-
Her blir straumkabelen til Valhall lagt frå Lista. Eit klimafond med milliardinntekter frå auka CO2-avgift kan både finansiera klimatiltak for fastlandsindustrien og oljeindustrien, meiner blant andre SV, Senterpartiet og miljøorganisasjonen Zero.
SV: Høgare CO2-avgift til klima-tiltak
Eit klimafond finansiert av auka CO2-avgift for oljeindustrien er eit kjernepunkt i diskusjonane om den kommande klimameldinga. Etter det Aftenbladet erfarer, er SV og Sp i prinsippet for, medan Ap er meir delt i synet på eit slikt fond.
AV: turid furdal
– Det er ingen grunn til at oljeindustrien slepp billegare unna enn ein vanleg bilist, seier SV sin miljøpolitiske talsmann Snorre Valen.
Regjeringa har lova at klimameldinga skal komma i løpet av 2012, etter fleire utsetjingar. Fleire sentralt plasserte kjelder i SV sa torsdag at det er viktigare at meldinga blir god enn at denne skal komma raskt.
Les også
Dyrt eller upopulært?
Om kutta skal skje ute eller heime, er ein av dei store diskusjonane internt i regjeringa. Aftenposten skreiv sist veke at Finansdepartementet framleis står beinhardt på sitt: Dei meiner det blir for dyrt å ta to tredelar av utsleppskutta på heimebane slik det vart bestemt i klimaforliket.
I tillegg går klimadiskusjonen mellom regjeringspartia friskt rundt moglege nasjonale tiltak. For tiltaka som monnar er anten dyre eller upopulære. Eller begge deler.
Ikkje nokon sektor ønskjer å bli sitjande igjen med rekninga. Samtidig trengst det kutt over heile fjøla for å nå måla. Dersom kutta skal skje innanlands, kjem ikkje regjeringa utanom oljeindustrien, fastlandsindustrien eller transportsektoren som til saman står for rundt 70 prosent av CO2-utsleppa.
Vil auka CO2-avgifta
Om Norge skal redusera utsleppa berre ved å kjøpa kvotar, vil norsk industri hamna i bakevja, meiner SV. Etter det Aftenbladet erfarer, vil partiet auka CO2-avgifta på sokkelen for å oppretta eit klimatiltaksfond. Dei argumenterer med at fastlandsindustrien treng å omstilla seg og vera i fremste rekke på miljøvenleg teknologi.
– Eg skjønnar at Finansdepartementet får vondt i hjarta sitt av ein sånn idé, men me må få på plass løysingar. Me er for eit fond fordi me veit at det funkar, seier Snorre Valen og viser til Nox-fondet. Han legg til at partiet er fleksibelt og pragmatisk når det gjeld korleis eit klimafond skal innrettast.
SV og Senterpartiet har vedtak frå landsstyre og landsmøte om å oppretta eit klimafond med inntekter frå auka CO2-avgift på norsk sokkel.
Zero: Kutt vil kosta
– Oljeindustrien har sluppe for lett unna, seier politisk rådgjevar Kari Elisabeth Kaski i miljøorganisasjonen Zero.
– Sidan 1990 har utsleppa frå olje- og gassverksemda auka med 80 prosent, medan fastlandsindustrien har redusert sine utslepp med 30 prosent, seier ho. Zero har i fleire år jobba hardt for oppretting av eit klimafond.
Organisasjonen sitt forslag går ut på å auka CO2-avgifta frå dagens 200 kroner tonnet til 800 kroner tonnet. Slik kan eit norsk klimafond ifølgje Zero få tilført 10-12 milliardar kroner årleg. Organisasjonen foreslår at pengane skal gå som investeringsstøtte til fastlandsindustrien og oljeindustrien for å få realisert tiltak med høg kostnad.
– CO2-avgifta på norsk sokkel er blitt halvert sidan 1998. Riksrevisjonen slo i 2010 fast at dagens nivå på avgifta har stadig mindre effekt på CO2-utsleppa, seier Kaski. Ho legg til at det vart gjennomført viktige tiltak som reduserte utsleppa då avgifta kom, men at dei siste ti åra har vore eit kvileskjer.
Treng kutt ute og heime
Statssekretær Kjetil Lund (Ap) i Finansdepartementet ønskjer ikkje å kommentera klimameldinga direkte, men seier at det ikkje er snakk om enten eller, men både og. Det trengs både nasjonale og internasjonale klimakutt, seier han.
Følg oss på Twitter.com/AenergiNO
Les også
Kjære debattant, vi vil gjerne ha engasjement, argumenter og dine synspunkter på sakene vi skriver om.
Hos Aftenbladet må du identifisere deg med fullt navn. Vi er sikre på at det gjør debatten mer åpen og interessant. Trusler, trakassering og hatske meldinger får ikke plass hos oss. Falske navn og profiler blir utestengt. Aftenbladet har mange lesere, husk det når du skriver. Les debattreglene. Vennlig hilsen Aftenbladet.Utsett: Regjeringa skal i år leggja fram klimameldinga. Meldinga er før utsett fleire gonger.
Nasjonalt: Klimagassutsleppa skal kuttast med 15-17 millionar tonn innan 2020. To tredeler av klimakutta skal skje innanlands.
Moglege tiltak: Klimafond, elektrifisering av norsk sokkel (nye felt og evt. nokre eksisterande), omleggingar i transportsektoren, energieffektivisering i husstandar og industri, CO2-fangst og lagring, bio-energi.
Olje og gass
-
Britene støtter Olje-Ola
Den britiske energiministeren Charles Hendry støtter energiminister Ola Borten Moe i kampen mot EUs forslag om en felles lov for sikkerhet offshore.
-
Tidligpensjon er hovedkamp
Når sokkelarbeiderne møter oljeselskapene i tariffoppgjør, står kampen for tidligpensjon helt sentralt.
Oljeservice
-
Statoil gir borekontrakter verdt 30 milliarder
På Statoils arbeidsliste står boring av brønner, plugging av gamle brønner, brønnoverhaling og vedlikehold på 18 plattformer. De som får jobben er KCA Deutag, Odfjell Drilling og Archer.
-
Meir opphogging i Vats
AF Gruppen har fått kontrakt med Gassco om riving og opphogging av stigerøyrsplattforma B-11. Oppdeling og gjenvinning vil skje ved AF sin base på Raunes i Vats.
Fornybar energi
-
Lyse endrer strømavtalen din
Fra 1. juni får du som 85.000 andre, en helt ny strømavtale hvis du er kunde hos Lyse. Framover skal du betale innkjøpspris for strømmen pluss et fast påslag på 45 kroner i måneden.
-
Strømløst på Tasta
Det ble en mørk 17.mai-ettermiddag på deler av Tasta.
Klima og miljø
-
Full klimakrangel i Bonn
Ei veke uti klimaforhandlingane i Bonn er ikkje partane eingong einige om møteplanen. Utviklingsland med Kina i spissen krev at rike land skal heva klima-ambisjonane. Eit anna viktig tema er korleis rike land skal rekna om klimamåla for 2020 til utsleppsmål for kvart enkelt år.
-
India gir Norge kamp om klimatoppverv
Nordmannen Harald Dovland har fått hard kamp om vervet som leder for arbeidsgruppen som skal jobbe for å få på plass en ny og juridisk bindende klimaavtale innen 2015.
Kommentarer