• Ordninga med elsertifikat er pålagt kraftprodusentane for å stiumlera til meir straum frå vannkraft og vindkraft.

    FOTO: Pål Christensen

No må du betala for elsertifikat

Frå nyttår får alle plussa på ein ekstra kostnad for elsertifikat på straumrekninga si. Pengane går til utbygging av meir vasskraft og vindkraft i Norge og Sverige.

- Elsertifikat-ordninga er pålagt kraftprodusentane for å stimulera til auka fornybarproduksjon, seier kommunikasjonsrådgjevar Arne Søiland hos NVE (Norges vassdrags og energidirektorat).

- I år vil elsertifikata truleg kosta 0,75 øre per kilowattime for straumkundane, seier Søiland.

Les også

Skretting halverte CO2-utsleppa

Fiskefôrprodusenten Skretting har gått over til fornybar straum med opphavsmerking.

Det betyr rundt 150 kroner ekstra i året for ei vanleg norsk hushaldning. Avgifta blir innbakt i den ordinære straumprisen.

Pålagt og frivillig

Ekstrakostnaden for straumkundane vil variera: Ut frå elsertifikatprisen på marknaden til ei kvar tid, og med kor dyktig energiselskapet er til å kjøpa inn slike sertifikat.

Medan elsertifikat-ordninga er pålagt kraftselskapa og kundane deira, er kjøp av opphavsgarantiar frivillig. Straumkundar som ønskjer fornybar energi betaler litt ekstra for garantiar om at straumen er 100 prosent fornybar.

Auka inntekter

- I praksis gir både elsertifikat og opphavsgarantiar auka inntekter til produsentar av fornybar energi, seier Arne Søiland.

Medan opphavsgarantiar kjem på toppen av inntektene for etablerte kraftprodusentar, finansierer elsertifikatordninga utbygging av ny vasskraft og vindkraft eller auke av produksjonen i eksisterande, større kraftverk.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli forhåndsmoderert

Olje og gass

Oljeservice

Fornybar energi

Klima og miljø

  • Full klimakrangel i Bonn

    Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.

Meninger

På forsiden nå

fuelfix_energi

barentsobserver_energi

calgaryherald_energi

nytimes_energi

jp_energi