• Utsira vest for Karmøy i Rogaland kan bli senter for havenergi.

    FOTO: Birthe Larsen

Utsira kan bli senter for havenergi

Tirsdag kveld fikk alle fastbuande på Utsira presentert Lyse sine planar om bygging av flytande havmøller fire kilometer frå land i søraustleg retning.

Dei planlagde havmøllene har fått namnet Sway. Dette teknologi-selskapet er i dag eigd av mellom andre StatoilHydro, Lyse, Rosenberg Verft og Norwind.

To byggetrinn

Men det er Lyse som driv fram Utsira-prosjektet, som skal byggjast ut i to fasar. Første byggetrinn, som blir konsesjonssøkt om kort tid, er planlagt som ein vindpark for fem vindmøller som kvar har ein effekt på 25 megawatt.

Årleg kan desse havmøllene produsera 100 millioner kilowattimar.

Denne vindparken kan stå klar i 2012.

– Men aller først skal ei testvindmølle ha vore gjenom vellukka testar frå 2010, sa Stig Svalheim i Lyse under ein havenergikonferanse i Haugesund tirsdag.

Langt til havs

Den første store havenergiparken ønskjer Lyse få på plass vest for Utsira innan 2020. Her kan det bli snakk om ein installert effekt på heile 300 megawatt.

Da nærmar ein seg effekt på linje med gasskraftverket på Kårstø. Denne fase to i utbyggingsprosjektet vest for Utsira er planlagt vest for den mest nytta skipsleia i havet vest av Utsira.

Sterk vind på Utsira

Tilhøva ved Utsira er godt eigna til havmøller, seier Stig Svalheim. Han peikar på varierande havdjupner både nær land og lenger vest. Vindtilhøva er blant dei beste i landet.

– Vinden har i gjennomsnitt ein fart på 11 meter per sekund. I den planlagte vindparken på Høg-Jæren er farten på vinden rekna til åtte meter per sekund, seier Svalheim.

Store dimensjonar

Mellom havmøllene ved Utsira og land må det byggjast ein elektrisk overføringskabel, som først går innom Utsira og vidare inn til Karmøy.

Havmøllene imed Sway-teknologien vil ha eit tårn på 186 meter, der 90 meter er synleg over havflata og 96 meter stikk ned i havet. I botn av tårnet blir plassert tung ballast på 3000 tonn.

Heile innretninga må ankrast til havbotn med eit ankerstag og sugeanker. Ankerstaget blir kopla til tårnet via ei drieskive, som gjer at heile vindmølla, inkludert tårnet kan dria med vinden.

Eigna havdjup for dette tårnet er mellom 120 og 140 meter. Rotordiameteren på sjølve mølla er mellom 110 og 130 meter.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Relaterte bilder

Utsira kan bli eit populært reisemål når fem slike eineståande havmøller blir plasserte fire kilometer frå land om fem år. (Illustrasjon: Sway).

Olje og gass

Oljeservice

Fornybar energi

Klima og miljø

Meninger

På forsiden nå

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenposten

Siste fra aftenbladet