-
Figuren viser korleis temperaturen frå 1. juni til 5. august i år avviker frå normaltemperaturen (i åra 1981-2010). Jo varmare/raudare farge, jo høgare temperatur enn normalt. Blå farge viser temperatur under normalen. Norge ligg i det lyseblå feltet litt under midten.FOTO: NOAA Earth System Research Laboratory
– Sommaren er unormalt varm
Dei fleste stader på den nordlege halvkula var årets juni- og julitemperaturar langt høgare enn normalt. Den blå flekken på kartet viser området som utgjer unntaket der det var kaldare enn normalt. Du veit nok kvar.
AV: turid furdal
- Storbritannia og Skandinavia ligg i eit område som har hatt låge temperaturar. Men elles har den nordlege halvkula har vore veldig varm i sommar. Juli-temperaturen var ein av dei to-tre varmaste temperaturane som er målt på 150 år. Også juni var varm på den nordlege halvkula, seier klimaforskar og professor Helge Drange ved Bjerknessenteret i Bergen.
Ny trend?
Er årets kalde norske sommar så det me kan innstilla oss på framover?
Nei, Drange trur ikkje dei låge sommartemperaturane me i år har opplevd i Norge blir ein ny trend.
- Eg trur det er tilfeldig at Vest-Europa har hatt det så kaldt i år. Me har hatt eit innslag av nordleg vind, som har gitt oss temperaturar under det normale. Neste sommar kan bli heilt forskjellig. Denne sommaren seier lite og ingenting om den neste, meiner Drange. Men han tar eit lite atterhald:
- Det me likevel veit noko om, er den langsiktige trenden. Den globale temperaturen og temperaturen på den nordlege halvkula sett under eitt, er på veg oppover. Likevel vil temperaturane variera frå år til år, og nokre somrar vil vera kjølige. I år har me i Norge vore litt uheldig plassert, men dette kan fort forandra seg, meiner Drange.
Varmerekord
Du skal ikkje så veldig langt frå Norge før bildet endrar seg. Grønland har dette året opplevd ein eksepsjonelt varm sommar. For første gong sidan satelittovervakinga starta er det registrert issmelting over heile isoverflata på Grønland: Heilt opp til det høgaste punktet på rundt 3200 meter over havet.
Les også
- I år som føregåande år har Grønland hatt mykje sørleg vind som fraktar varmen opp. Dette er også med og forklarer kvifor me har fått nordleg vind i Norge. Me ligg i blindsona, og det kan jo ikkje vera sørlege vindar overalt på den nordlege halvkula samtidig, forklarer Drange.
Les også
I Arktis er isutbreiinga på eit rekordlågt nivå til å vera tidleg i august. Endå viktigare er det at isen raskt blir tynnare, fordi endringane då vil skje endå raskare, ifølgje forskaren.
Ekstrem tørke i USA
Ein rask sveip over kloden, viser at ekstreme vêrhendingar i sommar har gitt folk langt alvorlegare ting enn badetemperaturen å tenka på:
Flaumen i Filippinane sin hovudstad Manila tvang 250.000 menneske på flukt.
Folk i Beijing opplevde den verste flaumen på over 60 år.
USA er ramma av ekstrem tørke som gir alvorlege problem med matproduksjonen.
India: Monsunen har feila, noko rammar millionar av bønder.
Menneskeskapt oppvarming
Tørken i USA og andre former for ekstremvêr blir direkte knytt til global oppvarming i ein fersk studie frå NASA-forskaren James Hansen. Han meiner at det nesten ikkje finnest noko anna forklaring enn klimaendringar på det ekstremt varme vêret den siste tida.
- James Hansen har gjort ein analyse av observerte temperaturar sidan 1880, og har spesielt sett på kor ofte det har vore høge temperaturar. Desse kjem mykje oftare enn ein kunne forventa ut frå tilfeldige variasjonar, kommenterer Drange.
Meir regn
Klimaforskar Peter Scott har også dokumentert ein samanheng mellom klimaendringar og nedbør. I ein forskingsrapport omtalt i The Guardian, presenterte han tidlegare i år ny dokumentasjon på at den auka nedbøren i årene 2009, 2010 og 2011 er menneskeskapt, og ikkje kan forklarast innanfor dei såkalla «naturlege variasjonane».