• – Me har knapt sett eit så 
konkret initiativ før frå regjeringa på dette området, seier sjefen for godstransportselskapet Nor Lines, Toralf Ekrheim, til kyst- og fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen.

    FOTO: Thomas Førde

Regjeringa vil gå til sjøs

Kyst- og fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen vil flytta 15 millioner tonn gods frå trailerar til skip.

Fleire tiår med festtalar om kor miljøvennleg det er å flytta frakt av gods over til skip og bort frå trailerar skal endeleg gi resultat i kvardagen.

– Me skal snu kvar stein for å få dette til, sa kyst- og fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen under skipsfartskonferansen i Haugesund i går.

Ho inviterte alle partar i transportnæringa på land og sjø til å koma med konkrete forslag innan 1. mai. Deretter skal målsetjingar og tiltak takast med i Nasjonal transportplan for tidsrommet 2014 til 2023. Denne planen skal vera ferdig neste år.

Trafikkulukker

– Regjeringa kan ikkje lukkast med dette aleine. Me må dra i lag. Fem prosent av dagens godstransport på veg kan flyttast over til skip og bane. Det utgjer 15 millionar tonn gods, seier kystministeren.

Ho legg til at meir transport av gods på sjø gjer vegane meir framkommelege, skapar færre trafikkulukker og betrar samtidig miljø og klima.

Fånyttes aleine

Statsråd Berg-Hansen lanserte regjeringa sin plan saman med nærings- og skipsfartsminister Trond Giske i Haugesund i går. Giske peika på at Norge kan aldri byggja vegar som heilt fjernar aukande bilkøar på land utan at me samtidig tar i bruk sjøen som transportveg i langt større grad.

Sjefen for godstransportselskapet Nor Lines i Stavanger, Toralf Ekrheim, helsar regjeringa sitt initiativ med glede.

- Eg håpar dette tyder slutten på prat og festtalar og at initiativet kan gi konkrete resultat, seier Ekrheim.

Han hevdar at det kan vera mogeleg å overføra så mykje som ein fjerdedel av godstrafikken på veg over til sjø.

Positivt omdømme

Trailerar langs vegane skal ta seg av last som må raskt fram, som til dømes fersk fisk. Skip kan ta seg av transporten av gods som ikkje må raskt fram. Ekrheim legg til at sjøvegen vil kunne gi næringslivet rimelegare transport, lågare vedlikehaldskostnader på vegane og samtidig skapa meir aktivitet i maritim industri langs kysten.

– Miljøvennleg varetransport vil også kunne skapa positivt omdømme til bedrifter som nyttar denne kystvegen, seier Ekrheim.

Straffar miljøtiltak

Nor Lines har tinga to nye skip som skal nyttast i godstransporten langs kysten. Dei to nybygga skal begge ha gassdrivne motorar.

– Dette gjer sjøtransporten enda meir miljøvennleg. Men dersom fleire nye godsskip skal ta i bruk naturgass som drivstoff, må styresmaktene endra avgiftssystemet, seier Ekrheim.

Han viser til at i dag får miljøvennlege gasskip tre gonger så høge avgifter som tradisjonelle skip fordi drivstofftankane i eit gasskip tar større plass om bord.

Følg oss på Twitter.com/AenergiNO

Gå til forsiden av Aenergi.no

Les også

Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.

Kommentarer

Debatten vil bli forhåndsmoderert

Nor Lines

Type selskap: Reiarlag som driv godsskip i rute langs Norskekysten og til og frå hamner i Nord Europa.

Flåte: 11 skip som er bygde i tidsrommet 1979 - 1986.

Hamner: Nor Lines er innom 40 ulik

Nybygg: Har bestilt to nye skip som er 120 meter lange og 21 meter breie gassdrivne godsskip. Kvart skip kan romma 200 vogntoglass. Dagens skip er berre halvparten så store.

Gasskipa blir levert: I oktober 2013 og januar 2014. Selskapet har dessutan opsjon på bygging av to skip til ved eit kinesisk verft.

Olje og gass

Oljeservice

Fornybar energi

Klima og miljø

  • Full klimakrangel i Bonn

    Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.

Meninger

På forsiden nå

fuelfix_energi

barentsobserver_energi

calgaryherald_energi

nytimes_energi

jp_energi