• Slike forhold ønskjer Statoil seg meir av, for å installera dei 80 meter høge turbintårna.

    FOTO: Alan O'Neill

  • Installasjon av turbinblad.

    FOTO: Alan O'Neill

  • Dei 52 meter lange turbinblada blir frakta ut på båtar til vindparken Sheringham Shoal utanfor kysten av England. Her byggjer Statkraft og Statoil ein av Storbritannias største havvindparkar.

    FOTO: Alan O'Neill

  • Einar Strømsvåg leier utbygginga av vindparken Sheringham Shoal.

    FOTO: Fredrik Refvem

Vind forsinkar Statoil-vindmøller

To skip ligg ved kai og ventar på at vêret skal roa seg nok til å installera fleire vindmøller på Sheringham Shoal. Om vinden bles like mykje neste år, blir det fantastisk, meiner pressetalsmann Morten Eek i Statoil.

Vêrforholda forsinkar nok ein gong utbygginga av vindparken til Statoil og Statkraft i Storbritannia. Vindarken ligg eit par mil utanfor strendene ved badebyen Wells-next-the-Sea i Norfolk og skal etter planen ha 88 vindturbinar i produksjon til sommaren.

Ekstremvêret som har herja i haust og vinter har skapt problem for Statoil som har ansvaret for utbygginga.

- Til nå er 21 vindturbinar komne opp. Fem av dei er alt i produksjon, og resultata er så langt er svært lovande. Vindstyrken låg i desember i snitt på 13 meter i sekundet, seier Morten Eek og Lyndsey Corrigan i Statoil til Aftenbladet.

- Der det bles bra, er det bra å ha vindparkar. Samtidig er den same gyldne energikjelda også den største utfordringa for å byggja vindparken, slik at me kan begynna å produsera straum, konstaterer Eek.

Full stopp i fjor

Venting ved kai på grunn av mykje uvêr, gjer at installasjonen i haust og vinter har stoppa opp i lange periodar.

Sist vinter fekk Statoil problem med at skipet dei først hadde bestilt til installasjon av fundamenta, ikkje takla kombinasjonen av tøffe vêrforhold og dønningar. Eit meir robust skip kom inn i staden.

Akkurat nå ligg to installasjonsfartøy klare for å gå ut. Dei fraktar ut deler og turbinblad til vindmøllene som blir monterte ute på havet.

- Det er for tidleg å seia om vêrforholda vil forsinka prosjektet i forhold til planen om oppstart neste sommar. Om me får ein lengre periode med betre vêr, kan utbygginga av vindturbinane skje i høg takt og det er mogleg å ta inn igjen tapt tid, seier Eek.

Tunge løft

- Det kan installerast fire vindmøller om gangen. Skipa med turbinblada tar 3-5 timar ut til feltet og sjølve installasjonen krev rundt eit par dagar, seier pressetalskvinne Lyndsey Corrigan.

- Det blir tatt i alt 1000 tunge løft i heile prosjektet, som er meir enn i kvar enkelt av Statoil sine olje- og gassutbyggingar. Det forklarer også at me legg så stor vekt på HMS og kvifor ekstremvêret har vore eit så stort problem den siste tida, legg ho til.

Statoil har frå før utvikla verdas første flytande havvindmølle som er blitt testa ut utanfor Karmøy i ein toårsperiode.

Det blir tatt i alt 1000 tunge løft i heile prosjektet, som er meir enn i kvar enkelt av Statoil sine olje- og gassutbyggingar.

Utbygginga på Sheringham Shoal blir den første store satsinga på botnfaste havvindmøller for Statoil, i samarbeid med Statkraft. Erfaringa skal dei to norske selskapa bruka i det vidare arbeidet fram mot konsesjonssøknad og investeringsavgjerd for gigantparken Doggerbank. Denne utbygginga kan bli 30 gonger større enn Sheringham Shoal.

Statoil og Statkraft samarbeider med eit tysk og eit britisk selskap om å jobba fram konsesjonssøknader for utbygginga, og ei investeringsavgjerd er varsla i 2014/2015.

Vindstille etter oljefunn?

- Me har framleis planar for Doggerbank som Statoil synest er veldig interessant og spennande, seier Morten Eek til Aftenbladet.

- Kan store investeringar i samband med fleire nye oljefunn fortrenga havvindsatsinga til Statoil?

- Prosjekt innan fornybar energi skal konkurrera med andre Statoil-prosjekt om investeringane. Det same har Sheringham Shoal gjort. Dette er gode prosjekt som me drar mykje lærdom av seier Eek. Målet er at vindparkane til havs skal stå på eigne bein, utan støtteordningar.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli forhåndsmoderert

SHERINGHAM SHOAL

OPNING: Vindparken Sheringham Shoal skal etter planen stå klar sommaren 2012. Prislappen blir på 10 milliardar kroner.

EIGARAR: Statoil og Statkraft:eig 50 prosent kvar i driftsselskapet Scira Offshore Energy Ltd.

STORLEIK: 88 turbinar på 3.6MW (Siemens) og to transformatorstasjonar ute på feltet.

PRODUKSJON: Vil produsera rundt 1.1TWh. Norske vasskraftverk leverer årleg rundt 120 TWh.

STRAUM: Vindparken vil forsyna 220.000 britiske husstandar med straum.

Olje og gass

Oljeservice

Fornybar energi

Klima og miljø

  • Full klimakrangel i Bonn

    Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.

Meninger

På forsiden nå

fuelfix_energi

barentsobserver_energi

calgaryherald_energi

nytimes_energi

jp_energi