-
FOTO: Scanpix
Vil ha tusenvis av nye grøne arbeidsplassar
Å oppretta eit StatVind, eit statleg selskap for utvikling av vindkraft, er eit av grepa Senterpartiet vil ta når partiet nå vil gjera ei storstilt satsing på fornybar energi til ei hovudsak i valkampen.
AV: margunn ueland
Næringsliv og fornybar energi blir noko av det Sp-leiar Liv Signe Navarsete kjem til å snakka mest om både i landsmøtetalen sin, framover mot valet: Landsmøtet kjem til å banka at «omstilling til eit grønt næringsliv med industrialisering av fornybar energi» skal vera den eine av dei tre hovudsakene til partiet framover. Samferdsle og «velferd der folk bur» (skule og omsorg) dei to andre.
Statvind
Navarsete er viss på at fornybar energi vil bli ein ny stor industri med tusenvis av arbeidsplassar i Norge, men det krev at staten blir langt meir offensiv på dette feltet framover:
- På same måten som staten var aktiv i starten av oljeeventyret, må staten vera aktiv i satsinga på fornybar energi. Då fekk me Statoil, nå treng me eit StatVind, seier Navarsete til Aftenbladet. I framlegget til stortingsprogram for 2009- 13 går ein samrøystes programkomite i Senterpartiet inn for å oppretta eit eige selskap, eit StatVind, som skal vera motor i forsking, utvikling og kommersialisering av vindkraft på land og til havs.
- Kva meir må til for å skapa tusenvis av nye grøne arbeidsplassar?
- Eg kan ikkje røpa alt på førehand, ler Navarsete.
Støtte
- Sp har hatt energiministeren denne perioden og ikkje ei vindmølle er bygd. Er det då ikkje temmeleg dristig å gjera fornybar-satsing til valkampsak?
- Me har auka løyvingane til fornybar energi, energiomlegging og energieffektivitet med 350 prosent sidan 2005. 284 nye prosjekt har fått støtte i 2008. 188 småkraftverk er starta opp. Me arbeider nå med å få til ei ordning med grøne sertifikat. Me har gjort mykje, men på langt nær nok. Ein grunn til at me løftar dette fram som ei stor valkampsak er at me ønskjer auka satsing, svarar Navarsete.
Småbedriftene
Sp vil vera det fremste partiet for små og mellomstore bedrifter.
Det skal Senterpartiet mellom anna klara ved å kjempa gjennom at formueskatten skal fjernast på arbeidande kapital. I dag betaler bedriftene formuesskatt av maskinar, verkstadhallar osv.
- Det er uheldig og hemmar nyskaping, meiner Navarsete og Sp som også vil auka botnfrådraget.
For å letta gjera det lettare å overta ei familieeigd bedrift, vil partiet fjerna arveavgifta. - Dette er også viktig for å sikra lokalt eigarskap, understrekar Navarsete.
Nyskaping
I programmet som landsmøtet i Sp kjem til å vedta til helga, står det at den offentlege forskingsinnsatsen mot næringslivet først og fremst må rettast inn mot dei små og mellomstore bedriftene. Å fjerna arbeidsgivaravgifta i tre år for nyetablere kunnskapsbedrifter er eit anna nytt punkt.
- Ap og LO heng tett saman, SV opplever seg nærmast som ein forlenga arm av miljø- og fredsrørsla og nå vil du altså vera NHO sin beste ven?
- Me snakkar godt med NHO og eg er mykje ut på bedriftsbesøk. Det er alltid nyttig. Når me nå blankpussar og løftar fram næringspolitikken vår, er det fordi det er grunnleggjande for å byggja landet og for å stansa sentraliseringa.
Soria Moria 2
Fornybar energi og grønt næringsliv vil stå høgt oppe på Senterpartiet si kravliste i Soria-Moria-2-forhandlingane, forsikrar Navarsete.
- Mot oljeutvinning i Lofoten og Vesterålen blir også viktig. Og skal me lukkast med å utvikla arbeidsplassar i heile landet, er det å få gjennomført 45 prosents auken til samferdsel som me legg opp til i planen heilt grunnleggjande, understrekar Sp-leiaren. Men det einaste absolutte kravet blir Nei til EU.
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Olje og gass
-
Samisk sjaman skapte oljefeber
Spådommer om oljefunn fra en samisk sjaman har ført til stort salg av North Energy-aksjer.
-
25 milliardar i oljesubsidiar
Oljesubsidiane er dobbelt store som landbrukssubsidiane. Ein fersk rapport anslår staten si støtte til norsk olje- og gassproduksjon til 25,5 milliardar kroner.
Oljeservice
-
Eiendomskonge satser til sjøs
Atlantic Offshore nøyer seg ikke med 25 skip. Nå bygges fem nye for 1,2 milliarder kroner.
-
Stavanger-bedrift i-Tec vinner Gullkronen
Stavanger-bedriften i-Tec vant prisen for beste nye venture under Rystad Energys Gullkronen 2012.
Fornybar energi
-
«Grønn kriger» fikk motvind
Han kaller seg «Green Warrior», Jon Bakke fra Norges Miljøforbund. Men i Sokndal møtte han liten forståelse for kampen mot vindturbiner.
-
Kommunale el-biler i sikte
Stavanger har lenge hatt som mål å bli den beste elbil-byen, men så langt har det vært få el-biler å skimte i kommunen.
Klima og miljø
-
Høyre ber regjeringen droppe klimameldingen
Høyre mener Stortinget kan ta jobben med å lage et nytt, bredt klimaforlik og ber regjeringen droppe klimameldingen som er ventet fremmet i juni.
-
Kommunale el-biler i sikte
Stavanger har lenge hatt som mål å bli den beste elbil-byen, men så langt har det vært få el-biler å skimte i kommunen.
Kommentarer