-
Demonstrasjonsanlegget for CO2-fangst er like stort som 9-10 fotballbanar. Det har plass til nok eit stort eller fleire små testanlegg.FOTO: Helge Hansen, Gassnova
Fleire leverandørar kan få plass
Norske Aker Clean Carbon og franske Alstom er alt i startgropa for å testa CO2-fangstteknologiane sine på Mongstad. Gassnova opnar for at fleire leverandørar kan få utvikla teknologiane sine på teknologisenteret som opnar 7. mai.
AV: turid furdal
På Mongstad er det i tillegg til testsenteret planlagt eit fullskala anlegg, der fem leverandørar konkurrerer om å levera teknologien. Berre to av dei skal i første omgang testa metoden sin på Teknologisenteret på Mongstad (TCM) (sjå fakta).
Dei andre tre som vil kvalifisera seg for å reinsa CO2-utsleppa frå kraftvarmeverket, er Mitsubushi, Siemens og Powerspan Huaneng-Ceri.
Ein tredje teknologi?
Administrerande direktør Bjørn-Erik Haugan i Gassnova seier prioritet nummer ein er å få teknologisenteret i drift. Byggeperioden er straks over for teknologisenteret til 6 milliardar kroner.
Pengar som staten og dei andre eigarane har spytta inn for å bidra til utvikling av klimateknologi som kan bli ein del av løysinga for å kutta globale klimautslepp.
Tid for å hausta
- Tida er inne for å begynna å hausta, læra og sjå kva teknologiane er god for. Parallelt diskuterer nå me om det er mogleg å få på plass ein tredje, og eventuelt fleire teknologiar på teknologisenteret, seier Haugan.
Teknologisenteret som er plassert like ved Statoil sitt oljeraffineri og danske Dong Energy sitt kraftvarmeverk, er tilrettelagt for å ta imot endå eitt eller fleire testanlegg. Det har større kapasitet når det gjeld straum, røykgass og kjølevatn enn det som skal til for å forsyna dei to anlegga som alt er på plass.
To er innanfor
- Får Aker og Alstom eit forsprang ved at dei kan testa teknologiane sine på teknologisenteret?
- Dei er på innsida og me får sjå teknologiane på kloss hald og kan vera trygge på om dei fungerer. I anbodskonkurransen for fullskala-anlegget opnar me for at andre kan ha skapt dei same resultata på andre testsenter, seier Haugan.
Han ønskjer ikkje å kommentera om Gassnova har vore i kontakt ned nokon av dei tre andre leverandørane som vil levera teknologi til fullskala-anlegget. Men det er klart at Gassnova har hatt tett dialog med forskingsinstitusjonar og andre aktuelle leverandørar.
To typar eksos
- Korleis skal ei eventuell utviding finansierast?
- Nokre teknologiar kan testast i dei eksisterande anlegga. For eit nytt anlegg i same eller mindre skala er det ein føresetnad at leverandørane betaler ein del sjølve, dersom staten og dei andre eigarane skal gå inn med meir pengar, seier Haugan.
- Teknologisenteret er unikt, både på grunn av storleiken og fordi det er her utslepp frå to ulike kjelder, seier Gassnova-sjefen. Anlegget får både eksosgass frå raffineriet som inneheld omtrent like mykje CO2 som utsleppa frå kolkraftverk og industrikjelder, og eksosgass frå kraftvarmeverket.
Vil få til kostnadskutt
TCM-direktør Tore Amundsen seier formålet med teknologisenteret er å redusera prisen for å byggja og driva anlegg for CO2-fangst, redusera energibehovet ved prosessane, og redusera risiko som gjeld etter tur kostnader, tekniske utfordringar og for miljøet.
- Me bidrar til å stimulera ein framtidig marknad for CO2-fangstteknologi. Verda vil ha behov for denne teknologien for å unngå utslepp, og då må me satsa på anlegg framfor å kjøpa billege utsleppskvotar, seier Amundsen.
Draumen for Gassnova-sjef Bjørn-Erik Haugan er å gjera seg sjølv overflødig, med å få til kostnadskutt som raskt fører vidare til ein normalt fungerande marknad for karbonfangst-teknologi der det løner seg å reinsa CO2.
Følg Aenergi.no på Twitter.com/AenergiNO
Les også
To løp på Mongstad
Teknologisenteret (TCM): Blir åpnet 7. mai 2012. Pris: 6 milliarder kroner. Eiere: Staten, Statoil, Shell og Sasol. Aker Clean Carbon og Alstom skal her teste ut sine løsninger for CO2-fangst. CO2-gassen blir sluppet ut igjen til luft.
Fullskala Mongstad: «Månelandingen»: Prosjektet som kan rense utslippene fra gasskraftverket (kraftvarmeverket) for lagring. Regjeringen skal gjøre investerings- og byggevedtak i 2016. Anlegget kan stå klart i 2020.
Fem selskap er plukket ut for å få til CO2-fangst på Mongstad. Aker Clean Carbon, Alstom, Mitsubushi, Siemens og Powerspan Huaneng-Ceri. Mer enn en av de kan stå igjen når konkurransen er over.
Gassnova: Staten sitt selskap som skal koordinere gjennomføringen av prosjektet. Statoil har prosjektlederansvaret for fullskalaanlegget.
Utsettelser: Kårstø skulle bli renset for CO2-utslepp i 2009, lovet Stoltenberg si første rødgrønne regjering. Mongstad skulle få tilsvarande anlegg i 2014.
Relaterte bilder
Gassnova-sjef Bjørn-Erik Haugan FOTO: Helge Hansen, Gassnova
Siste saker
- Bil kjørte inn i menneskemengde i USA
- Tårevått Beckham-farvel
- Tre personer drept av bilbombe i Damaskus
- Brann i kjeller i Orrestien
- o Regjeringen: Mobilstråling verken skader eller plager deg