• Dei neste tre månadene er det tre gonger så sannsynleg at me får mildvêr og regn som ein ny kald og kvit vinter, viser sesongtrenden frå StormGeo. Øivind Holm bekymrar seg lite for temperaturane. Han badar på Solastranden heile året. Etter den siste stormen er store delar av stranda skylt vekk.

    FOTO: Fredrik Refvem

- Klimakrisa ikkje avblåst etter to kalde vintrar

Ein mild vinter er i år meir sannsynleg enn nok ein kald og tørr vinter, seier meteorologen om 2012. Den globale oppvarminga er ikkje avlyst på grunn av to kalde vintrar, seier klimaforskaren.

- Framtida vil over tid gi oss fleire milde vintrar og meir nedbør, seier professor Helge Drange ved Bjerknessenteret. Han avviser påstandar om at dei to føregåande kalde vintrane beviser at det ikkje skjer ei global oppvarming.

- Om me samanliknar vintrane dei siste tre åra, er dei utfall av heilt tilfeldige naturlege variasjonar, seier Drange og legg til at temperaturen på den nordlege halvkula steig, samtidig som det var kaldt hos oss.

Mild vinter?

Basert på prognosar frå tre internasjonale vêrsenter, legg seniormeteorolog Inge Johannessen ved StormGeo fram den siste trenden for årets vinter i Nord-Europa, inkludert Skandinavia.

- Trenden angir gjennomsnittstemperaturen for januar, februar og mars, men seier ingenting om korleis temperaturen vil variera i kvar av desse månadene, seier Johannessen. Han legg til at dette ikkje er noko vêrvarsel, men at trenden angir kor sannsynleg det er med ulike typar vintervêr.

Starten på årets vinter, vart ganske stormfull og mild.

- Ein mild vêrtype er også det mest sannsynlege scenarioet for dei kommande tre månadene. Målt til 60 prosent sannsynleg.

- Kva temperatur dette vil bety for Norge er ikkje berekna nøyaktig, men truleg blir snittet 1-2 grader varmare enn normalt, seier Johannessen. Han legg til at sesongtrendane er nokså samanfallande frå Det europeiske regnesenteret i Reading, England (ECMWF), UK Met Office, Storbritannia og NOAA i USA.

Ein kald periode eller såkalla normal temperatur er langt mindre sannsynleg: 20 prosent for kvar av desse

Rett nok slo ikkje tilsvarande sesongtrend til verken i fjor eller året før. Metodane er sidan blitt forbetra. Korleis vinterverêt blir utover dei neste par vekene, er uansett relativt usikkert.

Ikkje bruk for skia?

- Betyr årets trend at folk i Stavanger-området truleg vil få større bruk for plenklipparen enn for skia i vinter?

- Det er i alle fall ikkje noko som tyder på at det vil bli mykje skuffing av snø dei neste par vekene. Det blir framleis mildt og ustabilt vêr fram mot midten av januar, og lengre fram kan me ikkje gi noko vêrvarsel i klassisk forstand. Frå tysdag til torsdag denne veka blir det nok ein periode med mykje storm og kraftig vind. Mot slutten av veka og i helga blir det kaldare, før me igjen får mildare vêr og nedbør i neste veke, seier Johannessen.

100-årskulde

Sist vinter og spesielt vinteren før det, var usedvanleg kald i Sør-Norge.

- Den første kalde vinteren var av ein type som kanskje berre kjem ein gong kvart hundrede år. Sjølv om det var kaldt under krigen, mot slutten av 1980-talet og under OL på Lillehammer, var vinteren 2009-2010 endå kaldare og tørrare, seier klimaforskar Helge Drange.

I Stavanger-området låg temperaturen i snitt 3-4 grader under det normale frå desember 2009 til februar 2010. Nedbøren låg på 10 til 50 prosent av det vanlege i perioden. I fjor vinter var temperaturen 1-2 grader lågare og nedbøren i underkant av det normale, opplyser StormGeo. Dei færraste hadde forventa dei kalde vintrane i forkant.

Spekulasjon

- Kvifor vart det så kaldt?

- Her er det ulike teoriar. Nokre studie peikar på at det hausten 2007 var rekordlite sjøis i Arktis og at effekten av dette påverka sesongane etterpå. Ein spekulasjon er at uvanleg mildt vêr i Arktis pressa kaldlufta sørover, andre påstår at lite isdekke nord for Sibir førte til endra stormmønster, medan atter andre viser til at solaktiviteten har vore uvanleg låg ein periode. Det er altså ikkje eintydige svar, seier Johannessen.

Helge Drange meiner dei to kalde og tørre vintrane og årets stormfulle, er utslag av ekstreme vêrsituasjonar. Det meir typiske er stormar frå sørvest som gir varme og fukt. Vintervêret me har hatt så langt i år er dermed langt meir normalt, sjølv om det ligg på den våte og varme sida.

- Klimaendringane indikerer at denne typen vinter blir normalen i framtida, seier Drange.

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli forhåndsmoderert

Høgtrykk: Vanlegvis aukar det på med såkalla blokkerande høgtrykk over Nord-Atlanteren i slutten av januar og utover i februar.

Tørrvêr: Slike hendingar medfører som regel lengre periodar med kulde og tørrvêr. Dei som ønskjer seg vinter, kan håpa på dette.

Varsling: Meteorologane kan ikkje oppdaga og varsla slike hendingar meir enn cirka 5-8 dagar i forkant.

Kjelde: Inge Johannessen, StormGeo

Relaterte bilder

Olje og gass

Oljeservice

Fornybar energi

Klima og miljø

  • Full klimakrangel i Bonn

    Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.

Meninger

På forsiden nå

fuelfix_energi

barentsobserver_energi

calgaryherald_energi

nytimes_energi

jp_energi