-
Mykje moro å finna i sølepyttane i Skogen, synest Sander Selnes og Astrid Brovold i Brueland barnehage.FOTO: Fredrik Refvem
Og blautare skal det bli
Til no i år har det komme 30 prosent meir nedbør enn normalt i Rogaland. Og våtare og villare skal det bli.
AV: turid furdal
Føler du at årets september har vore ekstremt våt? At regnet ausar ned natt som dag, og at det einaste lysglimtet er utsikt til lågare straumrekning?
- Jo, hausten har til nå vore våtare enn normalt, stadfestar meteorolog Roar Inge Hansen ved StormGeo. Og det trass i at september også normalt sett er den våtaste månaden i Rogaland.
Løftar me blikket, har klimaforskar Helge Drange lite trøst å komma med.
Meir regn om hundre år
- Fram mot år 2100 ventar me at nedbøren på Sørvestlandet kan auka med 20-25 prosent, seier han.
Femåringane som jublar i sølepyttane i Sandnes kan først som sist venna seg til at regnet bøttar ned. Når dei ein dag sit på gamleheimen, vil det altså regna 20-25 prosent meir på Sørvestlandet enn det som er vanleg i dag.
Les også
Fint dei siste åra
Årets september kjennest kanskje ekstra guffen fordi det i seinare år ofte har vore mykje varmt og fint vêr i overgangen mellom sommar og haust.
- September har dei siste 10-15 åra vore ein god del tørrare enn i normalperioden, som er mellom 1961 og 1990. Og så trudde me gjerne det skulle fortsetja, kommenterer Hansen. Han legg til at trenden dei siste åra har vore at det kjem meir regn i oktober-november enn tidlegare på hausten.
Til nå i år har det komme 30 prosent meir nedbør enn normalt i Stavanger-området, opplyser Storm-meteorologen.
Våtare og meir ekstremt
I eit lengre tidsperspektiv er det nettopp meir nedbør som er trenden, opplyser klimaforskar Helge Drange ved Bjerknessenteret i Bergen.
- Dette er ein direkte følgje av global oppvarming, fordi varm luft kan halda på meir fukt enn kald luft.
- Betyr det at årets septembervêr blir det me kan venta oss framover?
- Nei heldigvis kan me ikkje venta oss slikt vêr kvart år. Det er naturlege variasjonar: Nokre år er våte, andre er tørre. Men i tillegg ser me at nedbøren over lengre tidsperiodar aukar på nordlege breiddegrader. Frå år 1900 til 2008 har nedbøren på hausten auka med 25-30 prosent på Sørvestlandet, seier Helge Drange.
Kan ikkje varsla tiårsvêr
Auken vil halda fram utover dette hundreåret i denne delen av Norge: forventa auke er 20-25 prosent meir regn.
- Men korleis vêret blir neste år eller dei neste 10, eller 20 åra, er umogleg å seia, fordi me ikkje kan varsla dei naturlege variasjonane, seier Drange. Dei siste 50 åra har naturen endra seg raskare enn det klimamodellane har klart å fanga opp.
- Personleg trur eg derfor at auken i nedbør kan bli endå større enn 20-25 prosent dette hundreåret. I tillegg blir regnvêret ofte meir intenst enn før, slik at større nedbørsmengder kjem på kortare tid. Men klimaforskarar ser ikkje for seg større og sterkare stormar i Norge som følgje av klimaendringane, seier han
Sjølv om Austlandet i år har hatt ein meir ekstrem regn-sommar enn oss på Vestlandet, er auken i nedbørsmengder generelt større på Sør-Vestlandet.
Les også
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Fram til i går:
Eik-Hove: 415 mm (173 % av normalen for heile september)
Obrestad:148 mm (95 % av normalen)
Særheim:166 mm (103 %t)
Sviland 252 mm (115 %)
Stavanger: 165 mm, estimert (102 %)
Utsira:129 mm (94 %)
Sauda:297 mm (117 %)
Nedre Vats: 373 (138 %)
Relaterte bilder
Vegard Westby Ravndal og Anders Jondahl Dahle gler seg over regnvêret sine festlege sider i Skogen i Brueland barnehage. FOTO: Fredrik Refvem
Olje og gass
-
Britene støtter Olje-Ola
Den britiske energiministeren Charles Hendry støtter energiminister Ola Borten Moe i kampen mot EUs forslag om en felles lov for sikkerhet offshore.
-
Tidligpensjon er hovedkamp
Når sokkelarbeiderne møter oljeselskapene i tariffoppgjør, står kampen for tidligpensjon helt sentralt.
Oljeservice
-
Statoil gir borekontrakter verdt 30 milliarder
På Statoils arbeidsliste står boring av brønner, plugging av gamle brønner, brønnoverhaling og vedlikehold på 18 plattformer. De som får jobben er KCA Deutag, Odfjell Drilling og Archer.
-
Meir opphogging i Vats
AF Gruppen har fått kontrakt med Gassco om riving og opphogging av stigerøyrsplattforma B-11. Oppdeling og gjenvinning vil skje ved AF sin base på Raunes i Vats.
Fornybar energi
-
Lyse endrer strømavtalen din
Fra 1. juni får du som 85.000 andre, en helt ny strømavtale hvis du er kunde hos Lyse. Framover skal du betale innkjøpspris for strømmen pluss et fast påslag på 45 kroner i måneden.
-
Strømløst på Tasta
Det ble en mørk 17.mai-ettermiddag på deler av Tasta.
Klima og miljø
-
Full klimakrangel i Bonn
Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.
-
India gir Norge kamp om klimatoppverv
Nordmannen Harald Dovland har fått hard kamp om vervet som leder for arbeidsgruppen som skal jobbe for å få på plass en ny og juridisk bindende klimaavtale innen 2015.
Kommentarer