-
FOTO: Colourbox
Vindmøller midt i matfatet
Doggerbank har dei klart rikaste og viktigaste tobisfelta i Nordsjøen, meiner fiskarar. Vindmøller kan stenga fiskefelta for all framtid.
AV:
thomas
førde
egil
schmidt
grafikk
–Blir det bygt ut med 2000 vindmøller på Doggerbank, vil dei viktigaste fiskefelta i Nordsjøen verta stengde for all framtid.
Det er Kåre Vea, fiskar og fiskebåteigar i tallause generasjonar bakover, som seier dette. Han seier vidare at fiskeria på Doggerbank dei siste åra har gitt avgjerande driftsgrunnlag for trålfiskarane frå mellom anna Eigersund, Karmøy og Bømlo.
–Doggerbank har dei klart rikaste og viktigaste tobisfelta i Nordsjøen. Her blir det også fiska store mengder brisling og rødspette samtidig som det er viktige oppvekstområde for sild og makrell.
- Les også: Oljeerfaring blir viktig konkurransefortrinn
- Les også: Doggerbank ikke mulig i Norge
I dette området har fiskarar langs heile kysten av Sør- og Vestlandet fanga fisk sidan 1800-talet, seier Kåre Vea.
Gamle rettar
–Eg er difor mildt sagt forundra over at britiske styresmakter saman med norske selskap brått kan setja fiskerinæringa, gamle næringstradisjonar og rettar til side. Slik saka er blitt framstilt i media finst her ingen konfliktar og det berre er å tura fram for bygging av klimavennlege vindmøller, seier Kåre Vea.
Heile tobisfangsten
–I fjor fanga norske fiskarar 27.500 tonn med tobis på Doggerbank, opplyser dagleg leiar i Sør Norges Trålerlag, Harald Østensjø. I fjor var fisket etter tobis stengt i norsk del av Nordsjøen. Men på grunn av ein avtale mellom Norge og EU kunne norske industritrålarar fanga tobis i EU-farvatn, saman med danske fiskarar.
–Me kjenner ei viss avmakt i høve til dette veldige vindkraftprosjektet, som skal byggjast i britisk del av Nordsjøen, seier Østensjø.
Statoil som lyspunkt
–Lyspunktet er at dei to norske selskapa Statoil og Statkraft er med i konsortiet som skal utvikla og byggja. Statoil har lang røynsle i å måtta ta visse omsyn til fiskerinæringa. Det håpar me selskapet vil gjera sjølv om utbygginga skal skje utanfor norsk sokkel, seier Østensjø, som lovar full merksemd og stort trykk på denne saka i tida framover.
–Me vil mellom anna bruka tida framover til å kartleggja brukarinteressene i området og gjennom dialog finna fram til løysingar som kan leggja grunnlag for sameksistens og minimering av potensielle konfliktar, seier Øistein Johannessen, informasjonssjef i Statoil.
Dramatisk i Danmark
For danske fiskarar er Doggerbank enda viktigare fiskefelt. Henrik Lund, som er biolog og tilsett i Danmarks Fiskeriforening, seier at om lag 70 prosent av all tobis som blir fanga av danske fartøy blir fanga på Doggerbank. År om anna utgjer dette 200.000 tonn. Blir danske fiskefartøy stengt ute frå Doggerbank vil det tyda eit tap på mellom 150 til 200 millionar danske kroner, seier Lund.
Målet til Danmarks Fiskeriforening er å påverka utbyggingsplanane. –Vindmøllene må plasserast slik at det kan opnast trålsoner på delar av Doggerbank. Utan at slike omsyn blir tatt vil det vera uråd å tråla mellom vindmøllene ettersom dei blir bundne saman med elektriske kablar på botn.
Naturvern
Lund peikar også på det paradoksale i at britiske, nederlandske og tyske styresmakter alt har peika ut verneområde på kvar sin del av Doggerbank.
Dette skal ha skjedd i samsvar med EUs habitatdirektiv og under programmet Natur 2000. Målet er å verna typiske område med sandbankar.
–Det er difor svært underleg at same område nå blir planlagt bygt ut med vindmøller. I Danmark blir det ikkje bygt ut vindparkar i slike verna havområde, seier Lund i Dansk Fiskeriforening.
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Olje og gass
-
Britene støtter Olje-Ola
Den britiske energiministeren Charles Hendry støtter energiminister Ola Borten Moe i kampen mot EUs forslag om en felles lov for sikkerhet offshore.
-
Tidligpensjon er hovedkamp
Når sokkelarbeiderne møter oljeselskapene i tariffoppgjør, står kampen for tidligpensjon helt sentralt.
Oljeservice
-
Statoil gir borekontrakter verdt 30 milliarder
På Statoils arbeidsliste står boring av brønner, plugging av gamle brønner, brønnoverhaling og vedlikehold på 18 plattformer. De som får jobben er KCA Deutag, Odfjell Drilling og Archer.
-
Meir opphogging i Vats
AF Gruppen har fått kontrakt med Gassco om riving og opphogging av stigerøyrsplattforma B-11. Oppdeling og gjenvinning vil skje ved AF sin base på Raunes i Vats.
Fornybar energi
-
Lyse endrer strømavtalen din
Fra 1. juni får du som 85.000 andre, en helt ny strømavtale hvis du er kunde hos Lyse. Framover skal du betale innkjøpspris for strømmen pluss et fast påslag på 45 kroner i måneden.
-
Strømløst på Tasta
Det ble en mørk 17.mai-ettermiddag på deler av Tasta.
Klima og miljø
-
Full klimakrangel i Bonn
Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.
-
India gir Norge kamp om klimatoppverv
Nordmannen Harald Dovland har fått hard kamp om vervet som leder for arbeidsgruppen som skal jobbe for å få på plass en ny og juridisk bindende klimaavtale innen 2015.
Kommentarer