-
I fjor gjekk fiskefôrprodusenten Skretting over til berre å bruka straum frå fornybare kjelder, som vindkraft, på fabrikkane sine. Det resulterte i halverte CO-utslepp på klimarekneskapen for 2011.
FOTO: Hans E. H. Jacobsen
Skretting halverte CO2-utsleppa
Fiskefôrprodusenten Skretting har gått over til fornybar straum med opphavsmerking.
AV: turid furdal
Ei rekkje norske verksemder kjøper i dag straum med opphavsgaranti for å få eit betre CO2-fotavtrykk.
- Ved å bruka fornybar straum framstår bedriftene betre og tiltrekkjer seg nye tilsette, investorar, og kundar, seier marknadsdirektør John Ravlo i Ecohz AS, som driv med kjøp og sal av opphavsgarantiar. Det å velja fornybart påverkar omdømme, konkurransekraft og verdiar, meiner Ravlo.
Utan opphavsgarantiar er nemleg straumen som blir levert til norske kundar like "skitten" som den europeiske energimiksen. Det vil at kolkraft utgjer 50 prosent, kjernekraft 27 prosent, medan fornybardelen er nede i 23 prosent.
Skretting går på grønt
I fjor gjekk fiskefôrprodusenten Skretting over til berre å bruka straum frå fornybare kjelder på fabrikkane sine. Det resulterte i halverte CO2-utslepp på klimarekneskapen for 2011.
- Me ønskjer på forsiktig vis å bidra til det verda treng meir av: Fornybar energi. Det trengst økonomiske insentiv for å gjera fornybar energi meir konkurransedyktig i forhold til den billege fossile energien, seier driftsdirektør Erlend Sødal i Skretting.
- Berekraft har me drive på med i 30 år, gjennom å utvikla løysingar for korleis utnytta havet utan å utarma det. Det nye er at me utvidar tankegangen til også å gjelda korleis me framstiller fôret, legg han til.
Stavanger kommune har kjøpt opphavsgarantiar i fem år.
- Me ønskjer å vera ein pådrivar for fornybar energi. Me vil gå føre og ta kostnadene som dette betyr, seier miljøvernsjef Olav Stav.
Privatpersonar pressar på
Salet av opphavsgarantiar her i landet tilsvarte i 22 TWh (milliardar kilowattimar) i 2010, av ein total fornybarproduksjon på 119 TWh. Brorparten av garantiane gjekk likevel ut av landet: Tilsvarande 60 prosent av fornybarproduksjonen vår.
Miljørådgjevar Ingvald Erga i Grønn Hverdag seier mange nordmenn trur straumen dei kjøper er fornybar.
- Men det er den dessverre ikkje, sidan fornybardelen for det meste blir selt til utlandet. Dersom alle i Norge hadde sagt at me ikkje finn oss i dette og hadde kjøpt opphavsgarantiar, ville det ha stimulert til bygging av fleire vindmøller, solkraft i ulike former, vasskraft og biogassanlegg, seier han.
- Forbrukaren er med og stimulerer til investeringar i den typen kraft dei ønskjer meir av, legg Ravlo til. Han seier mange forbrukarar lengre sør i Europa er opptekne av å pressa produsentane i fornybar retning.
- WWF tilrår straumkundar å kjøpa straum med opphavsgarantiar spesielt frå nye kraftverk. På kontinentet har dei miljømerking også på straum, tilsvarande vår Svane-merking, og visse deler av straumen må komma frå nye utbyggingar, seier han.
- Lyse tar feil
Grønn Hverdag hjelper bedrifter som vil bli miljøfyrtårn. At CO2-utsleppet frå straum blir så stort, kjem som ei overrasking på mange.
Konserndirektør for energi i Lyse, Ole Gabrielsen meiner krafta me nordmenn betaler for er meir eller mindre heilt rein, sjølv utan opphavsgarantiar. Han forklarer dette med at kraftsalet er delt inn i to ulike system der salet av opphavsgarantiar skjer på ein virtuell marknad som er heilt skilt frå den fysiske produksjonen.
- Lyse tar feil. Utan kjøp av opphavsgarantiar er krafta skitten. 50 prosent av straumen vår kjem frå fossile kjelder med høgt CO2-utslepp, seier Erga.
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Fornybar eller fossil:
Ein opphavsgaranti viser kva for energikjelde straumen kjem frå, til dømes frå fornybare energikjelder. Opphavsgarantiar kan seljast til norske og utanlandske straumkundar.
NVE sin varedeklarasjon til norske kundar utan opphavsgaranti viser at 72 prosent av straumen kjem frå ukjente kjelder eller import. CO2-utsleppa blir som for den europeiske energimiksen.
Østfoldforskning har korrigert varedeklarasjonen for kor stor del av denne krafta som blir produsert på ulike måtar. Fasiten blir då: 50 prosent fossil, 27 prosent kjernekraft og 23 prosent fornybare kjelder. Utan sal av fornybargarantiar ut av landet, ville fornybardelen ha lege over 85 prosent, ifølge vekeavisa MandagMorgen.
Olje og gass
-
Britene støtter Olje-Ola
Den britiske energiministeren Charles Hendry støtter energiminister Ola Borten Moe i kampen mot EUs forslag om en felles lov for sikkerhet offshore.
-
Tidligpensjon er hovedkamp
Når sokkelarbeiderne møter oljeselskapene i tariffoppgjør, står kampen for tidligpensjon helt sentralt.
Oljeservice
-
Statoil gir borekontrakter verdt 30 milliarder
På Statoils arbeidsliste står boring av brønner, plugging av gamle brønner, brønnoverhaling og vedlikehold på 18 plattformer. De som får jobben er KCA Deutag, Odfjell Drilling og Archer.
-
Meir opphogging i Vats
AF Gruppen har fått kontrakt med Gassco om riving og opphogging av stigerøyrsplattforma B-11. Oppdeling og gjenvinning vil skje ved AF sin base på Raunes i Vats.
Fornybar energi
-
Lyse endrer strømavtalen din
Fra 1. juni får du som 85.000 andre, en helt ny strømavtale hvis du er kunde hos Lyse. Framover skal du betale innkjøpspris for strømmen pluss et fast påslag på 45 kroner i måneden.
-
Strømløst på Tasta
Det ble en mørk 17.mai-ettermiddag på deler av Tasta.
Klima og miljø
-
Full klimakrangel i Bonn
Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.
-
India gir Norge kamp om klimatoppverv
Nordmannen Harald Dovland har fått hard kamp om vervet som leder for arbeidsgruppen som skal jobbe for å få på plass en ny og juridisk bindende klimaavtale innen 2015.
Kommentarer