-
Prisen for CO2-utslepp på sokkelen har gått ned dei siste åra.
CO2-utslepp er blitt billigare
Det er billigare å forureina i dag enn det var for fire år sidan. Oljebransjen har spart 2,3 milliardar kroner på reduserte CO2-avgifter.
AV: turid furdal
Stikk i strid med den raud-grøne regjerniga sin klimapolitikk er det i dag 107 kroner billigare per tonn å sleppa ut CO2 enn det var for fire år sidan.
Spart milliardar
Dermed har oljebransjen spart 2,3 milliardar kroner på avgifter for CO2-utslepp sammenlikna med det det dei betalte for fire år sidan. Det viser utrekningar frå Norges Naturvernforbund.
Naturvernforbundet har rekna ut kva kostnader oljebransjen har hatt for klimagassutslepp (CO2-avgift og klimakvotar) i åra 2008 til 2011.
Oversikta viser at kostnaden er blitt kraftig redusert etter at oljeindustrien blei tatt med i kvotesystemet.
Den «gamle» CO2-prisen var på 376 kroner tonnet. Ein pris som blir redusert til rundt 269 kroner tonnet i 2012. Det er altså blitt 107 kroner tonnet billegare å forureina.
- Kva konsekvensar får det at oljeindustrien ikkje betaler ein så høg pris for utsleppa sine?
- Det betyr at det blir meir lønsamt med større utslepp. Det fører til auka utslepp og mykje dårlegare insentiv til å kutta klimagassutsleppa for Norges største forureinar, seier leiar Lars Haltbrekken i Norges Naturvernforbund. Oljeindustrien står for ein fjerdedel av dei norske klimautsleppa.
- Oljeindustrien har fått rabatt på forureining sidan Klimaforliket, seier leiaren i Naturvernforbundet.
- Regjeringa bør justera kursen
Den særnorske CO2-avgifta har gjort norsk sokkel til den reinaste oljeverksemda i verda, men blei redusert då EU-kvotesystemet kom i 2008. Den variable kvoteprisen blei lagt på toppen.
Då CO2-avgifta vart redusert, gjekk regjeringa ut frå ein kvotepris på 160 kroner tonnet. I dag ligg kvoteprisen nærare 60 kroner tonnet.
- Målet for regjeringa var at det skulle kosta like mykje å forureina som før omlegginga, seier leiar Lars Haltbrekken i Norges Naturvernforbund.
- I ein liten periode i 2008 var kvoteprisen oppe på det forventa nivået, men sidan har prisen vore låg. Avgifta burde aldri ha blitt redusert. Utsleppa frå oljeindustrien er i ukontrollert vekst. Nå må i alle fall avgifta auka, slik at rabatten oljeindustrien har fått på si forureining, blir fjerna, seier han.
Kvoteprisen blir låg også i 2012
Den økonomiske nedgangen i Europa er hovudgrunnen til at kvoteprisen har rast nedover sidan 2008.
- Ein annan faktor er utbygginga av fornybar energi som er blitt større enn det var rekna med, seier Stig Schølset som er leiar for europeisk karbonanalyse i Point Carbon.
Han seier utsiktene for 2012 tilseier ein framleis låg kvotepris.
- I dag ligg prisen rundt 8 euro (rundt 61 kroner) og me forventar at kvoteprisen i gjennomsnitt blir 9 euro (69 kroner) i 2012. Me ventar at prisen vil gå ned igjen til 8 euro igjen i 2013, seier han.
Schølset legg til at EU diskuterer meir ambisiøse reduksjonsmål for 2020: Om klimamålet skal aukast fra 20 til 30 prosent kutt i utsleppa. Om EU skjerpar klimaambisjonane kan kvoteprisen gjera eit hopp oppover. Men om den økonomiske krisa blir verre, kan kvoteprisane gå endå lenger ned.
- CO2-avgifta må opp
- CO2-avgifta er kanskje det viktigaste klimatiltaket som er innført i Norge, seier Haltbrekken.
Formålet med CO2- avgifta var at det skulle vera dyrt å sleppa ut forureinande gassar. Dermed ville det løna seg for bransjen å utvikla og ta i bruk meir miljøvenleg teknologi og produksjonsmetodar.
- 20 år etter står regjeringa nå i fare for å øydeleggja avgifta, sier Haltbrekken.
- Dersom ikkje CO2-avgifta blir auka, vil oljebransjen spara ytterlegare 1,2 milliardar på forureininga i år, seier Lars Haltbrekken. Han meiner ein kraftig auke i CO2-avgifta er det aller viktigaste tiltaket som bør komma i klimameldinga. Framlegginga av meldinga vart i sist veke igjen utsett, denne gongen til juni.
Gratiskvoter frå 2013
Framover kan situasjonen bli endå verre, ifølgje Haltbrekken: Frå første januar 2013 vil også norsk oljeindustri vil få tildelt gratiskvoter på lik linje med annan industri i EU.
Regjeringa sa rett før jul at tildelinga av kvoter ikkje vil ha direkte verknad for CO2-prisen som petroleumssektoren står overfor. Men dei legg til grunn at sektoren ikkje skal få økonomiske fordeler på grunn av dette, og lovde å komma tilbake med forslag.
- Det som må skje, er at regjeringa må auka CO2-avgifta ytterlegare, og i alle fall til det avgiftsnivået oljeindustrien hadde tidlegare. Me treng ein auke i revidert nasjonalbudsjett og statsbudsjettet for 2013, kommenterer Haltbrekken.
Følg oss på Twitter.com/AenergiNO
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.CO2-pris på sokkelen
Utslepp: Oljeindustrien står for ein fjerdedel av dei norske klimagassutsleppa.
CO2-avgift: Norge var det første landet i verda til å innføra ei CO2-avgift i 1991. Oljeindustrien protesterte. Det vart gjennomført ei rekke tiltak som fekk ned klimagassutsleppa med fleire millionar tonn CO2 i forhold til kva utsleppa elles ville ha vore.
Omlegging: I 1998 vart oljeindustrien med i det europeiske kvotesystemet for CO2. Frå 1. januar dette året måtte oljeindustrien kjøpa kvoter for alle sine utslepp og i tillegg betala ei redusert CO2-avgift. Regjeringa sitt mål var at dei totale kostnadene knytt til klimagassutslepp skulle bli som før.
Prisfall: På grunn av ei kraftig prisfall på klimakvoter i EU har oljebransjen sine totale kostnader for klimagassutslepp gått ned.
Relaterte bilder
Leiar Lars Haltbrekken i Naturvernforbundet.
Olje og gass
-
Britene støtter Olje-Ola
Den britiske energiministeren Charles Hendry støtter energiminister Ola Borten Moe i kampen mot EUs forslag om en felles lov for sikkerhet offshore.
-
Tidligpensjon er hovedkamp
Når sokkelarbeiderne møter oljeselskapene i tariffoppgjør, står kampen for tidligpensjon helt sentralt.
Oljeservice
-
Statoil gir borekontrakter verdt 30 milliarder
På Statoils arbeidsliste står boring av brønner, plugging av gamle brønner, brønnoverhaling og vedlikehold på 18 plattformer. De som får jobben er KCA Deutag, Odfjell Drilling og Archer.
-
Meir opphogging i Vats
AF Gruppen har fått kontrakt med Gassco om riving og opphogging av stigerøyrsplattforma B-11. Oppdeling og gjenvinning vil skje ved AF sin base på Raunes i Vats.
Fornybar energi
-
Lyse endrer strømavtalen din
Fra 1. juni får du som 85.000 andre, en helt ny strømavtale hvis du er kunde hos Lyse. Framover skal du betale innkjøpspris for strømmen pluss et fast påslag på 45 kroner i måneden.
-
Strømløst på Tasta
Det ble en mørk 17.mai-ettermiddag på deler av Tasta.
Klima og miljø
-
Full klimakrangel i Bonn
Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.
-
India gir Norge kamp om klimatoppverv
Nordmannen Harald Dovland har fått hard kamp om vervet som leder for arbeidsgruppen som skal jobbe for å få på plass en ny og juridisk bindende klimaavtale innen 2015.
Kommentarer