• Nuka Arctica har eit instrument ombord for å måla CO2 ved havoverflata. Båten går i linjefart mellom Aalborg og Grønland. Målingane frå Havforskningsinstituttet er nå samordna med målingar frå heile verda i ein databank.

    FOTO: Royal Arctic Line

Klimaforskarar lettar på sløret

Klimaforskarar opnar nå opp for at klimaskeptikarar og andre kan sjå dei i korta. CO2-målingar frå dei siste 40 åra er samla i ein unik databank som er tilgjengeleg både for forskarar og folk flest.

Havet tar opp CO2 og dempar slik meir ekstreme klimaendringar. Om opptaket av klimagassen endrar seg drastisk, er dette viktig å vita for å kunna setja inn mottiltak. 

CO2-målingane i den nye databanken «Socat» gjer det lettare for klimaforskarane å overvåka endringane av opptaket av klimagassen i havet. Arbeidet med å samordna CO2-målingar i havoverflata har vore leia av forskarar og dataspesialistar frå Universitet i Bergen, Havforskningsinstituttet og Bjerknessenteret.

Når klimaforskarar verda over får tilgang på alle måleresultata, får dei eit betre og meir nøyaktig grunnlag for å utvikla ny klimamodellar.

Viktig for CO2-innhaldet i lufta

- Når desse langtidsseriane av data nå er gjort tilgjengelege, blir det enklare å berekna opptaket av CO2 frå havet over lang tid, seier Benjamin Pfeil som er overingeniør ved Geofysisk institutt i Bergen til Aftenbladet.

Havet sitt opptak av CO2 spelar ei viktig rolle for CO2-nivået i atmosfæren. Rundt ein fjerdedel av all CO2 som blir sleppt ut blir tatt opp i havet. Dette opptaket er følsamt for klimaendringar.

- Til nå har måleresultata vore samla på ulike datasenter og ein god del data har berre vore hos forskarane, seier Pfeil til Aftenbladet.no.

Alle kan gå inn og sjekka

– Nå blir det mogleg å studera årlege og tiårige variasjonar i havet sitt CO2-opptak, og forska rundt prosessane som påverkar havet si evne til å ta opp CO2, seier Are Olsen som er seniorforskar ved Havforskningsinstituttet/Bjerknessenteret.

Han understrekar at databanken også er open for alle som ønskjer å sjekka og etterprøva data som forskarane brukar.

- Målet med arbeidet har også vore å sikra ein fri tilgang til datagrunnlaget klimaforskarane brukar, seier Olsen.

Havet blir surare

Han viser også til at CO2-gassen som bli tatt opp i havet, aukar forsuringa i havet.

- Desse dataene kan vera med og hjelpa å forstå kor mykje surare havet blir, og kor raskt dette skjer. Dette er viktig, fordi forsuringa er sett på som ein alvorleg trussel for livet i havet. Forsking har vist at det er effektar på livet i havet, men her treng ein enno å forska meir for å komma til fullstendig sikre konklusjonar om kor store konsekvensane er, seier Are Olsen til Aftenbladet.

Pfeil og Olsen har hatt ei sentrale rolle i å samla inn, berekna og samordna CO2-målingar frå dei siste 40 åra. 6,3 millionar målingar som er gjort av forskingsfartøy, frivillige observasjonsskip og andre frå 1968 til i dag, blir gjort offentleg tilgjengelege.

I alt har vel 100 forskarar vore involvert i arbeidet internasjonalt. Rundt ein tidel av desse er frå Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret.

Laurdag 17. mars blir prosjektet presentert i tidsskriftet «American Geophysical Unions journall»

Les også