrgudane me har slitt med i vinter, seier pressetalsmann Torbjørn Steen i Statkraft.
Eitt av problema er at installasjonen av vindmøllene går seinare enn planlagt, på grunn av sterk vind og høge bølgjer. Ekstremvëret i haust og vinter har medført nye forsinkingar for dei to norske selskapa si havvindsatsing til 10 milliardar kroner.
Vindparken ligg eit par mil utanfor strendene ved badebyen Wells-next-the-Sea i Norfolk i England.
Statkraft og Statoil eig halvparten kvar i prosjektet.
Steen håpar vêret blir like dårleg neste vinter, når vindparken er kommen i full i produksjon med 88 vindmøller.
- Det er for tidleg å seia noko om Sheringham Shoal vil bil mindre lønsamt enn me først trudde, legg han til.
Ulike vurderingar
Forsinkingar og kostnadsoverskridingar er grunnen til at Statkraft skriv ned verdien av sin del av Sheringham Shoal med 338 millionar kroner.
Medan dei same forholda altså ikkje gir grunn for Statoil til å skriva ned verdien av sin eigardel, sjølv om dei også gjorde ei vurdering av nåverdien av vindparken for 2011.
- Me har brukt ulike modellar for vurderinga av nåverdien av anlegget, og desse kan gi ulike svar. Vår konklusjon ved kvartalsframlegginga i sist veke, var ikkje å skriva ned verdien av prosjektet, seier pressetalsmann Morten Eek i Statoil.
Torbjørn Steen i Statkraft understrekar at sjølv om dei ekstra kostnadene er uønska, så rokkar dei ikkje ved selskapet sine planar og ambisjonar om å satsa på havvind, i samarbeid med Statoil.
- Statkraft ønskjer framleis å ha ei industriell rolle innan havvind. Me vil utvikla ny kompetanse og skapa moglegheiter for norsk industri, seier Steen. Han viser til at Sheringham Shoal er eit pionérprosjekt.
- Situasjonen me nå opplever er utfordrande, men gjennom vanskane me opplever nå opparbeider me oss erfaringar og kompetanse som vil komma nye prosjekt til gode.
Åtte vindmøller i drift
Verken Statkraft eller Statoil vil opplysa kor stor kostnadssprekken er for prosjektet.
Venting ved kai på grunn av mykje uvêr, har gjort at installasjonen i haust og vinter har stoppa opp i lange periodar. Sist vinter fekk Statoil problem med at skipet som skulle brukast til installasjon av fundamenta, var for lite robust.
- Me ser nå på om me kan redusera ekstrakostnadene som har komme til, blant anna gjennom inntekter frå vindturbinane som alt er komne opp og er i produksjon. Totalbildet vil me ikkje kjenna før prosjektet nærmar seg ferdigstilling, seier Morten Eek i Statoil.
Etter planen skal i alt 88 vindturbinar stå klar på seinsommaren i år. Til nå har 28 vindturbinar komme opp. 8 av dei er sett i produksjon og leverer straum i kablar til land. Dei har til nå levert betre enn forventa.
Utbygginga på Sheringham Shoal blir den første store satsinga på botnfaste havvindmøller for Statoil, i samarbeid med Statkraft.
Erfaringa skal dei to norske selskapa bruka i det vidare arbeidet fram mot konsesjonssøknad og investeringsavgjerd for gigantparken Doggerbank. Denne utbygginga kan bli 30 gonger større enn Sheringham Shoal.
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Relaterte bilder
Torbjørn Steen, Statkraft FOTO: Fredrik Refvem
Olje og gass
-
Britene støtter Olje-Ola
Den britiske energiministeren Charles Hendry støtter energiminister Ola Borten Moe i kampen mot EUs forslag om en felles lov for sikkerhet offshore.
-
Tidligpensjon er hovedkamp
Når sokkelarbeiderne møter oljeselskapene i tariffoppgjør, står kampen for tidligpensjon helt sentralt.
Oljeservice
-
Statoil gir borekontrakter verdt 30 milliarder
På Statoils arbeidsliste står boring av brønner, plugging av gamle brønner, brønnoverhaling og vedlikehold på 18 plattformer. De som får jobben er KCA Deutag, Odfjell Drilling og Archer.
-
Meir opphogging i Vats
AF Gruppen har fått kontrakt med Gassco om riving og opphogging av stigerøyrsplattforma B-11. Oppdeling og gjenvinning vil skje ved AF sin base på Raunes i Vats.
Fornybar energi
-
Lyse endrer strømavtalen din
Fra 1. juni får du som 85.000 andre, en helt ny strømavtale hvis du er kunde hos Lyse. Framover skal du betale innkjøpspris for strømmen pluss et fast påslag på 45 kroner i måneden.
-
Strømløst på Tasta
Det ble en mørk 17.mai-ettermiddag på deler av Tasta.
Klima og miljø
-
Full klimakrangel i Bonn
Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.
-
India gir Norge kamp om klimatoppverv
Nordmannen Harald Dovland har fått hard kamp om vervet som leder for arbeidsgruppen som skal jobbe for å få på plass en ny og juridisk bindende klimaavtale innen 2015.
Kommentarer